
Matematikk 1 | 1.-7. trinn | nettbasert
Etter- og vidareutdanning
Dette er eit reint nettstudium (30 studiepoeng) for deg som er lærar i skulen, og ønskjer undervisningskompeanse i matematikk på 1.-7.trinn.
Kva lærer du?
Matematikk 1, 1.-7. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk frå 1. til 7. trinn, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.
Gjennom studiet skal du utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på heile barnetrinnet.
Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
I studiet arbeider du med matematikklæring i tråd med Kunnskapsløftet 2020.
Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.
Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, prealgebra, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.
Studiet består av to emne på 15 studiepoeng.
Praktisk informasjon
Undervisnings-og læringsform
Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper
Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon. Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.
Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.
Nettundervisning
Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar tysdagar 14.00-16.00 kvar veke. Oppstart er 22. august 2023.
Vurderingsform
Kvart emne vert avslutta med ein individuell munnleg eksamen som du gjennomfører på nett.
Pensum
Du får tilgang til pensumliste ved studiestart.
Du finn meir informasjon i emneplanen:
- MAB801N Matematikk 1, emne 1 - Begynneropplæring i matematikk
- MAB802N Matematikk 1, emne 2 - Den utforskende matematikklærer - med fokus på mellomtrinnet
Om det er ledige plassar på studiet etter det ordinære opptaket opnar me opp for søkjarar utanom vikar- og stipendordninga til Udir. Eventuelle restplassar vil bli lagt ut her i byrjinga av juni.