Studieplan - Global Knowledge
Våren 2019
Studiet er for studentar som ønsker å tileigne seg tverrkulturell kompetanse og global forståing gjennom teori og tre månadars opphald i Zambia eller anna land i Afrika. Sjå emneplan. Alle studentane må følgje Global kulturkunnskap, men veljer anten ein Fleirkulturell prosjektpraksis eller Fleirkulturell praksis. Undervisningsspråk er norsk.
Målgruppe
Global Knowledge er eit valfritt emne i bachelorstudia barnehagelærar, lærar, kroppsøving, friluftsliv, idrett, fysisk aktivitet og helse, sosialt arbeid, barnevern og vernepleie. Emnet kan også vere aktuelt for andre.
Læringsutbytte
Etter fullført studium:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om nord-sør perspektiv og global og lokal dialektikk
- har kunnskap om ulike typar samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn
- kjenne til andre menneske sine rammebetingelsar, relasjonar og kommunikasjonsmønster
- har kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar/feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke sin profesjonskompetanse/fagkompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
- kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske
- kan overføre til norske forhold fag/profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst
- kan bruke samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
- kan utveksle synspunkt på sentrale kulturelle problemstillingar i eit nord-sørperspektiv
- kan reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
- har innsikt i eigne og andre sine forståingshorisontar og verdssyn
Innhald
Utdanninga består av to emner. Emnet Global kulturkunnskap er obligatorisk for alle. Dette er eit teoretisk emne som førebur studentane på eit utanlandsopphald. Studentene vel i tillegg anten emnet Fleirkulturell prosjektpraksis med fire veker praksis og eit større prosjektarbeid eller emnet Fleirkulturell praksis med åtte veker praksis og eit mindre prosjektarbeid. Sjå flere detaljar i emneplanane.
Praksis
Fire eller åtte veker, avhengig av emneplan.
Arbeidsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid, rettleiing, presentasjonar og praksis. Studentane skal samle inn data til eigne prosjekt.
Vurderingsformer
Arbeidskrav
- Obligatorisk deltaking på all undervisning
- Minst ein presentasjon på engelsk før avreise
- Gjennomført og godkjent praksis (inkludert før- og etterarbeid)
- Innsamling av data til prosjekt
Sluttvurdering
Sjå emneomtale
Internasjonalisering
Tre månadars opphald i Zambia eventuelt Madagaskar eller anna afrikansk land. Sjå detaljar i emneplanane. Studentane må rekne med å betale eigenandel for reise og opphald, jfr. HVL sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter for studentar.