FOF801 Fest og faste: Høgtidsmarkering i eit livssynsope samfunn
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Kven hugsar ikkje Lucia-toget frå barnehagen? Og veit du at barnehagane i Noreg oppretthaldar ein fleire tusen år gamal tradisjon, nemleg karnevalet? Barnehagar har i årevis vore ein sentral aktør for å markere ulike høgtider i Noreg, men i overgangen frå ein kristen stat til eit meir livssynsope mandat, så krevjast det fleire og betre grunngjevnader for korleis ein nyttar høgtidsmarkeringar i barnehagen. Eid, Pride, Samanes nasjonaldag er alle markeringar som får større merksemd, men som også fører til meir polarisering omkring høgtider, også i barnehagen. Dette emnet tek sikte på å gje nye innsikter i korleis ein kan blande gamle tradisjonar, samstundes som at nye markeringar også finn sin plass. Med eit heilskapleg opplegg med gode grunngjevnader kan barnehagen skreddarsy eit eige opplegg som famnar ulike aspekt, som kulturarv, identitet, fellesskap og tilhøyrsel.
Emnet er knytt til følgjande tre område som bygger på nasjonal og internasjonal forsking:
- Korleis ulike høgtider utspelar seg i samfunnet og hos religiøse grupper og individ, båe nasjonalt og internasjonalt
- Korleis høgtidsmarkering kan ta form i barnehagesektoren, for å skape eit heilskapleg pedagogisk opplegg for alle borna
- Kjenne til korleis forhaldet mellom religion og stat påverkar rammene for høgtidsmarkering i barnehage
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis høgtider påverkar individ, institusjonar og samfunn på ulike vis
- har kunnskap om ulike formar for høgtidsmarkeringar, og korleis dei kan ta form i ein barnehagekvardag
- har kunnskap om korleis barnehagesektoren kan nytte høgtidsmarkeringar i eit heilskapleg opplegg gjennom året
- har kunnskap om sekularisering og sekularisme, og korleis statlege rammar og føresetnader påverkar det pedagogiske arbeidet med høgtidsmarkeringar i barnehagesektoren
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere omkring høgtider sine etiske problemstillingar, og etiske problemstillingar ved å markere høgtider i barnehagesektoren
- kan grunngje eit heilskapleg opplegg for høgtider gjennom året i barnehagen
- kan identifisere og reflektere rundt ulike maktforhold i høgtidsmarkeringar i barnehagen
- kan sjølvstendig og i lag med andre analysere og identifisere ulike typar høgtidsmarkeringar, og korleis ein kan nytte dei i praktiske døme i barnehagen
- kan planleggje og setje i gang høgtidsmarkeringar i barnehagen, på ulike alderstrinn
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og vurdere ulike formar for høgtider
- kan reflektere over høgtider, fellesskap, utanforskap og vanleggjering
- er kritisk reflekterande til eigne verdiar, normer og handlingspraksis
- kan vidareutvikle markeringar av høgtider opp mot ulike målgrupper
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga i emnet kan bestå av førelesingar, seminar, gruppediskusjonar og andre obligatoriske og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:
- Godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%, knytt til synkron undervisning på nett.
- Individuell oppgåve knytt til årsplanarbeid omkring høgtidsmarkering i eigen barnehage, inkludert presentasjon og rettleiing i gruppe.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, gjennomført digitalt.
Om lag 15 minutt.
Karakterskala: A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillaten
Meir om hjelpemiddel