FD45 Skriverettleiing | Vår 2026

Fagdidaktiske moduler | valfri modul

Modulen vil passe for deg som rettleier studentar i tekstarbeid. Kurset er lagt opp som tre digitale møte à tre timar der siste time vil vere gruppearbeid over dagens tema.

Nettbasert

Hopp til

    Påmelding

    Modulbeskriving

    Modulen vil passe for deg som rettleier studentar i tekstarbeid. Kva er god akademisk skriving, korleis kommuniserer du det til studenten og korleis sørger du for at dei jobbaraktivt med tilbakemeldingar og revisjon av eigen tekst? Kan du gjennom bevisstgjering rundt eiga skriverettleiing hjelpe studenten til å utvikle seg som skrivar?

    Kurset er lagt opp som tre digitale møte à tre timar der siste time vil vere gruppearbeid over dagens tema.

    Nøkkelord

    Skriverettleiing
    Studenten som skrivar
    Skriving i fag og sjanger
    Tilbakemelding på studentars tekstarbeid
     

    Læringsutbyte

    Etter gjennomført modul kan deltakarane

    Identifisere utviklingsområde i eiga rolle som skriverettleiar for å utvikle og ivareta studenten som skrivar
    Ta i bruk skrivedidaktiske omgrep for å klargjere eiga skriverettleiing
    Utvikle eigen skriverettleiingspraksis i dialog med dei andre kursdeltakarane
    Klargjere og kommunisere krav knytte til oppgåvetypar og skrivesjangrar
    Identifisere styrkar og forbetringspotensiale i ein studenttekst
    Aktivere studenten i arbeid med tilbakemelding og utvikling av eigen tekst
     

    Læringsaktivitetar

    Til første samling ber vi om at deltakarane tenkjer over desse spørsmåla til diskusjon i gruppa:

    Finst det retningslinjer for korleis ein gir tilbakemelding på tekstarbeid i ditt fag?
    Kva slags forventingar har du til studenten som skrivar i faget ditt?
    Blir dei innfridd?
    Kva gjer du når du rettleier på tekst?
     

    Som mellomarbeid til andre samling skal du ta eit opptak av ein fiktiv eller reell rettleiingssituasjon der du viser korleis du gir tilbakemelding på ein studenttekst. Bruk gjerne utdrag av tekstarbeid frå tidlegare rettleiingsmøte. Filmen skal vare i maks fem minutt. Bruk mobil eller ta opptak i Zoom og legg det i Mappe «Film» på Canvas ei veke før samling 2.

    Sjå gjennom filmane til dei andre på di gruppe. I siste time i samling 2 diskuterer de følgande spørsmål i grupper (pass på at de får snakke om alle filmane på gruppa):

    Kva er bra med måten kollegaen din rettleier på?
    Kva er fagspesifikt?
    Kva er knytt til sjanger?
    Kvar er det rom for forbetring?
    Har rettleiingssituasjonen overføringsverdi til din eigen praksis? 
     

    Før siste samling skriv du eit refleksjonsnotat på cirka 1 500–2 000 ord der du reflekterer over punkta under. Bruk gjerne litteratur frå tilrådd leseliste. Refleksjonsnotatet leverast i Mappe «Filmrefleksjon» på Canvas til siste samling.

    Beskriv (kort) din eigen rettleiingsfilm
    Kva for tilbakemeldingar fekk du?
    Er det noko du vil endre i måten du rettleiar på?
    Korleis vil du no møte studenten?
     

    I siste del av samling 3 presenterer du refleksjonsnotatet for dei andre på gruppa di. Til drøfting:

    Kva har du lært etter å ha sett og høyrt korleis kollegaen din rettleiar i tekstarbeid?
    Korleis kan du dra nytte av kollegaers rettleiingspraksis innanfor ditt fag?

     

    Organisering av modulen

    Heildigitalt kurs, tre samlingar på Zoom à tre timar, mellomarbeid med å filme eige rettleiingsøkt og skrive refleksjonsnotat. Vi deler inn i arbeidsgrupper på første samling.

    Kurset er samansett av tre digitale delar.
    Alle samlingane er ein kombinasjon av teoretiske førelesingar og praktiske aktivitetar.

    Samling 1: torsdag 26. februar kl. 12:1515:00

    12:15–13:00 ​Introduksjon til dialogisk rettleiing (Solveig Kavli)

    13:15–14:00​ Studenten som skrivar (Ingerid Straume)

    14:15–15:00​ Introduksjon til mellomarbeid

    Gruppearbeid i breakout-rooms. Spørsmål til diskusjon:

    a) Finst det retningslinjer for korleis ein gir tilbakemelding på tekstarbeid i ditt fag?

    b) Kva slags forventingar har du til studenten som skrivar i faget ditt? Blir dei innfridde?

    c) Kva gjer du når du rettleier?

    Samling 2: onsdag 25. mars kl. 12:15–15:00

    12:15–13:00​ Om fagspesifikk skriving og skrivetradisjonar i ulike fag (Kirsti Lunde)

    13:15–14:00 ​Om sjanger og skrivehandlingar (Bodil Moss)

    14:15–15:00 ​Introduksjon til refleksjonsnotat

    Tilbakemelding på rettleiingsfilmar i breakout-rooms

    Samling 3: torsdag 21. mai kl. 12:15–15:00

    12:15–13:00​ Formative Feedback on Student Writing (Zoltan Varga)

    13:15–15:00 ​Presentasjon av refleksjonsnotat i breakout-rooms: Refleksjon rundt utvikling av eigen rettleiingspraksis.

    Omfang

    9 timar undervisning og 31 timar eige-arbeid som består av opptak av eigen rettleiingssituasjon, tilbakemelding på kollegaer sine filmar, og skriving av refleksjonsnotat.

    Vurdering

    Deltakarane får eitt poeng for aktiv deltaking i undervisning (minimum to samlingar), samt tilbakemelding på rettleiingsfilmar i grupper, og to poeng om dei også leverer og får godkjent refleksjonsnotatet.

    Tilrådd litteratur

    Carless, D. & Boud, D. (2018). The development of student feedback literacy: Enabling uptake of feedback. Assessment and Evaluation in Higher Education, 43(8), 1315–1325. https://doi.org/10.1080/02602938.2018.1463354

    Dysthe, O. & Samara, A. (2006). Forskningsveiledning på master- og doktorgradsnivå.Abstrakt
    ​forlag.

    Hattie, J. & Timperley, H. (2007). The Power of Feedback. Review of Educational Research
    77(1(81–112. https://doi.org/10.3102/0034654302984

    Kallestad, Å. H. (2021). Å skrive fag. (2. utg.). Fagbokforlaget.

    Straume, I. S. (2020). Skriveren og teksten: Fortellinger om identitet og faglig skriving. Cappelen Damm akademisk/NOASP. https://doi.org/10.23865/noasp.92

    Søk & Skriv. (2025, 5. desember). Søk & Skriv Sjå særleg på spora «Skriving», «Frasebank» og «Studieteknikk».

    Tveiten, S. (2024). Veiledning: Mer enn ord ... (6. utg.). Fagbokforlaget.