Studentar arbeider med matlaging i eit undervisningskjøkken.

Mat og helse 1 | 1.–10. trinn

Vidareutdanning på bachelornivå

Mat og helse 1 er eit fag som gir elevane grunnlag for gode val i kvardagen. I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan undervise i mat og helse i grunnskulen på ein praktisk, relevant og engasjerande måte, med vekt på helse, berekraft og matkultur.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). 

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidligare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    9495

    Kvifor studere mat og helse?

    Mat og helse er eit sentralt fag for å fremje helse, berekraft og matglede hos barn og unge. Du lærer korleis du kan bidra til at barn og unge tek helsefremjande og berekraftige kosthaldsval, opptrer som ansvarlege forbrukarar og forstår den kulturelle betydninga av mat og måltid.

    Kva lærer du?

    Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar. 

    Du får kunnskap om berekraftig forbruk, mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk, styringsdokument, trygg mat, smak og sensorikk.

    Du lærer også å planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeid i faget, og får kompetanse i helsefremjande kosthald, matallergi og korleis faget kan bidra til livsmeistring og utjamning av sosial ulikskap i helse.

    Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen: 

    1: Innføring i mat og helse (MHE803).

    2: Mat og helse som undervisningsfag (MHE804).

    Målgruppe

     Lærarar i grunnskulen som vil undervise i mat og helse. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    • Forelesningar
    • Individuelt arbeid mellom samlingane
    • Gruppearbeid
    • Demonstrasjon/forevisning
    • Muntleg og skriftleg presentasjon
    • Sjøvstudium
    • Utprøving av elektronisk læremiddel mellom samlingane med ei mat- og helseklasse i grunnskulen

     

    Samlingar

    Tider for studieåret 26/27

    Haust 2026: MHE803
    Veke 36 torsdag 3. september og fredag 4. september
    Veke 42 torsdag 15. oktober og fredag 16. oktober
    Veke 47 torsdag 19. november og fredag 20. november
     
    Vår 2027: MHE804
    Veke 3 torsdag 21. januar og fredag 22. januar
    Veke 10 torsdag 11. mars og fredag 12. mars
    Veke 17 torsdag 29. april og fredag 30. april
     
    For alle samlingar torsdag kl 8.15 - 16 og fredag kl 8.15 - 15.
    Torsdagar teorirom kl 8.15 - 12 + praktisk kjøkken/G207 kl 12 - 16
    Fredagar teorirom kl 8.15 - 11 + praktisk kjøkken/G207 kl 11 - 15
     

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Vi har tilbod til deg som er lærar i offentlege og private skular – både i grunnskulen, vidaregåande opplæring og for deg som underviser vaksne i grunnopplæringa.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs