Hopp til innhald

PUS800 Praktisk ungdomssosiologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette kurset vil du få ei innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar og korleis bruke kunnskap om desse i praksis. Ungdomssosiologi er eit innhaldsrikt felt, og kurset tek sikte på å orientere om breidda og variasjonen i tema og problemstillingar i faget. Koplinga mellom ungdomsforsking, ungdomsarbeid og ungdoms kvardagsliv vil vere sentral. Du vil lære om trendar og utviklingstrekk kring sentrale sosialiseringsinstitusjonar, ungdomsroller og identitetar, og korleis desse endringane påverkar ungdoms vilkår for samfunnsdeltaking. Undervisninga vil vere bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført kurs har studentane:

  • Kunnskap om oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn
  • Kunnskap om sentrale spørsmål i ungdomssosiologi og kva for ulike former for nytteverdi ungdomsforsking har i dag

Ferdigheiter

Etter fullført kurs kan studentane:

  • Orientere seg i relevant ungdomssosiologisk faglitteratur
  • Reflektere over korleis kunnskap om ungdom blir nytta til å setje ungdoms kvardagsliv inn i ein større samanheng, og til å auke forståinga i ungdomsarbeid

Generell kompetanse

Etter fullført kurs kan studentane:

  • Utveksle synspunkt på og erfaringar med ungdomssosiologiske spørsmål og problemstillingar, og korleis involvere kunnskap om desse i praksis
  • Planleggje og gjennomføre formidling av sentrale tema i ungdomssosiologien

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Digitale og fysiske samlingar, gruppearbeid og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er:

  1. Deltaking på to fysiske samlingar og deltaking i gruppepresentasjonar
  2. Eit individuelt refleksjonsnotat (2000 ord, greidd / ikkje greidd)

Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsett frist og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Todelt munnleg eksamen (digital, 20 min)

1. Munnleg presentasjon etter oppgitt oppgåvetekst.

2. Overhøyring i pensum.

Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter. Oppgåveteksten vert delt ut på siste nettsamling.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel