Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
• Bachelorgrad i ingeniørfag, eller tilsvarende utdanning som oppfyller kravene i forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning. Krav til innhold i graden:
o minst 25 studiepoeng i matematikk
o minst 5 studiepoeng i statistikk
o minst 7,5 studiepoeng i fysikk
• snittkarakter i opptaksgrunnlaget på minimum C
Slik søker du:
- Logg inn i SøknadsWeb.
- Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
- Velg «Ingeniør, maritim og klima».
- Trykk på «Søk» under «Videreutdanning høst 2025».
- Velg studiet du vil søke på fra lista (se søknadskode over).
- Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
- Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.
Søknadskode i Søknadsweb
6785
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere branntiltak?
Dette kurset gjev deg ferdigheiter og kunnskap som skal redusere brannrisiko og sikre liv og eigedom. Det opnar opp for varierte karrieremoglegheiter på tvers av ulike bransjar, og let deg spele ei viktig rolle i å styrke samfunnssikkerheita.
Kva lærer du?
Du vil lære å bruke eksisterande kunnskap om branndynamikk for å utarbeide gode tiltak mot brann. Kurset dekker dei samfunnsmessige konsekvensane av brannar, historiske hendingar som har forma regelverket, casestudium, strategiar for branntiltak, modelleringsteknikkar og praksis, utvikling innan forsking, samt effektiv formidling av funn.
Målgruppe
Dette kurset krev forkunnskap om branndynamikk. Det passar for deg som har som mål å jobbe med, eller allereie arbeider med brannsikkerheit og ønsker å utvikle gode tiltak mot brann, både i bygg- og anleggsbransjen og i andre bransjar.
Kurset er digitalt, noko som gjer det veleigna som studium ved sida av arbeid. Ønsker du å ta ein mastergrad i brannsikkerheit i framtida, kan du søke om akkreditering for dette kurset.
Dette emnet undervisast i engelsk. Sjekk den engelske sida øvst i hjørnet for meir informasjon i emneplanen.
Undervisningsform
Dette kurset er nettbasert og kombinerer direktesendt undervisning og forhåndsinnspelte videoar som ein del av undervisninga.
Dei direktesendte øktene inkluderer nettforelesningar, gruppediskusjonar, problemløysing, presentasjon av eigne funn og individuell rettleiing og tilbakemelding.
Du vil få tilgang til dette gjennom læringsplattformen Canvas ved oppstart.
For å delta treng du datamaskin med tilgang til internett, webcamera og mikrofon, samt standard programvare for skriving og kommunikasjon.
Samlingar
Haustsemesteret 2025 vil bestå av digitale samlingar følgjande datoar frå kl. 08.00-10.00:
- Mandag, 18. august 2025
- Mandag, 22. september 2025
- Mandag, 20. oktober 2025
- Mandag, 17. november 2025
Pensum
- An Introduction to Fire Dynamics, Dougal Drysdale.
- Enclosure Fire Dynamics, Karlsen.
- Quintiere SFPE-håndbok kap. 82 .
Pensum kan variere fra år til år.
Vudering
Vurderinga består av to delar:
1. Ein casestudierapport, 75 % av sluttkarakteren.
2. Digital presentasjon med munnleg eksamen, 25 % av endeleg karakter.
For å få emnekarakter må studentane bestå begge oppgåvene. Dersom casestudierapporten ikkje blir godkjend, kan ikkje studentane gjennomføre den digitale presentasjonen.
Studentane har rett til å levere ein forbetra versjon av casestudierapporten. Den forbetra versjonen må sendast inn seinast ved slutten av påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levera ein forbetra versjon éin gong.
Gradert skala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.