Hopp til innhald

Studieplan - Historie, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2020

Historie eit rikt og mangfaldig studium. Som historiestudent studerer du samfunnslivet i all si bredde: frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear, og sosiale forhold. Du vil besøke mange ulike tider og stader, og sjå hendingar i heile spennet frå eit individperspektiv til det globale fugleperspektivet.

På eit vis handlar historie om frigjering: du trer ut av din eigen situasjon i tid og rom, og prøver å forstå korleis menneske i fortida tenkte og handla, og kvifor. Ei djup historisk forståing kan gje ny meining til samtida og ny retning til eige liv. Studiet av historisk variasjon i institusjonar kan samtidig gi deg innsikt i kva som har fungert og ikkje i fortida. Då får du eit sjølvstendig grunnlag for å meine noko om kva for system og tiltak som er moglege, nødvendige eller rettvise i dag.

Med ein bachelor i historie har du mange ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar etterspør studentar som kan tenkje sjølvstendig, kritisk, heilskapleg, og langsiktig. Dei ser også etter kandidatar som kan hente inn og analysere store og komplekse informasjonsmengder og deretter samle og presentere ny kunnskap. Ikkje minst er det viktig for arbeidslivet å ha folk som forstår endringsprosessar i samfunnet og kan handtere store kulturforskjellar.

Bachelorprogrammet i historie er lagt opp slik at du kombinerer brei læring om norsk, europeisk og global historie frå dei eldste tider og fram til i dag med ulike val- og fordjupingsemne. I tillegg får du skrive ei bacheloroppgåve om eit historisk emne du er spesielt interessert i. Noko av det unike med dette studiet er at ein del av læringa dreier seg om korleis historia blir brukt i dagens samfunn. Du kan velje eit praksisopphald som ein del av utdanninga, og du får øving i formidling til ulike publikum. Dette gjer utdanninga meir arbeidslivsretta enn andre historiestudium.

Første studieår og fordjupingsåret følgjer eit obligatorisk løp, men i det valfrie studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium eller setje saman ulike emne, anten ved HVL eller ved andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands.

Kva kan du jobbe med?

Historiefagleg utdanning kan opne for mange ulike moglegheiter i arbeidslivet. Nokre døme:

  • Prosjektarbeid, rådgjeving, opplæring og saksbehandling i offentlig og privat sektor
  • Arkiv og museum
  • Media og forlag
  • Kultur, underhaldning og reiseliv
  • Politikk, organisasjonar og internasjonalt arbeid
  • Stiftingar og tenketankar
  • Strategi-, analyse-, og informasjonsarbeid i næringslivet
  • Kommunikasjon, marknadsføring og nye media
  • Sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer

Med bachelor i historie kan du søkje opptak på masterstudium i historie ved andre institusjonar. Om du har tenkt å ta master i historie, tilrår vi at du tek ex.phil og ex.fac som del av bachelorgraden sidan dette er eit krav i ein del masterutdanningar.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei realhistorisk kunnskap om norsk, europeisk, og global historie, og ei djupare forståing av einskilde historiske emne
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • har historisk kunnskap om politiske institusjonar og ideologi, krig, diplomati og rettsutvikling
  • har kjennskap til kva som kjenneteiknar norsk og europeisk historie i komparative perspektiv
  • kjenner til sentrale teoriar og metodar som vert nytta i historisk forsking, og kan nytte desse i eige, sjølvstendig arbeid
  • kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia
  • kjenner til ulike perspektiv på kjønn i historia
  • har kunnskap om historiefaget si historie og eigenart, og kva roller historia og historikaren kan ha i samfunnet
  • kan oppdatere kunnskapane sine og vurdere nytt fagstoff

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytta historiefagleg kunnskap til å orientere seg kritisk i ei stor informasjonsmengd og drøfte kompliserte årsak- og verknadssamanhengar i analytiske skriftlege framstillingar
  • kan reflektera over eiga fagleg verksemd og justere denne under fagleg rettleiing
  • kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
  • kan finne fram til, vurdere, og analysere historiske data, kjelder og litteratur og trekke sjølvstendige konklusjonar slik at det kastar lys over ei problemstilling
  • kan drøfte historiske problemstillingar og formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg
  • kan forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • kan meistre kronologi, kjeldekritikk, hermeneutikk, og andre faglege verktøy
  • kan bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere den kjeldekritisk i eigne framstillingar

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
  • har innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
  • kan planlegge og gjennomføre større prosjekt
  • kan setje seg inn i andre menneskes situasjon, på tvers av tid, stad, og kultur
  • kan nytte historisk kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
  • kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet
  • kan formidle sentralt fagstoff til ulike publikum, og utveksle synspunkt og erfaringar med andre
  • kan nytta kunnskap om historiske nyvinningar og innovasjonar til å forstå og bidra til innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn

Innhald

Dei seks obligatoriske emna fyrste i studieår tilsvarar historie årsstudium, av dei er 40 studiepoeng historie. Haustsemesteret tek til med eit innføringsemne, Danning og akademisk handverk, før to historieemne, og i vårsemesteret har ein eit statsvitskapleg emne (SA589 Politiske institusjonar) og to historieemne.

I det valfrie året (andre studieår) vel studentane andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Ved Institutt for samfunnsvitskap kan ein ta ungdomssosiologi årsstudium eller frie emne i historie, sosiologi, statsvitskap, ex.phil og ex.fac dette studieåret. Studentar som tek det valfrie studieåret ved andre institusjonar, må be om førehandsgodkjenning frå HVL. Om ein har 60 studiepoeng før ein tek til på bachelorstudiet, kan ein søkje HVL om å få dei innpassa som det valfrie året.

I fordjupingsåret (tredje studieår) tek ein i haustsemesteret fyrst eit fordjupingsemne (10 studiepoeng). Det vil variere frå semester til semester kva emne det blir tilbode undervisning og eksamen i. Deretter tek ein SA605 Historiefagleg praksis (20 studiepoeng). I staden for SA605 er det mogleg å velje eit fordjupingsemne (10 studiepoeng) og SA572 Barndommens og ungdommens historie (10 studiepoeng).

Vårsemesteret i fordjupingsåret er det tre obligatoriske emne, mellom anna bacheloroppgåva. Historieemna i fyrste studieår og fordjupingsåret utgjer til saman 100 av 120 studiepoeng.

Det valfrie året utgjer andre studieår, og fordjupingsåret utgjer tredje studieår i bachelorstudiet. Ein kan ta fordjupingsåret som andre studieår, t.d. dersom ein har 60 studiepoeng frå før som kan innpassast i studiet.

Praksis

I haustsemesteret i fordjupingsåret har studentane ein sju vekers periode i praksis. Målet med praktikantopphaldet er å gje studenten høve til å bruke og utvikle den faglege kunnskapen på ein relevant arbeidsplass, til dømes museum, arkiv, mediebedrifter, reiseliv, offentleg forvaltning og andre verksemder som driv ei eller anna for form for historieformidling. Studenten har sjølv hovudansvaret for å skaffe praksisplass (sjå emneplan for SA605 Historiefagleg praksis). Praksisperioden kan erstattast med andre emne på 20 studiepoeng.

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver, gruppeoppgåver, fordjupingsoppgåve og sjølvstudium.  Skriftlege oppgåver blir kommentert av faglærar eller medstudentar.

Campusstudentane har også tilgang til nettundervisning og digitale ressursar som vert tilbydd til nettstudentane.

Det vert ekskursjonar til arkiv og museum. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, munnleg eksamen, oppgåver av varierande storleik og bacheloroppgåve med munnleg etterprøving. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.

Internasjonalisering

Studentane ved bachelorstudiet i historie kan ta eitt eller begge semester i det valfrie året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. HVL har fleire samarbeidsavtalar for studentutveksling med universitet og høgskular i utlandet.