Hopp til innhald

Studieplan - Master i samhandling og folkehelse

Hausten 2026

Folkehelse handlar om befolkninga si helsetilstand og korleis helsa er fordelt i befolkninga. Folkehelsearbeidet skal bidra til å redusere sosiale skilnader i helse, og sikre deltaking og inkludering for alle uavhengig av kulturell og sosioøkonomisk bakgrunn. Masterprogrammet i Samhandling og folkehelse er ein tverrfagleg master som gir avansert kompetanse i å analysere, utvikle og leie folkehelsearbeid og samhandling i helse- og velferdstenesta. Programmet har ein tydeleg progresjon: frå grunnleggjande kunnskap om folkehelse og samhandling, via utvikling og innovasjon i tenestene, til gjennomføring av eit sjølvstendig masterprosjekt.

Samfunnet får færre yngre og fleire eldre. Dette gir auka behov for tenester, samstundes som tilgangen på arbeidskraft minkar. Vi har og fleire med samansette og langvarige helseproblem, fleire med rusvanskar og psykiske lidingar, og talet barn og unge med ulike typar utfordringar aukar også. Mange av desse gruppene har komplekse behov som krev at tenestene samhandlar for å oppnå heilskaplege forløp med brukarane i sentrum. Veksande behov og mangel på arbeidskraft krev meir innovasjon og utviklingsarbeid i tenestene.

Gode fellesskapsløysingar med ein inkluderande og helsefremjande innretting skal prege alle sektorar og tenester. Masterprogrammet legg vekt på korleis ein kan organisere og setje i verk tiltak for å bevare og fremje helsa i befolkninga på strukturelt nivå, og korleis ein kan forbetre samhandlinga for dei som har behov for helse- og velferdstenester.

Solid kunnskap og kompetanse er naudsynt i offentlege tenester som skal handtere komplekse samanhengar og møte høge krav til kvalitet og innovasjon. Master i samhandling og folkehelse tek for seg helsefremmande og folkehelsefaglege problemstillingar basert på profesjonskunnskap og samfunnsvitskapelege og helsevitskaplege perspektiv.

Studiet gjev kompetanse til å:

  • Sette i verk, leie og evaluere innovasjon og tenesteutvikling retta mot ulike brukargrupper.
  • Leie, koordinere og tilrettelegge for samanhengande og heilskaplege tenester til brukarar med langvarige og samansette behov.
  • Arbeide helsefremmande og førebyggande med brukarar med langvarige og samansette behov.
  • Legge til rette for brukarmedverknad

Studiet er retta mot personar som på ulike nivå arbeider med, eller samarbeider om, helsefremmande og folkehelsefaglege problemstillingar, til dømes sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, pedagogar, ergoterapeutar, fysioterapeutar og andre med relevant samfunns- eller idrettsfagleg utdanning.

Studiet kvalifiserer til brukar-retta arbeid, fagleg leiing og til leiing av innovasjon- og utviklingsarbeid i kommune- og spesialisthelsetenesta, samt til arbeid i offentleg forvaltning og i rådgivingstenester, til dømes sosialtenesta, barnevern, NAV, utdanning og ulike aktivitets- og treningstilbod.

Studiet er bygd opp av obligatoriske og valfrie emne. Dei valfrie emna gir fordjuping og høve til å spisse kompetansen innan tenester til barn og unge, eldre, ulike somatiske tilstandar, psykisk helse- og rusarbeid, e-helse og velferdsteknologi og rettleiing.

Opptakskrav

Opptakskrav Master i samhandling og folkehelse:

  • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett eller pedagogiske fag.

Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Søkjarar rangerast i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori, metode og forskingsetikk.
  • har inngåande kunnskap om sentrale perspektiv på folkehelse, samt politiske føringar og krav på helse- og velferdsområdet.
  • dybdekunnskap om samhandling mellom brukere, hjelpeapparatet og omgjevnadene, med vekt på brukermedvirkning, myndiggjøring, etikk og livsfaseperspektiver.
  • har inngåande kunnskap om leiing av tenesteutvikling og innovasjon i lys av makt, samhandlingsstrukturar og organisatoriske rammer.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere og drøfte komplekse problemstillingar innan samhandling og folkehelse, samt prioritere relevante tiltak for pasient/brukargrupper.
  • kan identifisere endringsbehov og leie tverrfagleg innovasjonsarbeid innad og på tvers av tenestene basert på kunnskap og samskapingsmetodikk.
  • kan planlegge, leie og evaluere helsefremmande og forebyggande tiltak, samt utvikle samordna og heilskapelege tenester for, og med brukarar.

Generell kompetanse:
Studenten....

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor innovasjon og forbetringsarbeid, eller forsking under rettleiing, og i samsvar med gjeldande lover, vitskaplege prinsipp og forskingsetiske normer.
  • kan leie innovasjon og tenesteutvikling på ein analytisk og systematisk måte.
  • kan formidle prosjektresultat og kunnskapsbaserte argument i debattar knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse.
  • har kvalifikasjonar for vidare forskarstudium.

Arbeidsformer

Studiet nyttar undervisnings- og læringsformer som fremjar studentaktivitet, med ein kombinasjon av sjølvstudium, dialogbasert undervisning, digitale forelesningar, individuelt skriftleg arbeid, gruppearbeid og seminar. Studiet legg vekt på samarbeid, kritisk refleksjon og aktiv deltaking gjennom framlegg, diskusjon og medstudentrespons. Studentane må sette av tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver. Studentane vil få rettleiing ved skriftlege arbeid. Nærare beskriving går fram i omtalane av dei ulike emna.

HVL nyttar det nettbaserte læringsverktøyet Canvas aktivt til undervisning, kommunikasjon og samarbeid gjennom studiet. Informasjonskompetanse er nødvendig. Registrerte studentar får tilgang til bibliotekressursar som ulike databasar for nasjonale, nordiske og internasjonale tidsskrift, samt elektroniske databehandlingsverktøy.

Vurderingsformer

Alle emne har obligatoriske arbeidskrav som må vere godkjende før eksamen kan gjennomførast (jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 8.4).

I studiet vert det nytta ulike vurderingsformar. Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering. Type sluttvurdering går fram av emneplanane. Studiet avsluttast med ein masteroppgåve skriven anten individuelt eller i par.

Det vert nytta bokstavkarakterar (A – F) i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneomtalen.

Krav til studieprogresjon

Emna MS1-320, MS1-323, MS1-326 og MAMET1SF-1må vere bestått for å starte på masteroppgåva. Alle emna må vere bestått for å kunne levre masteroppgåva.

Internasjonalisering

Alle emne har ein tydeleg internasjonal profil. Dette kan mellom anna omfatte bruk av relevant engelskspråkleg litteratur, drøfting av internasjonale faglege problemstillingar i dei ulike emna og undervisning av internasjonale gjesteførelesarar. Studentar har høve til å få internasjonal erfaring i løpet av utdanninga. Høgskulen på Vestlandet har samarbeid med fleire universitet i utlandet.

Organisering

Masterprogrammet er nettbasert, organisert som heiltid eller deltid over fire år. Undervisninga i dei obligatoriske emna er samlingsbasert og digitale. Studenten kan ta 15 eller 30 studiepoeng valfrie emne som er tverrfaglege eller meir spesifikt retta mot ein sektor. Ein kan søke om fritak frå obligatoriske eller valfrie emne på bakgrunn av tidlegare gjennomførte fagleg relevante emne på masternivå.

Studentar med valemne på 15 studiepoeng skriv masteroppgåve på 45 studiepoeng, og dei med valemne på 30 studiepoeng skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng. Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller i par. Målet er at studenten skal kunne planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt innan eit avgrensa fagområde. Arbeidet skal gi erfaring med innhenting, handtering, analyse og formidling av data. Gjennom dette skal studentane utvikle forståing for korleis kunnskap blir skapt gjennom refleksjon og fortolking. Dei skal vise medvit om forskingsetiske spørsmål og får rettleiing i planlegging og gjennomføring av prosjektet. Gjennom emnet MAMET1SF får studentane inngåande innsikt i vitskapsteori, metode og forskingsetikk som grunnlag for arbeidet. Dei deltek òg på obligatoriske masterseminar med framlegg, opposisjon og rettleiing under skriveprosessen.