Hopp til innhald

DAT259 Utvalde emne i programvareutvikling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg aktuelle tema innan programvareutvikling eller nært nærskylde tema.

Pensum skal vere på same nivå som for vidarekomne emne. Det skal ikkje fokusera spesifikt og berre på masteroppgåva eller være direkte teknisk støtte eller nødvendig litteratur for oppgåva.

Pensum må godkjennast av programstyret for fellesgraden i programvareutvikling før emnet er tilbydd.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten...

Kunnskap

  • har kunnskap om konsepta, metodar og teknologiplattformer i temaa som dekkes av spesialpensumet.
  • kan forklare utviklinga i det vitskapelege området og i ingeniørmetodar i temaa som dekkes spesialpensumet.

Ferdigheiter

  • kan planlegge og sjølvstendig gjennomføre anvendt forskingsarbeid eller praktiske prosjekter innan temaa som dekkes av spesialpensumet
  • kan gjennomføre forskingsarbeid og relatere det til etablert kunnskap i temaa som dekkes av spesialpensumet
  • kan bruke vitskaplege metodar for å vurdere, evaluere og samanlikne programvareverktøy og -rammeverk som er aktuelle innan temaa som dekkes av spesialpensumet

Generell kompetanse

  • kan delta i diskusjonar, praktiske prosjekter og forskingssamarbeid innan temaa som dekkes av spesialpensumet

Krav til forkunnskapar

Generelle opptakskrav for fellesgraden i programvareutvikling.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstudium under rettleiing, beståande av litteraturstudiar og eventuelt også prosjektarbeid. Litteraturen veljast av rettleiar. Emnet har en forventa arbeidsmengde på rundt 270 timar.

Obligatorisk læringsaktivitet

3 obligatoriske oppgåver som skal leverast på gitte fristar. Oppgåvene er gyldig i 2 semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Deleksamen med to delar:

  1. Munnleg eksamen, teller 70% av endeleg karakter. Varighet: 30 min.
  2. Semesteroppgåve teller 30% av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen tas opp att åleine.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Munnleg: Ingen hjelpemiddel

Rapport: Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel