Hopp til innhald

Studieplan - Master med integrert PPU

Hausten 2024

Studiet er for kandidatar som allereie har ein bachelorgrad i eit skuleretta fag og som ønsker å bli lektor. Studiet gir studenten moglegheit til å ta både mastergrad og PPU integrert som ein alternativ veg til lærarutdanning. Studiet er tufta på forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning §3(5). Institusjoner som tilbyr toårig påbygging til mastergrad i undervisningsfag i skolen, kan tilby praktisk-pedagogisk utdanning integrert i masterstudiet over minst tre år. For å få utferdiget vitnemål for fullført praktisk-pedagogisk utdanning, må masterutdanningen være bestått.

Dette betyr at ein må gjennomføre heile utdanningsløpet for å få utskrive vitnemål for Master med integrert PPU

Studentar i studiet blir teken opp til ei av følgjande studieretningar: Samfunnsfag og KRLE, kroppsøving og mat og helse, matematikk og naturfag eller andre- og framandspråksdidaktikk.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har inngående fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
  • har bred forståelse for skolens mandat, opplæringens verdigrunnlag og opplæringsløpet
  • har inngående kunnskap om og evne til å holde seg oppdatert på gjeldende lov- og planverk for profesjonsutøvelsen
  • har bred kunnskap om barne- og ungdomskultur og barns og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekster
  • har bred kunnskap om læringsstrategier, læringsarenaer og arbeidsmetoder generelt og særlig i respektive fag
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelige livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deres rettigheter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om hvordan sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldende lovverk.
  • har avansert kunnskap om sentrale faglege og fagdidaktiske problemstillingar innan ei valt studieretning
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde og kunnskapsgrunnlaget for masteroppgåva
  • har inngåande kunnskap om vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk.
  • har djup innsikt i ulik didaktisk teori og tradisjonar, og korleis ulike styringsideologiar gir føringar for didaktisk praksis

Ferdigheter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
  • kan lede og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglige og sosiale læringsprosesser
  • kan bruke varierte arbeidsmetoder, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldende læreplanverk, og skape motiverende og inkluderende læringsmiljø
  • kan beskrive kjennetegn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevers læring, gi læringsfremmende tilbakemeldinger og bidra til at elevene kan reflektere over egen læring og egen faglige utvikling
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere tegn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglige vurderinger skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglig og tverretatlige samarbeidspartnere til barnets beste.
  • kan analysere, vurdere, ta i bruk og etablere ny forskingsbasert kunnskap på eit avgrensa felt
  • kan analysere, planlegge, implementere og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing i profesjonsfellesskap
  • kan kommunisere om og rettleie kollegaer i, utvikling av læreplanar, undervisning og vurdering
  • kan planlegge og gjennomføre forskingsbaserte studiar av relevante problemstillingar åleine, eller saman med andre
  • kan ta aktivt del i utvikling av profesjonsfellesskapets praksis

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinger på et avansert nivå
  • innehar en profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglige, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av selvstendighet videreutvikle egen kompetanse og bidra til både kollegers og - skolens utvikling
  • kan bygge relasjoner til elever og foresatte, og samarbeide med aktører som er relevante for skoleverket.
  • kan formidle eigen og andre si forsking skriftleg og munnleg på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
  • kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrker og utviklar fagfeltet sin didaktikk
  • kan analysere og vurdere relevante faglege, didaktiske og etiske problemstillingar, og bidra med kunnskap til utvikling av fagfeltet i eit profesjonsfellesskap.
  • kan analysere behov for kunnskap og bidra i innovasjonsprosessar knytt til eigen arbeidsstad.
  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling

Nærmere beskrivelse av progresjon og organisering av læringsutbyttebeskrivelsene er spesifisert i emneplanene

Innhald

Innhald og oppbygging er formulerte i studieplan for master i didaktiske praksisar og Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag.

Praksis

Det er praksis i PPU-delen av studiet. Læringsutbyta for praksis er formulerte i studieplan for Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og i emneplanar for praksis. PPUA307 og PPUA308.

Masterdelen av studiet har ikkje krav til praksis.

Arbeidsformer

Master med integrert PPU legg opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, praksis, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eiga yrkesutøving. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar.

Obligatoriske læringsaktivitetar varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

Studentane får ved opptak studierett til campus Stord. Undervisninga vil skje dels digitalt og dels som samlingar på campusane Sogndal, Stord og Bergen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene varierer mellom dei ulike emna. Det blir nytta mappe, heimeeksamen, skriftlege oppgåver og munnleg eksamen. Obligatoriske læringsaktivitetar, vurderingsformer og vurderingsuttrykk er gjort greie for i dei enkelte emneplanane

Krav til studieprogresjon

I masterdelen: Alle emne i studieretninga og alle fellesemne må vere bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet MDIP550, Masteroppgåva.

PPUA305 Ledelse av læreprosesser - ledelse av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv og PPUA307 Praksis 1 må takast før eksamen blir avlagt i PPUA306 Skulen i samfunnet.

Det blir ikkje skrive ut vitnemål for PPU før også masteroppgåva er bestått.

Internasjonalisering

Moglegheiter for internasjonalisering er spesifisert i studieplan for master i didaktiske praksiar og Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, med tilhøyrande emneplanar.

Opptakskrav

Samfunnsfag og KRLE: Fullført og bestått bachelorgrad med minst 80 studiepoeng i samfunnsfag, historie eller religion.

Kroppsøving, mat og helse: Fullført og bestått bachelorgrad med minst 80 studiepoeng i Kroppsøving, idrettsfag eller mat og helse.

Matematikk og naturfag: Fullført og bestått bachelorgrad med minst 80 studiepoeng i naturfag eller matematikk.

Andre- og framandspråksdidaktikk: Fullført og bestått bachelorgrad med minst 80 studiepoeng i norsk, engelsk, spansk, fransk eller tysk.

  • Søkjarar med arabisk, russisk, kinesisk og japansk kan kvalifisere for opptak dersom dei dokumenterer relevant praksisplass innan søknadsfrist.
  • Andre framandspråk, inkudert latin og gresk, er ikkje relevant for opptak.