Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon

Hausten 2017

Studiet byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Nasjonalt Råd for Økonomisk Administrativ utdanning (NRØA) som samordnar bachelorstudiane i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikre eit høgt fagleg nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp med obligatoriske emne i bedriftsøkonomi og rekneskap, metodefag, samfunnsøkonomi og administrasjonsfag i dei to første åra av studiet. Siste året av studiet gir studentane høve til fordjupning ved val av tre ulike profilar (rekneskap, finans og økonomistyring, eller leiing, organisasjon og strategi). I tillegg kan studentane ta deler av studiet i utlandet. Studiet er eit tverrfagleg og yrkesretta studium og kvalifiserer studentar til opptak ved økonomisk/administrative mastergradsstudiar i inn- og utland.

Læringsutbytte

Ein student med fullført bachelorutdanning i økonomi og administrasjon oppnår følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten:

  • Har brei kunnskap i bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, metodefag og administrasjonsfag
  • Kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsestimering, kostnadsfordeling og produktkalkulasjonar.
  • Kjenner til budsjettet som styringsverktøy, samt kan gjere greie for korleis budsjettprosessar blir organisert og gjennomført.
  • Kan gjere greie for korleis verksemder blir finansiert, nye investeringar vurdert og korleis årsrekneskapet blir utarbeida og analysert (bedriftsøkonomiske fag).
  • Gjere greie for korleis strategiar blir utvikla og sette i verk, korleis verksemder fungerer, blir organisert, forbetra og leia, og korleis produkt og tenester blir utvikla, marknadsført og posisjonert (administrative fag).
  • Gjere greie for korleis eit land sin økonomi kan påverkast av for eksempel endringar i etterspurnaden, myndigheitene sin politikk, internasjonale forhold eller teknologisk utvikling. Kandidatane skal vidare ha kunnskap om og kunne analysere ulike konkurransesituasjonar ut frå ein bedrift sin ståstad (samfunnsøkonomi).
  • Har kjennskap til forskings- og utvilingsarbeid innanfor desse fagområda, slik at kandidaten har oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar for desse.

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • Kunne bruke kunnskap frå dei ulike fagområda på praktiske problemstillingar i arbeidslivet, samt innhente og analysere relevant informasjon basert på metodefag (matematikk, statistikk og samfunnsvitskaplege metodar) til å løyse eit breidt spekter av økonomisk administrative problemstillingar.
  • Er i stand til å oppdatere sin eigen kunnskap gjennom heile sitt yrkesaktive liv.
  • Kan planleggje og gjennomføre eigne prosjekt.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • Har grunnleggjande fagleg innsikt, analytisk trening og problemforståing innan økonomisk administrative fagområde som bedriftsøkonomi, administrasjon og samfunnsøkonomi.
  • Har opparbeida særskilt kompetanse innan den valde fordjupningsprofilen og bacheloroppgåve, slik at kandidaten kan ivareta økonomiske og administrative oppgåver i privat og offentleg sektor, samt vere i stand til å identifisere, analysere og vurdere rammer for og konsekvensar av vedtak.
  • Kan planleggje og utføre eigne analysar av praktiske problemstillingar og treffe vedtak basert på desse.
  • Har kvalifisert seg til studiar på masternivå i inn- og utland.
  • Har utvikla evne til innovativ tenking, samt har god forståing for etiske og andre samfunnsmessige omsyn i vedtaksamanheng.
  • Har utvikla gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Kan formidle fagstoff skriftleg og munnleg og utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis.

Innhald

Den treårige studiemodellen er delt opp i seks semester, kvart på 30 studiepoeng og på til saman 180 studiepoeng. Etter tre år (180 studiepoeng) får kandidaten graden bachelor i økonomi og administrasjon. Studiet skal gi kandidatane ei brei kompetanseplattform for å arbeide som fagperson eller rådgjevarar innanfor det økonomiske og administrative fagfeltet i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar.

Planen har følgjande hovudinndeling for dei to første åra:

  1. Bedriftsøkonomisk analyse med følgjande emne: grunnleggjande bedriftsøkonomisk analyse og grunnleggjande rekneskap, finansrekneskap, investering og finansiering og driftsrekneskap med budsjettering, i alt 30 studiepoeng.
  2. Administrasjonsfag med følgjande emne: marknadsføring, grunnleggjande organisasjonsfag (organisasjonsteori samt organisasjonspsykologi og leiing), føretaksstrategi og vidaregåande organisasjonsfag.
  3. Samfunnsøkonomi med følgjande emne: makroøkonomi, mikroøkonomi samt by- og regionaløkonomi.
  4. Metode med følgjande emne: grunnleggjande matematikk, grunnleggjande statistikk og samfunnsvitskapleg metode.

Profilering: Det tredje året får studentane høve til spesialisering innan:

  • Finans- og økonomistyring
  • Leiing, organisasjon og strategi (LOS)
  • Rekneskap *

(*Profilen kvalifiserer for utdanningskravet til rekneskapsførar. I tillegg blir det krevd 2 års relevant arbeidserfaring for å kunne søkje om autorisasjon.)

Studentane må velgje alle emnene (60 sp) som inngår i spesialiseringa for å få profileringa oppført på vitnemålet.

Studiet er organisert slik at det får ein naturleg progresjon gjennom alle dei tre åra.

Arbeidsformer

I studieprogrammet blir det brukt varierte arbeidsformer som førelesingar, seminar og rekneverkstad.

Vurderingsformer

Vurderingsformene som blir brukt er skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen eller mappevurdering. Det kan også førekomme ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, som heimeeksamen og skuleeksamen. I mange av emna er det obligatoriske studiekrav som må vere godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaene består av bokstavkarakterene A-F eller bestått/ikkje bestått.

Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for å få nøyaktig informasjon av type vurdering som er vald.

Internasjonalisering

Det blir gitt høve til eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Det er lagt til rette for at studentar som ønskjer det kan studere i utlandet hausten det 3. studieåret. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphald på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HVL, og du taper ikkje tid. Studentar som planleggjer eit opphald i utlandet bør kontakte internasjonalt kontor i løpet av det 2. studieåret. Du kan lese meir om HVL sitt utvekslingstilbod her: http://www.hsh.no/internasjonalisering.htm