Historie | bachelor

Bachelor

Som historiestudent går du på oppdagingsferd i fortida, og du lærer kva som har forma dagens samfunn. Bachelor i historie gir deg viktig kunnskap om samfunnet og er etterspurt i arbeidsmarknaden. 

Kvifor studere historie?

Du studerer alle sider av samfunnet – frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear og sosiale forhold. Du skaffar deg verdfull praksis frå arbeidslivet, og du får trening i å skrive fagtekstar. Innsikt i fortida er avgjerande for å forstå kva som skjer i dag, frå dei store globale spørsmåla til lokalsamfunnet du tilhøyrar. Du vil forstå meir om kvifor menneske i fortida tenkte og handla som dei gjorde. Som bachelorstudent i historie ved HVL får du praksis på ein relevant arbeidsplass. 

Du kan ta bachelor i historie enten som nettstudium eller på campus Sogndal kor du blir ein del av eit aktivt studentmiljø og får tett kontakt med faglærarane.

I studiet lærar du blant anna:

  • om globalisering og korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, som konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • historievitskapleg metode og kjeldekunnskap og blir betre rusta til å avsløre falske nyhende
  • korleis du kan bruke og formidle historiefagleg kunnskap gjennom skriving og yrkespraksis
  • om eldre og nyare historie, norsk, europeisk og global historie og lokalhistorie

1. studieår er identisk med historie årsstudium. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Møt faglærarane og høyr dei fortelje om kva dette studiet går ut på

 

Korleis er undervisninga?

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing, munnlege presentasjonar, ekskursjonar, arbeidspraksis og øving i formidling til ulike målgrupper.

Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenking, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.

I det valfrie studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium, eller setje saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. I fordjupingsåret skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.

Praksis

Haustsemesteret i fordjupingsåret kan du ha sju vekers praksis på ein relevant arbeidsplass, der du arbeider med aktuelle historiefaglege oppgåver. Der får du nyttig erfaring frå arbeidslivet og verdfulle kontaktar på arbeidsmarknaden.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.

Kor kan du reise?

Vil du studere meir?

Du er endå betre rusta for arbeidslivet om du tek ein master. Historie bachelor kvalifiserer for opptak på historie master og somme andre masterstudium ved norske og utanlandske universitet og høgskular. Ved ein del masterstudium er det krav om ex.phil. og ex.fac. Dette kan du ta i det valfrie studieåret.

Med master kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar.

Andre utdanningar du kanskje vil like