Hopp til innhald

SYKH200 Sjukepleie ved akutt, kronisk og kritisk sjukdom

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innhald i emnet omfattar sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke pasientar med medisinske, kirurgiske og/eller psykiske sjukdommar. Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing om helseutfordringar og behandlingsforløp med særskilt fokus på sjukepleiar sin behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon.

Emnet dekker i tillegg følgande tema:

  • sjukepleie i det korte møte
  • behandlingsforløp (pasientforløp)
  • utviklingspsykologi - barn og unge si normale utvikling og særeigne behov
  • barn og unge på sjukehus
  • pårørande - barn som pårørande
  • tverrprofesjonelt samarbeid
  • risikofaktorar, informasjonstryggleik og kvalitetsindikatorar
  • organisasjon og leiing
  • gjeldande lovverk og relevante offentlege dokument
  • sosiologiske perspektiv på sjukdom, ulikskap i helsetenester, roller og makt
  • Pre-, per-, og postoperativ sjukepleie

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om sjukepleiaren sin behandlande, rehabiliterande, og lindrande funksjon, inkludert kunnskap om palliasjon
  • har brei kunnskap om personsentrert sjukepleie
  • har brei kunnskap om kommunikasjon
  • har kunnskap om barn og unge si normale utvikling og særeigne behov
  • har kunnskap om barn og unge sine rettar både som pasient og pårørande
  • har kunnskap om leiing og organisering av spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor spesialisthelsetenesta
  • har kunnskap om risikofaktorar i spesialisthelsetenesta og prinsipp og tiltak for å redusere pasientskader
  • har kunnskap om helse- og sosialpolitikk, inkludert gjeldande myndigheitskrav
  • har kunnskap om kva tyding kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing og likeverdige tenester
  • har brei kunnskap om psykisk helse

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar
  • kjenner til kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Emne SYK100, SYK120P og obligatoriske læringsaktiviteter i SYK140

Tilrådde forkunnskapar

Emne SYK110 og SYK130

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1.80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) knytt til deleksamen 1, omfang kjem fram av timeplan.

2. 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) knytt til deleksamen 2, omfang kjem fram av timeplan.

3. Eit individuelt skriftleg arbeid, inntil 1500 ord

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Eksamen består av to delar som begge må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Del 1:

Individuell munnleg eksamen knytt til medisinske og kirurgiske tema, 45 min (30 min utspørjing, 15 min førebuing). Vekting 70%

Del 2:

Skriftleg skuleeksamen knytt til tema sjukepleie ved psykisk sjukdom og liding, varigheit 3 timar. Vekting 30%

Vurderingsuttrykk:

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar, og F er ikkje bestått

Ny eksamen:

Ved ikkje bestått eksamen, må den delen som ikkje er bestått takast på nytt.

Ny eksamen vert gjennomført på same måte som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel