Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, Elektro Y-veg

Hausten 2017

Studiet er 3-årig, blir undervist deltid over 4,5 år og kvalifiserer til ein Bachelorgrad.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

 

Kunnskap:

  • Kandidaten har brei kunnskap som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap om elektriske og magnetiske felt, brei kunnskap om elektriske komponentar, krinsar og system.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap ¿ inkludert elektromagnetisme ¿ og relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i elektrofagleg problemløysing.
  • Kandidaten har kunnskap om teknologiens historie og utvikling med vekt på elktroteknologi, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagområde, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innan elektrofaget.
  • Kandidaten kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

  

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan elektrofaget og grunngje vala sine.
  • Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeida i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finna, vurdera, nytta og visa til informasjon og fagstoff og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av bærekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.

  

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan fagområdet sitt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan formidla elektrofagleg kunnskap både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk til ulike målgrupper og kan bidra til å synleggjera teknologiens verdi og konsekvensar.
  • Kandidaten kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfaglig samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

 

Internasjonalisering

HVL legg til rette for at alle studentar skal kunne ta 1-2 semester av utdanninga si utanfor Noreg sine grenser. Det er fleire avtalar innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Du kan lese meir om HSH sitt utvekslingstilbod her.