Hopp til innhald

Studieplan - Matematikk 1, 1.-7. trinn, nettbasert

Hausten 2025

Dette er eit studium for lærarar i skulen som ønskjer undervisningskompeanse i matematikk på 1.-7.trinn.

Innhald

Gjennom studiet skal studentane utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på heile barnetrinnet. Den praktiske erfaringa vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studentane skal tilføre skulen dei underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Arbeidsformer

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar kvar veke. Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider studentane i nettbaserte studiegrupper.