Hopp til innhald

MGUNO501 Norsk 3, emne 1 - Litteratur og litteraturdidaktikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde året. Emneplanen er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet er bygd rundt lesing av eit samansett tekstutval og gir studenten inngåande og avansert kunnskap om litteraturvitskap og litteraturdidaktikk. I emnet får studenten innsikt i vitskapsteori og metode knytt til litteraturvitskap og litteraturdidaktikk. Studenten får også innsikt i forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande innsikt i nasjonal og internasjonal teori om litteraturvitskap og litteraturdidaktikk
  • har avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i ulike medium frå fortid og samtid
  • har avansert kunnskap om literacy
  • har inngåande kunnskap om tekstanalyse og formidling
  • har spesialisert kunnskap om estetiske uttrykksformer i ulike medium
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det litteraturdidaktiske feltet og for profesjonsutøvinga av faget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar, og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan planleggje, tilpasse og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje den utforskande og kritiske tenkjemåten og den litterære kompetansen til eleven
  • kan formidle tekstar i ulike uttrykksformer på varierte og sjølvstendige måtar
  • kan utvikle og vurdere læringsressursar i litteraturundervisinga, og gje fagleg grunngjeven undervising i litteratur til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturundervising
  • kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

MGBNO301 Norsk 2, emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1

MGBNO401 Norsk 2, emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2

eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Studentane vert organiserte i faste seminargrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk læringsaktivitet 1: Gjennomføre ei performativ formidling av ein (1) litterær tekst for ei nærare definert målgruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet 2: Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske og metodiske perspektivet kan knytast til eit didaktisk arbeid med ein (1) litterær tekst frå pensum. Studentane skal presentere utkast til samandrag og refleksjon for kvarandre i seminargruppene. Dei skal i seminargruppene også gje munnleg tilbakemelding på to andre studentpresentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet 2 skal skrivast på nynorsk.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar.

Studentane skal skrive ein teoretisk og didaktisk drøftande fagartikkel knytt til ein eller fleire litterære tekstar frå pensum.

Omfang: 4000 ord pluss/minus 10 %.

Språk: Bokmål.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel