Studiet har ikkje opptak i 2023.
Faget skal utvikle ei brei forståing for samspel og konflikt mellom menneske, samfunn og natur i ulike tidsepokar og i ulike delar av verda. Faget er retta inn mot grunnskulen og skal utvikle kompetanse for å undervise i samfunnsfag i skulen. Fagdidaktikk er vektlagt i heile studiet.
Vil du studere meir?
Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i historie eller sosiologi ved HVL. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium.
Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.
