Tre studentar som jobbar ilag med pc og bøker.

Historie | årsstudium | nettstudium

Årsstudium

Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia.

Kvifor studere historie?

Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggande spørsmål og arbeidsmåtar.

Årsstudium i historie kan du også ta som campusstudium i Sogndal, kor du blir ein del av eit aktivt studentmiljø og får tett kontakt med faglærarane.

Du lærer:

  • om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
  • om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • å kritisk vurdere historiefaglege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Møt faglærarane og høyr dei fortelje om kva dette studiet går ut på.

Korleis er undervisninga?

Oppstart hausten 2023

Skal du ta historie som nettstudium til hausten? Les informasjonskrivet til nye studentar og sjå timeplan for oppstartsuka:

  • Måndag 14. august kl. 9.15-10.15: Møt ditt studieprogram
  • Tysdag 15. august kl. 10.15-14.00: Praktisk informasjon og faglig-sosiale aktiviteter
  • Onsdag 16.august kl. 12.15-14.00: Introduksjon til studieprogram og første emne
  • Torsdag 17.august kl. 11.00-12.00: Klassens time

Alle øktene er digitale via Zoom. Du finn lenke på Canvas.

All undervisning skjer på nett, og studiet føreset at ein har datamaskin med internettilknyting, videokamera, mikrofon og vanleg programvare til skriving og kommunikasjon. Undervisninga skjer ved hjelp av læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy.

Vi har nettforelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing og øving i formidling til ulike målgrupper. Nettstudentar har også høve til å delta på førelesingar, seminar, ekskursjonar og andre undervisningsaktivtetar på dei tilsvarande campusemna i Sogndal. Campus- og nettstudentane følgjer same løp, og noko av undervisninga vil bli samordna.

Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Fem glade studenter står arm i arm utenfor campus Stord. De har alle på seg blå hettejakke med høgskolen sin logo. De er studentambassadører og står klare til å ta imot nye studenter.

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 750 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Vidare studium etter fullført utdanning

Årsstudiet i historie er heilt likt 1. studieår på bachelor i historie. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.