Studieplan - Norsk 1, 1.-7. trinn
Hausten 2020
Norsk 1 består av to emne:
- Emne 1 Begynnaropplæring, 15 studiepoeng (haust)
- Emne 2 Opplæring på mellomtrinnet, 15 studiepoeng (vår)
Emne 1 er retta inn mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskulen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Emne 2 har fokus på undervisning i norsk på mellomtrinnet i grunnskulen. Undervisning i vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene og munnleg bruk av språket står sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 5. til 7. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.
Studieform
Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.