Dette er ein valfri modul i studieprogrammet universitetspedagogikk.
Modulbeskrivelse
Modulen tek for seg kollegabasert rettleiing i høgare utdanning, og har ei forskingsbasert og kritisk tilnærming til temaet. Kollegabasert rettleiing av undervisning er ein modell som utviklar seg nedanfrå og må tilpassast den aktuelle konteksten. Føremålet med rettleiinga er å fremje ein kultur for utvikling av undervisarane sin praktiske yrkesteori. All undervisning kan vere utgangspunkt for rettleiing. Rettleiinga skjer i små grupper som kan vere samansett på ulike måtar. Eit sentralt føremål er å gjere kandidatane i stand til å gjennomføre kollegarettleiing i eigen organisasjon.
Mål for modulen
Målet med modulen er å fremje kunnskap om kollegabasert rettleiing. Det blir vidare lagt vekt på at kandidatane får erfaring med å gjennomføre kollegarettleiing og utviklar evne til å analysere eigen undervisningspraksis.
Læringsaktivitetar
Læringsaktivitetane omfattar studium av faglege tekstar, fagleg diskusjon og praktisk gjennomføring av kollegabasert rettleiing. Aktivitetane er utforma for å fremje ferdigheiter og generell kompetanse med særleg vekt på kritisk tenking.
Nøkkelomgrep
- kollegarettleiing
- kritisk venn
- rettleiingsferdigheiter
- kultur for kvalitet
- praktisk yrkesteori
- lærande organisasjonar
Læringsmål for kollegabasert rettleiing
- Ha kunnskap om modellar for kollegabasert rettleiing
- Kunne initiere og gjennomføre kollegabasert rettleiing
- Kunne vurdere fordelar og utfordringar ved kollegabasert rettleiing i ulike kontekstar
- Utvikle grunnleggjande rettleiingsferdigheiter og medvit om makt og etiske aspekt ved rettleiing
- Utvikle ferdigheiter i å analysere eigen og andre sin praktiske yrkesteori
Læringsaktivitetar
- Lese tilrådd litteratur i emnet
- På samlingane vert det gitt ei innføring i sentral teori, men hovudvekta ligg på praktisk gjennomføring av kollegabasert rettleiing
- Mellom første og andre samling skal deltakarane gjennomføre kollegabasert rettleiing i grupper, og skrive ein kort logg med refleksjonar over eiga erfaring med kollegarettleiing
Vurdering
- Formativ vurdering: Tilbakemelding på øvingar undervegs
- Summativ vurdering: Innlevering av ein presentasjon som inneheld refleksjonar over eiga erfaring med kollegabasert rettleiing. Presentasjonen skal leverast som podcast eller skriftleg tekst. Valfritt: Individuelt eller i gruppe.
Samlingar
Undervisningsdagar for denne modulen er 20.januar og 17.mars.
Tilrådd litteratur
- Eik, L. T., Lyberg, A., & Wittek, A. L. (2020). Kollegaveiledning i “Teacher support teams”: En egnet metode for profesjonskvalifisering for lærere i høyere utdanning? Nordisk tidsskrift i veiledningspedagogikk, 5(1), e3041. https://doi.org/10.15845/ntvp.v5i1.3041
- de Lange, T., & Lauvås, P. (2018). Kollegaveiledning i høyere utdanning – en empirisk analyse av veiledningssamtaler. UNIPED, 41(3), 259–274. https://doi.org/10.18261/issn.1893-8981-2018-03-07
- Lauvås, P., Lycke, K. H., & Handal, G. (2016). Kollegaveiledning med kritiske venner (4. utg.). Cappelen Damm Akademisk
- Lundevold, T., Korneliussen, T., & Aadland, H. (2024). Kollegaveiledning i tverrfaglige grupper. I E. Kvam, D. Roness, M. Ulvik, I. Helleve & K. Smith (Red.), Veiledning og profesjonell utvikling i skolen (s. 291–307). Fagbokforlaget.
- Vee, T. S., & Løkke, J. A. (Red.). (2024). Kollegaveiledning i praksis. Universitetsforlaget.