Studieplan - Bachelor i idrett, trening og helse
Hausten 2023
Bachelor i idrett, trening og helse er ei brei idrettsutdanning der du spesialiserer deg i éin av dei to studieretningane idrett, trening og prestasjon eller trening, fysisk aktivitet og helse. Studieprogrammet gir forskingsbasert kunnskap om verknader av ulike former for trening, og fysisk aktivitet, samt kunnskap om idretten sin eigenart og plass i samfunnet. Studiet tek òg opp samfunnsaktuelle og etiske problemstillingar knytt til trening, kropp og helse. Du tileignar deg kompetanse i å planlegge, legge til rette, leie og evaluere trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper og individ. Som student får du relevant erfaring gjennom fleire praksisperiodar. Kombinert med praktisk pedagogisk utdanning gir begge studieretningane formell undervisningskompetanse i kroppsøving.
Studieretninga idrett, trening og prestasjon passar godt for deg som vil jobbe i idretten eller studere vidare for å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket. Studiet skjer i tett samspel med den organiserte idretten i klubb, krets og forbund, og kan gje sertifisert trenarutdanning i utvalde idrettar som til dømes fotball og klatring. For studentar som er i sertifiseringsløp i ein spesifikk idrett (til dømes fotball) vil obligatorisk læringsaktivitet i ulike emne vere tilpassa spesialiseringsidretten.
Studieretninga trening, fysisk aktivitet og helse passar godt for deg som vil jobbe med trening og fysisk aktivitet i treningssenterbransjen eller innan helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande tiltak som t.d. frisklivssentralar og rehabiliteringssenter. Studiet har ein folkehelsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom livsstil og helse på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Etter endt utdanning kan en benytte tittelen Helse- og treningsfysiolog.
Studieprogrammet kvalifiserer til opptak på master i idrettsvitskap (karakterkrav C) og master i samhandling og folkehelse (karakterkrav C) og master i sosialvitskap, studieretning samfunnsarbeid og studieretning miljøterapeutisk arbeid (sjå eigne opptakskrav). Frå og med hausten 2025 er det krav om mastergrad for å søke praktisk-pedagogisk utdanning (sjå eigne opptakskrav) ved HVL. Etter fullført master kan ein kvalifisere seg vidare til opptak på doktorgradsprogram ved HVL.
Læringsutbytte
Etter fullført bachelor i idrett, trening og helse skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan idrett, trening, læring, fysisk aktivitet og folkehelse
- har brei kunnskap om å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper
- har kunnskap om idrettens historie, tradisjonar, verdiar, eigenart og plass i samfunnet
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid og kan oppdatere kunnskapen sin på sentrale område innan fagfeltet idrettsvitskap
- har brei kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og ulike typar kjelder
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge, legge til rette for og leie trening og fysisk aktivitet for ulike målgrupper og justere denne under rettleiing
- kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver
- kan gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under rettleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk
- kan meistre bruk av digitale hjelpemiddel innan fagområdet idrett
- kan delta aktivt i samskapande og nyskapande prosessar
Generell kompetanse
Kandidaten
- har evne til å framstå profesjonelt og reflektere over eigne haldningar og etisk medvit
- kan samhandle og kommunisere med individ, grupper og samfunnsaktørar innan det idrettsfaglege og folkehelsefaglege området
- kan planlegge, legge til rette for, leie og evaluere ulike former for trening og fysisk aktivitet
- kan utveksle erfaringar og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett, trening og helse
- kjenner til og kan ta del i nytenking og innovasjonsprosessar innan dei aktuelle fagområda
Innhald
Studentane vel studieretning idrett, trening og prestasjon eller studieretning trening, fysisk aktivitet og helse der einskilde emne er felles for heile studieprogrammet (totalt 60 studiepoeng), andre er spesifikke for studieretninga (totalt 90 studiepoeng) og 30 studiepoeng er valbare emne i 5. semester.
Praksis
Praksis vil gjennomførast på ulike arenaer avhengig av studieretning, til dømes innan treningssenterbransjen, i idretten, i opplæring- /oppvekstsektoren og innan helseinstitusjonar (førebygging, behandling og rehabilitering).
1. studieår
Studieretning idrett, trening og prestasjon
Punktpraksis innan idrett (20 arbeidstimar), aktivitetsleiing knytt til emnet Idrett og aktivitetslære 1
Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse
Punktpraksis innan forebygging og/eller rehabilitering (20 arbeidstimar), aktivitetsleiing knytt til emnet Trening og aktivitetslære
2. studieår
Studieretning idrett, trening og prestasjon
Punktpraksis innan offentlig, privat eller frivillig idrett (40 timar) og er knytt til emna Coaching og trenarrolla (20 timar) og Ferdigheitslæring (20 timar)
Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse
Punktpraksis (20 t) innan forebygging og/eller rehabilitering i emnet Forebyggende fysisk aktivitet.
Arbeidslivspraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering, sammanhengande praksis i fire veker.
Arbeidslivspraksis på treningssenterpraksis med arbeidsmengde tilsvarande to veker.
Arbeidslivspraksis er knytt til emnet Helsepedagogikk.
3. studieår
Studieretning idrett, trening og prestasjon
Organisasjonspraksis i relevante idrettsorganisasjonar (frivillig eller profesjonell) tilsvarande to arbeidsveker. Praksisperioden kan bli organisert over to veker eller etter avtale med emneansvarleg gå over ein lengre periode. Praksisen er knytt til emnet Sport, kultur og leiing
Studieretning trening, fysisk aktivitet og helse
Praksisperiode på to veker skal gjennomførast ved ein praksisplass som er fagleg relevant innan trening, fysisk aktivitet og helse. Studentane må sjølve finne seg praksisplass. Praksisen er knytt til emnet Aktivitetsmedisin.
Arbeidsformer
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Det vil vere praktisk undervisning i større og mindre grupper utandørs, i treningssal og i treningsstudio. Studentane vil få erfaring med ulike typar laboratoriearbeid relevant for testing av fysisk yteevne og helse. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
I studieprogrammet vert det nytta ulike obligatoriske læringsaktivitetar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.
Vurderingsformer
Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgande evalueringsformer vert nytta: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, skriftleg oppgåve i gruppe og skriftleg bacheloroppgåve i gruppe.
Krav til studieprogresjon
Det er krav om minimum 90 fullførte studiepoeng frå bachelor i idrett, trening og helse eller tilsvarande for å kunne ta emnet Forskingsmetode og bacheloroppgåve
Internasjonalisering
Det er høve til studieopphald i utlandet i 5. semester. HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Nord-Amerika, Australia, Europa og i Norden.