Lærerspesialistutdanning i kroppsøving | 8.-13. trinn

EtterOgVidereutdanning

Regjeringen har besluttet at lærerspesialistordningen gradvis skal avvikles. Det vil derfor ikke være anledning for nye deltakere å søke på lærerspesialistutdanning fra høst 2022.

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Godkjent lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
    • 60 studiepoeng i kroppsøving/idrett, eller tilsvarande
    • Minimum tre års relevant yrkespraksis etter fullført grunnutdanning. Deltidsarbeid blir omrekna til heiltid
    • Du må vere tilsett i ei lærarstilling.
    Lærere som er i funksjon som lærerspesialist inneværende skoleår kan fortsette i funksjonen ut skoleåret 2021/2022. Lærere som startet lærerspesialistutdanning som del av piloten høsten 2020 og høsten 2021 skal få fullføre hele studiet, det vil si ut henholdsvis våren 2022 og våren 2023. 
     
     

    Lærarspesialistutdanning i kroppsøving på 8.-13. trinn går over fire semester. Studiet er bli organisert som samlings- og nettbasert studium 60 stp., med fire emne på kvar 15 stp., over fire semester. Det vil primært vere høve for lærarar som underviser på 8.-13. trinn som har relevante 60 stp., i kroppsøving/idrett. Studiet utdannar og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i kroppsøving i grunnskule og vidaregåandeskule.

    Du lærer å:

    • inngå i eit samarbeid med kollegaer i eit profesjonsfellesskap for å bevisstgjere og vidareutvikle profesjonsfeltet, og nytte kunnskap og sentral teori for å gjennomføre empiriske undersøkingar
    • bidra til forskingsbasert utvikling knytt til kroppsøving i samarbeid med kollegaer
    • kunne utvikle og formidle fagdidaktiske problemstillingar med forskarar, kollegaer og ålmenta
    • kunne kommunisere resultat frå empiriske undersøkingar frå forsking og utviklingsarbeid i kroppsøving 8.-13. trinn
    • gjennomføre læreplananalysar og kunne vere ein pådrivar ved implementering av læreplanar og profesjonsutvikling med fagfornying og djupnelæring

    Dette er eit samlingsbasert studium, med 2-3 samlingar pr semester med nettsamlingar á 2 timar mellom samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Undervisingsstadane kjem til å variere/alternere mellom Sogndal, Bergen og Stord, mest i Sogndal.

    Det er fire-seks arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i forskingsbasert utvikling av eigen praksis, fordjuping i fag og fagdidaktikk, skule og profesjonsutvikling, vegleiing og minst eitt av desse skal handle om lærarspesialistrolla. Studiegruppe- og kollegarespons står sentralt.

    Timeplan

    Samlingar haust 21: KRO801

    • Veke 37 i Sogndal 3 dagar tys-torsd
    • Veke 40 i Bergen 2 dagar onsd og torsd
    • Veke 45 i Sogndal 3 dagar tysd-torsdg

    Samlingar vår 22: KRO802

    • Veke 6 i Sogndal 3 dagar tysd-torsd
    • Veke 17 i Sogndal 2 dagar onsd-torsd