Hopp til innhald

Studieplan - Norsk 1, 5.-10. trinn

Hausten 2020

Norsk 1 består av to emne

  • Emne 1 Tekstkunnskap, 15 studiepoeng (haust)
  • Emne 2 Språkkunnskap, 15 studiepoeng (vår)

 

I emne 1 står tekstlesing og tekstteori sentralt. Tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og fagtekstar), og dei vil bli knytte til litteraturteori. Vekta ligg på tekstar frå vår eiga samtid, retta mot barne- og ungdomslesarar, men det vil også vere innslag av historiske tekstar og tekstar for vaksne. Eit hovudperspektiv til vere korleis ein kan arbeide med slike tekstar i klasserommet.

 

I emne 2 står norsk grammatikk sentralt. Kurset vil gi ei systematisk innføring i norsk lydlære, ordlære, setningslære og tekstlære. Desse språknivåa blir kopla tett til arbeid med elevtekstar.

 

 

Studieform

Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet, Bergen.