Studieplan - Master i samfunnsfagdidaktikk
Hausten 2015
Mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng og eit sjølvstendig forskingsarbeid (mastergradsoppgåve) på 60 studiepoeng. Mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk utdannar kandidatar til arbeid i undervisnings- og formidlingsverksemd, t.d. i skuleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media og hjelpe- og bistandsorganisasjonar.
Samfunnsfagdidaktikk handlar om kva som er grunngjevingar for faget, kva det skal innehalda og kva som er mogelege arbeidsmåtar. Det handlar også om fagets plass i samfunnet, for elevane og kva verknader det har i vidaste tyding. Slik handlar samfunnsfagdidaktikk også om utdanning i relasjon med andre samfunnstilhøve. Fagdidaktikk slik skissert er både normativt og analytisk. Studiet byggjer på ein føresetnad om at fagdidaktikk er nært knytt til dei disiplinane, som skulefaga samfunnskunnskap, geografi og historie er forankra i.
Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid. Studentar i studiet skal gjera seg kjende med innhaldet i studieplanen.
Masterstudiet er også eit tilbod til utanlandske studentar. Det kan innebera at noko av undervisninga går føre seg på engelsk.
Master i samfunnsfagdidaktikk kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har fullført ei masterutdanning i Samfunnsfagdidaktikk skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten har gode kunnskapar om
- fagets rolle i høve sentrale samfunnsvitskaplege tema
- globalisering i eit utdanningsperspektiv
- historiemedvit og historiebruk
- vitskapsteori og samfunnsvitskapleg grunnlagsproblematikk
- teoriar og metodar innan samfunnsvitskapleg forsking og samfunnsfagdidaktikk
- forskingsetiske problemstillingar
- fagområdet si historie og tradisjonar
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- nytta teori, metodar og teknikkar i løysinga av vitskaplege problemstillingar
- nytta vitskapsteori og fagdidaktisk innsikt på sjølvstendig måte i eiga formidling
- nytta forskingsmetodar til produksjon og analyse av empiri
- utforma og gjennomføre forskingsprosjekt
- utforska og analysera undervisingsverksemd og læremiddel
- kan nytta kunnskap på nye område innafor samfunnsfaga
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- analysere samfunnsfagdidaktiske og skulerelevante samfunnsfaglege problemstillingar
- analysere forskingsetiske problemstillingar som vedkjem samfunnsfaget
- analysere samfunnsvitskaplege framstillingar og empirisk materiale
- medverke til utvikling og innovasjon av fagdidaktisk praksis
- gjere seg nytte seg av kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføra vitskapleg forankra arbeidsoppgåver og prosjekt
- formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistra samfunnsfaget sine uttrykksformer
- kommunisere faglege problemstillingar innafor samfunnsfagdidaktisk praksis og teori
Innhald
Studiet er organisert som eit institusjonsbasert heiltidsstudium over to år. Dei to åra er eit samanhengande studium der masteroppgåva utgjer det samlande elementet i studieinnsatsen.
Innhaldsmessig består studiet av seks emne. Dei tre fyrste: samfunnsfagleg forsking og litteratur, samfunnsfag i undervisning og formidling og forskingsmetodar og kjeldekritikk, gir studentane kunnskap om samfunnsfaget som vitskapsfag og formidlingsfag. Arbeidet med desse emna gir også ferdigheiter i bruk av teori, metodar og teknikkar, samt øving i munnleg og skriftleg framstilling av problemstillingar tilhøyrande faget. Emna legg også opp til sjølvstendig refleksjon over utforming av eige prosjekt.
I tillegg får studentane høve til å velje ei tematisk spesialisering innan anten historiebruk eller utdanning og globalisering i eit eige emne. Dette gir kunnskapar om faget si rolle på to sentrale felt i samfunnsdebatten.
Gjennom arbeidet med eit sjølvvalt tema for masteroppgåva, utviklar studenten kunnskapar om eit spesifikt temaområde og teoretisk, metodisk og analytisk kompetanse. Arbeidet med masteroppgåva skal utvikle ei refleksiv haldning til faget.
Semester 1:
- Emne 1 (obligatorisk): Samfunnsfagleg forsking og litteratur, 15 sp.
- Emne 2 (obligatorisk): Samfunnsfag i undervisning og formidling, 15 sp.
Semester 2:
- Emne 3 (valemne): Utdanning og globalisering, 15 sp.
- Emne 4 (valemne): Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk, 15 sp.
- Emne 5 (obligatorisk): Forskingsmetodar og kjeldekritikk, 15 sp.
Semester 3 og 4:
- Emne 6 (obligatorisk): Masteroppgåve, 60 sp.
Første semester:
Emne 1 er obligatorisk, og skal gi ei brei forståing for samfunnsvitskapleg grunnlagsproblematikk, og gjera studenten i stand til å utforme sitt eige masterprosjekt. Emne 2 skal gi eit oversyn over samfunnsfagsdidaktikk og skal løfta fram sentrale utfordringar for fagdidaktisk teori og praksis i vid tyding. Det skal setja studenten i stand til kritisk analyse av samfunnsfaglege framstillingar, inkludert undervisning. Studentane må tidleg retta seg inn mot tema og problemstilling for masteroppgåva. Kvar kandidat får tildelt ein rettleiar tidleg i 1. semester. Rettleiingskontrakt blir skriven innan 15. september. Emne 1 og 2 går parallelt, med eksamen i slutten av semesteret.
Andre semester:
Studentane kan velje å ta anten emne 3 eller 4. Desse emna gir djupare kunnskap i kvart sitt fagdidaktiske problemfelt. Emne 3 og 4 går parallelt med emne 5 i andre semester, med eksamen mot slutten av semesteret. Emne 5 gir studentane kunnskapar og kompetanse i forskingsmetodar. Som Emne 1 er også Emne 5 nært knytt til utforminga av masteroppgåva, og skal munne ut i ei prosjektskisse for den planlagde masteroppgåva.
Tredje og fjerde semester:
Studentane skriv og får rettleiing på masteroppgåva. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane gjere bruk av kunnskapar og dugleikar tileigna gjennom det første året. Normalt vil det tredje semesteret involvera datainnsamling / feltarbeid i Noreg eller i utlandet.
Gradsnemning
Studiet fører fram til "Master i samfunnsfagdidaktikk" ("Master of social science education").
Opptakskrav
Opptaksgrunnlaget for master i samfunnsfagdidaktikk er bachelorgrad med 60 eller 80 studiepoeng i samfunnsfag:
- tre år av allmennlærarutdanning / grunnskolelærar- / førskolelærarutdanning som inkluderer obligatorisk del (120 studiepoeng) og minst 60 studiepoeng samfunnsfag
eller
- Disiplinbasert bachelorgrad frå universitet eller høgskule med minst 80 studiepoeng samfunnsfag
Samla karakter for 60/80 studiepoengs fordjuping må være C, 2.7, tilfredsstillande eller betre for å kvalifisere til opptak.
Studiet vil kunna gå inn som fjerde og femte år i ei femårig lærarutdanning (GLU / ALU). Masterstudiet kan også takast som vidareutdanning etter fullført lærarutdanning.
Søkjarar vil bli rangert i høve til høgskolens forskrift om opptak til mastergradsstudier og videreutdanninger.
Praksis
I haustsemesteret 1. studieår inngår ein praksisperiode på 15 dagar. Praksis er ein integrert del av studiet. Det blir lagt vekt på heilskap og samanheng mellom teori- og praksisstudiar i nært samspel med partnarskulane. Praksis er læringsarena på line med høgskolen.
Studentane skal difor - enkeltvis eller i grupper - planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg i faget i skulen. Slike opplegg skal førebuast fagleg og didaktisk, gjennomførast og evaluerast i samarbeid med praksislærarar ved våre partnerskular og høgskolens lærarar.
Arbeidsoppgåver for studenten i samband med praksisopplæringa er å lage planleggingsdokument, svare på praksisoppgåver, føre praksislogg, skrive refleksjonsnotat og gjennomføre sjølvevaluering.
Sjå elles felles plan for praksis for grunnskolelærerutdanninga ved HiB.
Arbeidsformer
Studiet krev at studentane tek sjølvstendig og aktivt ansvar for eiga læring. Undervisninga blir organisert gjennom forelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing og studentrespons. Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar. Oppgåve- eller essayskrivinga vil i stor grad ta utgangspunkt i teoretiske og forskingsmetodiske problemstillingar knytt til masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus.
Vurderingsformer
Både munnleg og skriftleg eksamen vil verta nytta.