Spesialpedagogikk

Master

Studieprogrammet er lagt ned, og tek ikkje opp studentar. 

Du lærer om:

  • lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar for brukarar i ulike aldrar
  • ulike kartleggingsverktøy
  • grunnleggande rettleiingsmetodar
  • vitskapsteori og metode

Studiet er delt inn i fire emneområde:

  • Spesifikke lærevanskar
  • Rettleiing
  • Vitskapsteori og metode
  • Masteroppgåve med fordjupning i eit sjølvvalt tema knytt til fagområdet spesialpedagogikk

I dei to første emna har du til saman 20 dagar feltarbeid. Dette kan foregå ved barnehagar og skular som HVL har samarbeidsavtale med, andre relevante institusjonar eller eigen arbeidsplass.