Norsk i grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn

Norskfaget er eit sentralt skulefag, både som dannings- og reiskapfag. Norskfaget har hovudansvaret for elevane si lese- og skriveutvikling og legg premissane for tilgang til skjønnlitteratur, sakprosa og andre tekstar som er relevante for vidare deltaking i arbeidslivet og demokratiet. Det er også eit fag med rom for estetiske erfaringar, oppleving, kreativitet og personleg utvikling.

Dersom du vel norsk som fag 2 i grunnskulelærarutdanninga di, vil du få kunnskap om språklege og litterære emne og didaktisk kunnskap. Dessutan vil du utvikle deg sjølv ved at du får skrivetrening, auka tekstkompetanse, innsikt i munnleg bruk av språket og høve til å lese og diskutere skjønnlitteratur og sakprosa. Korleis ein legg til rette for undervisning i norskfaglege emne på mellomtrinnet og ungdomstrinnet blir ein viktig del av studiet. Norsk er det faget som har størst timetal på ungdomstrinnet, og også eit høgt timetal på mellomtrinnet. For å undervise i norsk på ungdomstrinnet treng du 60 studiepoeng i faget; det er med andre ord eit sentralt fag og det er stort behov for norsklærarar.

Kva lærer du?

Norsk i GLU 5-10 er sett saman av fire modular, kvar på 15 studiepoeng. To av modulane går våren 2018, dei neste to hausten 2018. Dei to første modulane er retta mot mellomtrinnet, medan dei neste er retta mot ungdomstrinnet. Du får innsikt i språklege emne (grammatikk), lese- og skriveopplæring for elevar i alderen 10-16, språkhistorie, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar. Vidare skal du studere sakprosa og skjønnlitteratur i ulike sjangrar og munnleg bruk av språket, og du får innsikt fagdidaktiske emne. Tekstane som blir brukt i undervisninga, er henta både frå nyare og eldre tid, frå skrift og bilde, for både barn, ungdom og vaksne.

Korleis lærer du?

Mykje av læringa foregår gjennom arbeid med tekstar, både slike som er skrivne av etablerte forfattarar og elevtekstar. I tillegg skal du produsere eigne tekstar – både munnlege og skriftlege. Forelesing, gruppearbeid, diskusjonar og munnlege framføringar er blant undervisningsmåtane som blir brukt i norskfaget.

Velkommen til eitt av skulens viktigaste fag.