Studieplan - Norsk 1 , 1-7 - nettstudium
Hausten 2018
Studiet ein del av vidareutdanningstilbodet til lærarar på barnetrinnet gjennom Kompetanse for Kvalitet, finansiert av Kunnskapsdepartementet.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
- har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulens norskfag
- har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot ungdom og vaksne lesarar
FERDIGHEITER
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke ulike vurderingsmåtar
- kan kartleggje lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan leggje til rette for møte med tekstar på dansk og svensk, både munnlege og skriftlege, og samiske og utanlandske tekstar i omsetjing
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbytte til elevane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
- kan stimulere den estetiske sansen til elevane
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Innhald
Studiet inneheld to emne: Begynnaropplæring og mellomsteget. Innhald i studiet er:
- Den første og andre lese- og skriveopplæringa
- Talemål og skriftspråk
- Barne- og ungdomslitteratur
- Elevtekstar
Arbeidsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet går over to semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Fronter og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect. Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Det er minst fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.
Vurderingsformer
Sjå emneomtale.