Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk årsstudium, nettstudium

Hausten 2024

Studieprogrammet gir omfattande kunnskap om engelsk språk, litteratur og kultur frå ulike engelsktalande land. Studiet gir innsikt i fleire litterære sjangrar i tillegg til andre kulturuttrykk, og fokuserer på relevante historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking. Videre inkluderer studiet emne i engelsk grammatikk, fonetikk, fonologi og historia til det engelske språket. Gjennom studiet får studentane praktisere munnlege og skriftlege ferdigheiter, inkludert akademisk skriving. Studiet er nettbasert.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Tilrådde forskunnskapar: Gode engelskkunnskapar frå vidaregåande skule.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • engelskspråkleg litteratur og andre kulturutrykk frå ulike delar av verda, med historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
  • litterære sjangrar og verkemiddel, i tillegg til visuelle og multimodale meiningsuttrykk
  • engelsk grammatikk og fonetikk
  • historia til det engelske språket og varietetar av engelsk

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne

  • analysere litterære tekster og andre kulturutrykk ved å bruke kunnskap om sjangrar, litterære verkemiddel og andre meiningsuttrykk, og plassere og diskutere historiske og sosiale kontekstar for produksjon og mottaking
  • analysere engelsk språkbruk og bruke grammatisk og fonetisk terminologi
  • nytte engelsk munnleg og skriftleg tilpassa tema, kontekst og mottakar, inkludert akademiske tekstar

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne

  • kommunisere godt munnleg og skriftleg på engelsk tilpassa tema, kontekst og mottakar, inkludert akademiske tekstar
  • planlegge og utføre individuelle oppgåver i tråd med akademiske krav og prinsipp

Innhald

Studieprogrammet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng

  • ENG501: Introduksjon til engelsk lingvistikk
  • ENG601: Introduksjon til engelskspråkleg litteratur, historie og kultur
  • ENG701: Engelsk lingvistikk 2
  • ENG801: Engelskspråkleg litteratur, historie og kultur 2

Emna vert undervist i blokker på om lag 8 veker, ENG501 og ENG601 i haustsemesteret og ENG701 og ENG801 i vårsemesteret.

Arbeidsformer

Studiet er heildigitalt. Dei fleste læringsaktivitetane er asynkrone, medan nokre økter med diskusjon, samarbeid og studentaktivitet er synkrone. Læringsaktivitetar nytta i studiet er førelesingar, digitale læringsressursar, skriftlege og munnlege oppgåver, rettleiing og studentorganiserte kollokviegrupper, i tillegg til sjølvstudium. Emnet krev at studenten arbeider systematisk med lesing og oppgåver, og deltek aktivt i læringsaktivitetar. Engelsk er både målspråket og læringsspråket, og alle læringsaktivitetar er på engelsk. Dette gir verdifull språkøving, og gjennom aktiv involvering i læringsaktivitetar vil studentane få brukt både språkkunnskapar og kunnskap om emneinnhaldet.

Vurderingsformer

Studiet har mappe som obligatoriske læringsaktivitetar. Eksamensformer i kvart emne er munnleg eksamen, oppgåve og heimeeksamen.

Organisering

Nettstudium, heiltid.