Studieplan - Matematikk 2, 5-10. trinn
Hausten 2023
Matematikk 2 5.-10. trinn er eit 30 studiepoengs kurs for lærarar knytt til undervisning og læring i matematikk retta mot 5.-10. trinn i grunnskulen.
Innhald
Arbeid med matematikk i tråd med gjeldande læreplan Kunnskapsløftet 2020, der ein legg vekt på arbeidsformer som fremjar undring, utforsking, refleksjon og kreativ problemløsing, læringsaktivitetar og meiningsfulle matematiske samtalar med og mellom elevar.
Arbeidsformer
På samlingane vil ein blant anna studere, planleggje, utøve og reflektere kring sentrale lærarpraksisar som matematiske samtalar og aktivitetar. Det er forventa ein stor grad av studentaktivitet gjennom heile studiet. Læringsaktivitetar vil i hovudsak vera knytt til utforskande og utøvande studier av eigen praksis.
Vurderingsformer
- Emne 1: Munnleg eksamen
- Emne 2: Skuleeksamen, 5 timar
Internasjonalisering
Nei