Studieplan - Norsk 2, 5.-10. trinn fjernundervisning
Hausten 2020
Norsk 2 bygger på 30 studiepoengs grunnutdanning i norsk, og består av to emne:
- Emne 1 Språkkunnskap, 15 studiepoeng (haust)
- Emne 2 Tekstkunnskap, 15 studiepoeng (vår)
Emne 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter.
Emne 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv og debattar knytte til denne litteraturen.
Studiet er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.
Norsk 2 er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som online-forelesningar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt.