RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir ein introduksjon til fleire teoretiske perspektiv på rus og rusmiddel. Samfunnsvitskaplege tilnærmingar utgjer grunnlaget for emnet, men også psykologisk og biomedisinsk kunnskap blir omhandla, ikkje minst i ei problematisering av korleis desse ulike tilnærmingane står i høve til kvarandre.

Forståinga av rus og rusproblematikk er prega av ulikt syn på røyndom og kunnskap innafor feltet, og emnet skal gi studentane bakgrunn for å identifisere ulike grunnhaldningar. Studentane kan med det kartleggje kunnskapsfeltet, både innafor faga og innafor den politiske diskusjonen. Lov- og regelverk i høve til rus og rusproblematikk, i tillegg til forsking innanfor feltet, kan plasserast i ein historisk og kulturell kontekst. Emnet gir studentane kunnskap om perspektiva som er sentrale i forsking og i praktisk arbeid med rusrelaterte vanskar, men prøvar også å tematisere særskilt dei teoretiske spenningane som finst i feltet. Rusmiddelbruk og rusvanskar vert undersøkt som sosiale, kulturelle og kroppslege fenomen, og både psykologiske, sosiologiske og fysiologiske perspektiv er dermed er relevante. Emnet har som mål å tematisere ¿samhandling¿ gjennom å føre saman og diskutere desse ulike teoretiske innfallsvinklane mot kvarandre. Rusmiddelbruken vert også diskutert utifrå eit folkehelseperspektiv og sett i samanheng med rusførebyggjande strategiar.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Etter fullført emne har studenten

  • avansert kunnskap om rusmiddelbruk som eit kroppsleg, sosialt og kulturelt fenomen
  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv på rus
  • inngåande kunnskap om rusmiddelbruk og rusrelaterte vanskar på individ og samfunnsnivå

FERDIGHEITER

Etter fullført emne kan studenten

  • analysere eiga praktisk erfaring og empirisk kunnskap i lys av ulike teoretiske tilnærmingar
  • relatere ulike teoriar om rusvanskar til kvarandre og gjere dei relevante i forhold til problemstillingar henta frå praksis eller empirisk forsking

GENERELL KOMPETANSE

Etter fullført emne kan studenten

  • anvende relevante teoretiske perspektiv på rusmiddelbruk
  • formidle og diskutere rusfaglege problemstillingar, særleg med grunnlag i sosialfaglege og samfunnsvitskaplege tilnærmingar

Krav til forkunnskapar

Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, rettleiing og sjølvstudium.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen på 10 sider (2 veker) med munnleg høyring. Individuell eksamen. Bokstavkarakter.

Sensorane kan stille spørsmål om oppgåva og frå resterande delar av pensum.

Heimeoppgåva skal vere sensurert med ein førebels greidd karakter før ein kan gå opp til munnleg høyring.

Ved ny eksamen/kontinuasjon arbeider ein vidare med opphavleg problemstilling. Ved forsøk på forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel