FØS8140 Innføring i havvind
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei brei og grunnleggjande innføring i ulike perspektiv knytt til havvindsnæringen. Studentane får ein introduksjon til tekniske, finansielle og økonomiske, samfunnsmessige, miljømessige og organisatoriske aspekt knytt til havvind (særleg flytande havvind). Kurset gir ei oversikt over energi, fornybar energi og korleis flytande havvindparkar er bygd opp og fungerer. Flytande havvind er ein framveksande industri i Noreg innanfor ein kompleks røyndom prega av mange aktørar, uvisse og stadige endringar. Oversikt over aktørar i verdikjeda og samarbeidsformer er ein sentral del av emnet saman med usikkerheitshandtering, læring og innovasjon. Det blir innblikk i ulike aktørars verksemd og rollar, og fokus på Haugalandet som region knytt til Utsira-Nord prosjektet.
Emnet blir gjennomført i eit tett samarbeid mellom HVL og aktørar i næringa med forelesarar både frå akademia og praksisfeltet. Oversikt over innhald:
- Historikk, grøn omstilling og berekraft
- Fornybar energi og vindkraft
- Vindturbinteknologi og havvindparkar
- Operasjoner knytt til flytande havvind
- Konsesjonsprosess og Utsira-Nord-prosjektet
- Aktører og ulike roller i verdikjeda
- Samarbeidsformer og kontraktsstrukturar
- Regelverk, internkontroll og usikkerheitsstyring
- Læring og innovasjon
- Økonomisk, sosial og miljømessig berekraft
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskap:
Ved fullført emne har kandidaten brei, generell kunnskap om industrien og verdikjeda knytt til flytande havvind.
Studenten:
- vil kjenna til relevante omgrep i bransjen, og dessutan aktuelle teoriar og problemstillingar.
- har innsikt i dei ulike ledda i forsyningskjeda og kva aktørar som er involverte
- kjenner til grunnleggjande omgrep innan energiproduksjon, og har overordna innsikt i kva komponentar som inngår i ein havvindpark.
Ferdigheiter:
Ved fullført emne kan studenten
- Greie ut om sentrale usikkerheitsmoment og på ein balansert måte forklara fordelar og ulemper ved havvind i eit berekraftsperspektiv.
- Beskriva og vurdera effektar av havvindutbygging som eit bidrag mot ein fornybar energimiks
- Beskriva og vurdera interessentbilete, verdikjeda og samarbeidsformer
- Kunne greie ut om samfunnsnytte, risikoelement, samfunnsøkonomi og konfliktar knytt til havvind
Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan knyta innhaldet i kurset til utviklingsarbeid inn mot havvind i eigen organisasjon.
- Kan på ein kritisk og kunnskapsbasert måte kommunisera med interessentar om prosjekt, teknologi og utfordringar ved havvind
- Har ei overordna forståing av verdikjeda til ei utbygging av havvind og av livssyklusen til eit havvindprosjekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Fire fysiske samlingar. Samlinga består av dialogbaserte forelesingar og arbeid i grupper. I tillegg eigenstudiar og arbeid med prosjektoppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av prosjektskisse
Vurderingsform
Individuell prosjektoppgåve
Bestått/ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillat
Meir om hjelpemiddel