Hopp til innhald

Studieplan - Tverrfagleg master i psykisk helse- og rusarbeid

Hausten 2024

Master i Tverrfagleg psykisk helse- og rusarbeid er eit praktisk, klinisk og forskingsretta studium som har fokus på samhandling med menneske med psykiske helse-, rus- og avhengigheitsproblem og korleis desse problema kan sjåast som kontekstualiserte fenomen. Det inneber mellom anna ei tilnærming til enkeltmenneske, deira familie og nettverk som vektlegg deira livssituasjonar, opplevingar og ressursar. Gjennom studiet tileignar studenten seg kompetanse om tilhøve på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som kan påverke betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking på ulike arenaer. Studiet er forankra i helse- og sosialvitskaplege tilnærmingar til psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.

Gjennom dei første 60 studiepoenga tileignar studentane seg forskings-, praksis- og erfaringsbasert breiddekunnskap innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsproblematikk. Deriblant vert det presentert ulike perspektiv og forståingar av psykisk helse-, rus- og avhengigheit. Rammevilkår for tenestene, og særleg behovet for auka fokus på menneskerettar, deltaking og utviklingsmoglegheitar innan spesialiserte- og kommunale helse-, omsorgs- og velferdstenester retta mot menneske med psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsproblem, blir løfta fram. Studentane tileignar seg kunnskap og ferdigheiter knytt til relasjonskompetanse og praksisretta fagutvikling, samt reflektere kring tverrfagleg og tverretatleg arbeid og samhandling. Denne delen har 6 veker praksis/praksisretta arbeid.

Studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innanfor fagområdet psykisk helse og fagområdet rus og avhengigheit både kvar for seg og i samanheng. Dei første 60 studiepoenga er inndelt i følgjande fire emne:

  • TPHR501. Perspektiv på psykisk helse, rusmiddel- og avhengigheit
  • TPHR502. Forebygging, behandling og omsorg
  • TPHR503. Etikk, relasjon og samhandling
  • TPHR504. Fagutvikling og praksis

Dei første 60 studiepoenga (vidareutdanning) kvalifiserer kandidaten seg til arbeid/ulike roller/ulike oppgåver innan spesialiserte- og kommunale helse-, omsorgs- og velferdstenester retta mot menneske med psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsproblem. Utdanninga godkjennast som spesialitet for sjukepleiarar og vernepleiarar.

Dei siste 60 studiepoenga/påbygg i masterstudiet byggjer på kunnskapsgrunnlaget frå vidareutdanning innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Her forsterkast fokuset på forsking og metodekunnskap, samt planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt. Masterstudiet legg i denne delen til rette for fordjuping i ulike tema av interesse for den enkelte student relatert til innhaldet studenten ønsker å arbeide med i masteroppgåva.

Dei siste 60 studiepoenga har følgjande to emne:

  • MAMET1PHR Vitskapsteori, etikk og metode
  • TPHR590 Masteroppgåve

Fullført masterutdanning kvalifiserer for praktisk, klinisk, og forskings-/fagutviklingsarbeid innan psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid innan kommunale helse-, omsorgs- og velferdstenester, samt spesialisthelseteneste og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Fullført masterutdanning kan kvalifisere for opptak på ph.d.-programma Helse-, funksjon-, og deltaking samt Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG) ved FHS, HVL. Studiet vil også kunne kvalifisere til andre nasjonale og internasjonale doktorgradsprogram. Mastergradsstudiet er forankra i Kap. 3 i Lov om universitet og høyskoler (Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) - Kapittel 3. Faglige bestemmelser – akkreditering - Lovdata og er utarbeidd i tråd med krava i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring | Nokut

Dei første 60 studiepoenga er i tråd med Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid - Lovdata

Skikkavurdering

Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.

Opptakskrav

Opptakskrav master:

Bachelorgrad som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, fysioterapeut eller ergoterapeut, eller:

  • annan bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske, eller pedagogiske fag
  • og minst 1 års relevant yrkeserfaring innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid etter fullført utdanning.

Rangering: Søkarar rangerast i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet.

Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for praksis ved opptak til dette studiet.

Tilleggskrav påbygg:

  • Vidareutdanning på masternivå på 60 studiepoeng innan psykisk helse- og rusarbeid eller tilsvarande Følgjande vidareutdanningar eller tilsvarande, er blant dei som er aktuelle for opptak til påbygg:
    • Vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid campus Stord/Haugesund, HVL (frå 2018)
    • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid campus Førde, HVL (frå 2016)
    • Dei første 60 stp. av master i psykisk helse og rusarbeid campus Bergen, HVL (frå 2017)
    • Vidareutdanning i rusproblematikk og rusarbeid ved campus Sogndal, Førde HVL (frå 2017)
    • Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge ved campus Stord/Haugesund, og Førde, HVL (frå 2020)

Andre tverrfaglege vidareutdanningar på masternivå på 60 studiepoeng kan vurderast individuelt. Rangering: Søkarar rangerast i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet. Det blir ikkje gitt tilleggspoeng for praksis ved opptak til dette studiet.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten…

  • har avansert kunnskap om korleis psykisk helse-, rus-, og avhengigheitsproblem kan forståast ut ifrå ulike perspektiv og innanfor ulike kontekstar
  • har inngåande kunnskap om sentrale omgrep, teoriar, modellar og arbeidsmetodar i utøving av psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, særleg betringsorienterte tilnærmingar som kan fremme sosial deltaking på ulike arenaer
  • har inngåande kunnskap om politiske føringar, organisatoriske rammar, etiske og rettslege omsyn i møte med menneske med psykisk helse-, rus-, og avhengigheitsproblem, og deira familiar og nettverk
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar innan relasjonelt og tverrfagleg psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • har inngåande kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsprosessar generelt og relatert til feltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid spesielt

Ferdigheiter:

Kandidaten…

  • kan nytte og vidareutvikle eksisterande kunnskap, samt bidra til utvikling av ny, forskings-, praksis-, og erfaringsbasert kunnskap innanfor psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan analysere og forholde seg kritisk og reflektert til forsking, teoriar, metodar og fortolkingar knytt til psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid
  • kan innhente relevant kunnskap for psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid og kritisk vurdere kjeldene
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse:

Kandidaten…

  • kan analysere kritisk og drøfte relevante faglege og etiske problemstillingar innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan analysere og kritisk drøfte behov og prioriteringar innan kunnskapsutvikling, velferdspolitikk og fagutvikling
  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter for å bidra til nytenking, samskaping og forskingsbasert fagutvikling av relevans for psykisk helse-, rus og avhengigheitsarbeid
  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar munnleg og skriftleg både med spesialistar og til allmenta
  • kan formidle eige forskings- og utviklingsarbeid og meistrar fagområdet sine uttrykksformer

Innhald

Studiet er organisert som eit samlingsbasert studie på deltid over 4 år med ein kombinasjon av nettbasert og fysisk undervisning på campus.

Den første delen av masterutdanninga samsvarar med vidareutdanning i tverrfagleg psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Den andre delen inneheld vitskapsteori, metode, samt prosjektoppgåve fordjuping i relevant tema og gjennomføring av sjølve masteroppgåva. Studiet er bygd opp av emne på 15 studiepoeng fram til studenten startar på masteroppgåva. Det siste emnet er masteremnet som er på 45 studiepoeng.

Normal studieprogresjon på deltid er 15 studiepoeng pr semester. Det kan bli opna for tilbod om ein raskare progresjon med 30 studiepoeng pr semester, fulltid. Den andre delen har undervisning i Bergen, men her vil ein legge til rette for undervisning i Sogndal, samt ved dei andre studiestadane dersom det kjem tilstrekkeleg med søkarar og ein fyller studieplassane . Studiet er godt tilpassa for søkarar frå heile regionen.

Masterstudiet består av:

Dei første 60 studiepoenga av masterutdanninga som er samanfallande med Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid. Denne delen er i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus-, og avhengighetsarbeid Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid - Lovdata Denne delen har 4 emnar som kvar er på 15 studiepoeng og strekker seg over 4 semester. Praksis har omfang på totalt 6 veker og er inkludert i det siste emnet. Emna som inngår er:

  • TPHR501. Perspektiv på psykisk helse, rusmiddel- og avhengigheit
  • TPHR502. Forebygging, behandling og omsorg
  • TPHR503. Etikk, relasjon og samhandling
  • TPHR504. Fagutvikling og praksis

Dei siste 60 studiepoenga - påbygg master - utgjer til saman med den tverrfaglege vidareutdanninga nemnt over, eller tilsvarande vidareutdanning innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid, 120 studiepoeng etter § 3 i Forskrift om krav til mastergrad Forskrift om krav til mastergrad - LovdataI denne delen har ein fokus på vitskapsteori, etikk og metode, tematisk fordjuping innan psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid, prosjektplan og masteroppgåve.

Emna som inngår er:

  • MAMET1PHR Vitskapsteori, etikk og metode
  • TPHR590 Masteroppgåve MAMET1PHR er lagt til første semester (haust), mens EMNEKODE MASTEREMNET masteremne strekkjer seg over dei tre neste semestera (vår- haust - vår)

Praksis

Praksis blir gjennomført i tråd med § 21 i forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus-, og avhengighetsarbeid Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid - Lovdata Praksis har fokus på relasjonelt arbeid og fagutvikling innan psykisk helse-, rusmiddel, og avhengigheitsarbeid eller tilsvarande.

Praksisperioden har eit omfang på 6 veker og er obligatorisk. Fråvær over 10 prosent fører til at du ikkje får godkjend praksis.

Dersom ein praksisperiode blir vurdert til ikkje greidd , må heile praksisperioden takast om igjen før studenten kan gå vidare i studiet. Studenten må gjennomføre ny praksisperiode neste gang denne blir arrangert, jf. Kap. 10 i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet - Kapittel 10. Praksis – Lovdata

Praksis inngår i emnet Fagutvikling og praksis (emne 4). Sjå emneplan for nærmare skildring.

Arbeidsformer

Studiet nyttar ei høy grad av studentaktive læringsformer, der det er forventa at studentane tar medansvar både for eigen og medstudentar sin faglege utvikling og læring.

Gjennom studentaktive undervisnings- og arbeidsformer, med oppgåver og presentasjonar individuelt og i gruppe skal studentane utvikle sin faglege kompetanse, samt øve opp sine analytiske og kritiske ferdigheitar. Studentane deltek i rettleia refleksjonsgrupper der det blir lagt til rette for oppøving av kritisk og etisk refleksjon. For å bidra til å øve opp akademiske ferdigheiter, vil studentane arbeide med ulike formar for skriftlege oppgåver. Vidare vil studentane få trening i å øve opp praktiske ferdigheiter gjennom ferdigheitstrening og praksis.

I den nettbaserte undervisninga vil det bli lagt til rette for at studentane kan følgje delar av samlingane digitalt og delta i digitale nettmøte med gruppearbeid og diskusjonar. Det blir også lagt opp til nettbaserte læringsaktivitetar mellom samlingane.

I løpet av studiet vil studentane delta i ulike seminar kor dei vil legge fram eiget individuelt arbeid, eller gruppearbeid for å få tilbakemelding frå andre studentar. Relevans for praksisfeltet blir vektlagt gjennomgåande i studiet, og samarbeid med praksisfeltet trer særleg fram i emne som omhandlar fagutvikling og praksis. Dette for å bidra til at studiet skal vere oppdatert på dei problemstillingane som praksisfeltet er opptatt av, men også for å bidra til å utvikle studentane sine analytiske og praktiske ferdigheiter. I løpet av studiet deltek ulike aktørar innan forsking, praksisfelt og brukarrepresentantar i undervisninga.

Ein stor del av undervisinga på samlingane er obligatorisk, då studentaktive læringsformer fordrar at studentane deltek i undervisninga. Det er krav om 80 % frammøte. Dette gjeld t.d. deltaking i refleksjonsgrupper, deltaking på seminar og framlegg av oppgåver, deltaking i ferdigheitstrening og skriving av refleksjonsoppgåve. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar. For nærmare informasjon sjå emneplanane.

Sjølvstudium er sentralt for at studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap, og vidare også for å utvikle studenten sin analytiske og kritiske kompetanse.

Studentane vil få tilbod om rettleiing i arbeidet med individuelle oppgåver og gruppeoppgåver. I arbeidet med prosjekt-/fagutviklingsoppgåve i første del er det tilbod om ein time rettleiing. Rettleiing er også lagt inn som obligatorisk læringsaktivitet i arbeidet med masteroppgåva i del 2 av studiet.

Sentralt i eit masterstudie er arbeidet med masteroppgåva. Arbeidet med masteroppgåva stiller krav til at studentane evnar å arbeide sjølvstendig med ei oppgåve over tid. Før oppstarten med masteroppgåva skal student og rettleiar utarbeide og underskrive rettleiingsavtale, i følgje det til ei kvar tid gjeldande regelverk ved høgskulen.

Vurderingsformer

I studiet møter studentane ulike vurderingsformar.

Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og går fram av emneplanane. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten får framstille seg til eksamen i det enkelte emnet.

Studiet inkluderer 6 veker praksis. For å få godkjent praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, jf. forskift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet - Lovdata

Dei andre vurderingsformane som blir nytta i studiet er individuell skriftleg oppgåve, munnleg eksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve og masteroppgåve som monografi eller artikkel med kappe.

Krav til studieprogresjon

For å fremme studentanes sin progresjon og oppnåing av læringsutbytte blir det stilt krav til studieprogresjon.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjend før studentane får framstille seg til eksamen i emnet. Innhald og omfang av obligatorisk arbeidskrav går fram av emnebeskrivinga.

For å kunne levere masteroppgåva i emne TPHR590 må emna TPHR501, TPHR502, TPHR503 og TPHR504 vere greidd, samt obligatoriske arbeidskrav i emnet MAMET1PHR må vere godkjend.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utveksling forbindelse med praksis i 4. semester. Vidare vil det bli lagt til rette for utveksling i forbindelse med masteroppgåva. Studentar som vel utveksling i forbindelse med masteroppgåva vil kunne velje utveksling enten som deler av semesteret eller heile semesteret . Studentar som vel utveksling i delar av semesteret vil få oppnemd rettleiar både ved HVL og ved institusjonen der dei er på utveksling.