Hopp til innhald

Studieplan - Matematikk 2, 5-10. trinn nett

Hausten 2023

Matematikk 2 5.-10. trinn er eit 30 studiepoengs kurs for lærarar knytt til undervisning og læring i matematikk retta mot 5.-10. trinn i grunnskulen.

Innhald

Arbeid med matematikk i tråd med gjeldande læreplan Kunnskapsløftet 2020, der ein legg vekt på arbeidsformer som fremjar undring, utforsking, refleksjon og kreativ problemløsing, læringsaktivitetar og meiningsfulle matematiske samtalar med og mellom elevar.

Arbeidsformer

Ein kombinasjon av synkrone- og asynkrone nettforelesningar, studentaktive arbeidsformer, gruppearbeid, individuelt arbeid, nettdiskusjonar, munnlege presentasjonar og skriftlege arbeid. Det blir brukt digitale verktøy som til dømes rekneark og Geogebra. Det er forventa stor grad av studentaktivitet gjennom heile studiet, og delar av pensum er sjølvstudium.

Vurderingsformer

  • Emne 1: Munnleg eksamen
  • Emne 2: Munnleg eksamen

Internasjonalisering

Nei