Hopp til innhald

Studieplan - Rettleiing for pedagogar i barnehagen

Hausten 2019

Studiet rettar seg mot barnehagelærarar som ønskjer å bli praksislærar ved ein av høgskulen sine praksisbarnehagar. Emnet gir innføring i nyare teoriar og metodar for rettleiing. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, og etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Anna innhald i studiet handlar om yrkesrolla i barnehagen, perspektiv knytt til endring av eiga yrkesrolle og utvikling av profesjonelle læringsfellesskap. Studiet legg og vekt på forsking knytt til rettleiing i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Læringsutbytte

Studenten skal ha inngåande kunnskap om

  • ulike rettleiingstradisjonar og forståing for korleis ulike perspektiv på læring har følgjer for rettleiinga til studentar
  • sentrale trekk i kommunikasjonen i ei rettleiande samtale
  • etikk og makt i rettleiing
  • korleis vi kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap

Studenten skal ha ferdigheiter i å

  • kunne analysere og bruke relevante rettleiingsmetodar på ein måte som fremjar refleksjon, læring og meistringskompetanse hos studenten
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing i praksisopplæring eller kompetanseutvikling
  • gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa utviklingsprosjekt

Studenten skal ha generell kompetanse i å

  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • formidle og drøfte sentrale tema innanfor fagområdet
  • bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan rettleiing av studentar

Innhald

Emnet gir kunnskap om nyare teoriar og metodar for rettleiing. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, og etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis.

Arbeidsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som praksislærar som ein viktig læringsstrategi. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå. Studentane vil få rettleiing og tilbakemelding på eiga rettleiing på samlingane. Studiet er samlingsbasert. Mellom samlingane kommuniserer vi gjennom e-læringsverktøya Fronter og AdobeConnect.

Vurderingsformer

Sjå emneplan