Engelsk 1 | 5.-10. trinn | nettbasert

Etter- og vidareutdanning

Få innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.

Kven er studiet for?

Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

Studiet har to emne som bygger på kvarandre, emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.

Kva lærer du?

Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Den praktiske erfaringa di vert trekt inn i videreutdanninga, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis, og skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Praktisk informasjon 

Undervisningsform og studietur

Studiet er nettbasert og består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Undervisinga er på engelsk. 

Vi nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom til kommunikasjon med deg i dette studiet. Digitale pedagogiske verktøy blir og tatt i bruk i studiet.

I studiet inngår tilbod om ei vekes tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Du må sjølv dekkje reiseutgifter, opphald og kursavgift. Dersom du ikkje kan delta, får du tilbod om eit alternativt opplegg. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/

 

 

 

Nettundervisning

Nettundervisning er tysdagar kl. 14.00 til 16.00.

Vurderingsform

  • Emne 1: Munnleg eksamen
  • Emne 2: Deleksamen - Semesteroppgåve og kunnskapsprøve

Pensum

Du får informasjon om pensum ved studiestart. 

Du finn meir informasjon i emneplanen:

To elevar i klasserommet

Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».