VOØ001 Prosjektleiing
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Kurset har som mål å gi kandidatane grundig kjennskap til sentrale kunnskapsområde innan prosjektfaget. Kurset er utforma for å styrke kandidatane sin forståing, kompetanse og ferdigheiter innan utvikling, organisering og leiing av reelle prosjekt.
Kandidatane vil få ei innføring i ulike fasar av prosjekt, styring, organisering og leiing, samt teamarbeid. Det vil være ein balanse mellom teoretisk opplæring og introduksjon til omgrep, metodar og verktøy, i tillegg til praktiske utfordringar som oppmodar til samarbeid, kreativitet og ein løysingsorientert tilnærming.
Gjennom bruk av teori, verktøy og metodar vil kandidatane utvikle ferdigheiter innan prosjektleiing. Det vert lagt vekt på at kandidatane skal vere i stand til å diskutere og reflektere på eit fagleg nivå. I tillegg skal kandidatane kunne utvikle og reflektere over eigne ferdigheiter innan teamarbeid, i tillegg til å øve seg på munnlege presentasjonar.
Læringsutbytte
Kandidaten vil etter å ha gjennomført og bestått kurset inneha:
Kunnskap om:
- Prosjekters betydning, verdiskaping og prosjektsuksess
- Prosjektdefinering, samt val av gjennomføringsstrategi og planlegging
- Prosjektstyring og -organisering
- Leiing i prosjekter, samt team og teamutvikling
- Handtering av usikkerheit, inkludert identifisering, analyse, prioritering og utvikling av tiltak for å handtere usikkerhetsfaktorar
- Interessentar og handtering av interessentar
- Læring og innovasjon i prosjekt, samt berekraft og etikk i prosjektarbeid
- Avslutning av prosjekt
Ferdigheiter:
- Skildre teoriar og modellar for prosjektleiing og anvende desse i praksis
- Velje ut og anvende relevante analysar og modellar for eit gitt prosjekt
- Formidle relevant fagleg kunnskap til ulike interessentar, både skriftleg, munnleg og visuelt, inkludert utforming av plan-dokument og rapportar
- Reflektere over eigen fagleg utøving
Generell kompetanse:
- Samarbeide i team for å skape eit felles produkt
- Kritisk refleksjon over eigen fagleg utøving og utvikling
- Utveksle og formidle synspunkt og erfaringar med andre innanfor prosjektarbeid for å bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, gruppearbeid, deltakarpresentasjonar, diskusjonar og praktiske øvingar. Kurset er organisert som helgesamlingar, supplert med teamarbeid, inkludert arbeidsoppgåver mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre obligatoriske arbeidskrav i emnet. Desse blir gjort tilgjengelege på læringsplattformen. Alle arbeidskrav må gjennomførast i team. Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen; dei blir vurderte som bestått/ikkje bestått og er berre gyldige for inneverande og påfølgjande semester.
Kurset er modulbasert med 3 helgesamlingar. Det tillatast maksimalt 20 % udokoumentert fråver.
Vurderingsform
Gruppebasert skriftleg semesteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Semesteroppgåva blir vurdert separat før den justerande munnlege eksamenen. Karakteren på semesteroppgåva kan justerast opp eller ned med éin karakter etter munnleg eksamen. Karakteren på den justerande munnlege eksamenen blir sluttkarakteren.
Karakteren etter munnleg eksamen kan setjast individuelt for kvart gruppemedlem. Karakterskalaen er A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Sluttkarakteren i emnet tilsvarar karakteren gitt ved den justerande munnlege eksamenen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne, med følgjande avgrensingar:
- Kandidatane må krysse av sjølverklæring i WiseFlow før innlevering. Ved å krysse av for sjølverklæring, stadfestar kandidaten at vedkomande er kjend med forskrift for studium og eksamen og retningslinjene for handtering av fusk ved HVL.
Kandidatane må referere til og opplyse om eventuell bruk av kunstig intelligens (KI). Semesteroppgåva skal vere skriven av kandidatane som leverer oppgåva, ikkje av KI, dette vil bli rekna som fusk. KI kan likevel nyttast som støtte i skriveprosessar, som ein samtalepartnar og liknande. Sjå spesielt kapitla «Om å skrive og referere» og «Kunstig intelligens» på sida innleveringar av heimeeksamen og oppgåver.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØAA117 - Praktisk prosjektleiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng