Studieplan - Matematikk 2, 1-7. trinn nett
Hausten 2023
Dette er eit nettstudium for lærarar som underviser i matematikk på barnetrinnet, og som har gjennomført Matematikk 1 1-7 eller tilsvarande.
Innhald
Målet med studiet er å styrke studenten sin matematiske og fagdidaktiske kompetanse til å planleggje, gjennomføre, vurdere og vidareutvikle matematikkundervising i tråd med Fagfornyinga og relevant forsking.
Arbeidsformer
Nettsamlingar kvar veke med varierte undervisningsformer, synkron undervisning med førelesing, aktivitetar og diskusjonar. Det er òg asynkron undervisning med oppgåver og gruppearbeid.
Internasjonalisering
Nei