Hopp til innhald

Studieplan - Sosialt arbeid, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2020

Sosionomen sin kompetanse er retta mot arbeid i alle delar av helse- og sosialfeltet. Profesjonelt sosialt arbeid skjer i hovudsak i direkte kontakt mellom sosionomar og brukarar. Brukaren kan vere enkeltpersonar, ein familie, ei gruppe, ein organisasjon eller eit lokalsamfunn. Det styringsmessige aspektet er viktig i arbeidet i både den kommunale og den statlege sosial- og barneverntenesta.

God skriftlig framstilling er sentral i alt sosialt arbeid. Sosionomutdanninga er ei generalistprega sosialarbeidarutdanning som kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt, og i forhold til ulike målgrupper.

Felles innhaldsdel for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal har omlag 60 studiepoeng felles. Denne delen skal medverke til å danne sams haldningar og ferdigheiter, samt å gi forståing for felles referanseramme og for fleirfagleg samarbeid i yrkesutøvinga. Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga. Utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med svakstilte grupper står sentralt.

Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar. Tverrprofesjonell samarbeidslæring er gjennomgåande tema i alle tre utdanningane. Det vert etablert grupper frå dei tre profesjonsutdanningane som samarbeider om ulike oppgåver gjennom utdanninga. Rammeplanar og lov om universiteter og høyskoler regulerer studieplanen.

Skikkavurdering

Studentar ved barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudia er omfatta av Forskrift om skikkethet.

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av helse- og sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane aukar forståinga for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Omfanget og innhald i praksisstudia for dei tre utdanningane er gjort greie for i dei aktuelle emna. Praksisperioden i haustsemesteret på tredje studieåret er ein felles tverrfagleg prosjektpraksis i grupper.

I forbindelse med praksis vert det arrangert for- og etterpraksisseminar samt rettleiarsamling, der alle rettleiarane vert invitert til høgskulen. Studentane kan pårekne flytting og ekstra økonomiske kostnader i forbindelse med praksis. Ein får dekka ekstra bu- og reiseutgifter i henhold til høgskulen sitt reglement. Dersom studenten bur heime hjå familie får han/ho ikkje dekka bu-utgifter.

Politiattest

Det er krav om at studenten leverer politiattest ved oppstart av utdanninga. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.

Læringsutbytte

Etter gjennomført studium har kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om sosialt arbeid sin historie, teorigrunnlag, vitskaplege tenking og arbeidsområde
  • brei kunnskap om korleis samfunnsmessige strukturar/prosessar skapar og held vedlike sosiale problem
  • brei kunnskap om å arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarane sine interesser 
  • kunnskap om menneske med ulik realitetsoppfatning og kan arbeide i ein fleirkulturell kontekst
  • kunnskap om juridiske spørsmål innan sosionomen sine arbeidsområde
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor aktuelle fagområde

Etter gjennomført studium kan kandidaten:

Ferdigheiter

  • analysere sosiale problem og vurdere og iverksetje relevante tiltak i samarbeid med brukar
  • løyse konfliktar
  • kommunisere i ulik kontekst og reflektere over teoretisk og praktisk kunnskap i sosial fagleg arbeid
  • dokumentere faglege kunnskapar skriftleg frå alle emna i studiet og kan skrive akademiske tekstar
  • utarbeide skriftleg dokumentasjon innan fagområdet
  • analysere ressursar hjå einskildpersonar og nærmiljø 

Generell kompetanse

Etter gjennomført studium har/kan kandidaten:

  • oversikt over hjelpeapparatet og kan samarbeide med andre yrkesgrupper og brukarar/klientar
  • kompetanse innan ulike sosialfaglege arbeidsformer, med spesiell vekt på arbeidsformer der brukarar er aktive deltakarar og mobiliserer eigne ressursar, enten brukarane er enkeltpersonar, familiar, grupper eller organisasjonar
  • oppdatere sin fagkunnskap, delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking og annan fagleg innovasjon, og reflektere over eiga personleg og fagleg utvikling
  • medverke til at samfunnet, gjennom sosiale hjelpeordningar, førebyggjer sosiale problem og fremjar befolkninga si moglegheit til å meistre livsoppgåvene sine. Sosiale problem kan vere av materiell, personleg og relasjonell karakter.
  • innsikt i eigne verdiar og haldningar og viser respekt for andre sine verdiar og livsformer
  • kunnskap om andre profesjonar og betydninga av tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Innhald

Bachelorstudiet i sosialt arbeid byggjer på kunnskap frå sosialt arbeid, psykologi, samt juridiske og samfunnsfaglege emne. Det er eit mål å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga. Utdanninga ved HVL er delt inn i 9 fleirfaglege emne, kvart med avsluttande eksamen. Studenten skal kunne dokumentere faglege kunnskapar skriftleg i alle emna. Enkelte emne er felles med bachelorstudia i barnevern og vernepleie.

Emna første året skal gi kandidatane eit innblikk i dei ulike faga sine tenkjesett og metodar, samt innblikk i arbeidsområde til sosionomar. I det andre året er fokus meir retta mot det anvendte aspektet i faga, og kandidatane får trening i å knyte teori til praksis. Det er ein 16 vekers klientretta praksisperiode i fjerde semester. Ein tverrfagleg prosjektpraksis på 10 veker saman med bachelorutdanningane i barnevern og vernepleie i haustsemesteret på tredje studieår.

Tredje året er ei vidareføring av og ei fordjupning i faga frå dei to første åra, og dette året skal studenten også arbeide med ei bacheloroppgåve.

Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskap frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet.

Høgskulen skal mellom anna:

  • leggje til rette for at studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap innan fagfeltet
  • leggje til rette for forskningsbasert undervisning
  • tilby eit læringsmiljø som fremjar studenten sine evner til kritisk refleksjon og faglege engasjement, samt stimulerer til aktiv deltaking og personleg utvikling
  • legge til rette for at studentane tileignar seg kunnskap om kjeldekritikk, kjeldebruk og informasjonsinnhenting
  • vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonar og forskarar innan fagområdet
  • legge til rette for bruk av digitale læringsverktøy

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av sosialarbeidarutdanningane. Praksisstudia skal medverke til at studentane aukar forståinga si for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Sosionomutdanninga skal ha 16 veker klientretta praksis i vårsemesteret andre studieåret og 10 veker tverrfagleg prosjektpraksis i haustsemesteret på tredje studieår. Praksisperiodane inkluderer praksisførebuing og - oppsummering ved Høgskulen.

Arbeidsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og arbeidsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåveskriving, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium, veiledning og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet og skal gjere studentane i stand til å handtere dei ulike krava arbeidsfeltet stiller.

Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til både eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga.

Studentane skal lære å skrive tekster innen ulike sjangre, både i høve til saksutgreiingar i offentleg forvaltning og akademisk. Dei skal gjennom skriflege oppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, samt strukturering og formidling av kunnskap.

Det er obligatorisk deltaking i delar av undervisninga, sjå under omtalane av dei ulike emna.

Det vert arbeidd med å utvikle digitale læreformer og læreverktøy. Enkelte undervisningar kan verte strøyma og evt samordna med ein annan utdanningsinstitusjon.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike former for sluttvurdering: skriftlege arbeid, framlegging i gruppe, heimeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg eksamen (individuelt og i gruppe) og vurdering av praksis.

Lovlege hjelpemiddel

  • Skriftleg skuleeksamen: Norges lover og/eller Lovsamling for helse- og sosialsektoren med kryssreferansar og understrekingar. Ordliste.
  • Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av Høgskulen.

Karakterar
Greidd/ikkje greidd på godkjenning av praksis og bokstavkarakterar på dei andre emna. Sjå omtale av dei ulike emna.

Krav til studieprogresjon

Oppflyttingskrava vert gjort greie for i dei ulike emna.

Internasjonalisering

Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Studenten kan og søkje om å ta emnet Global Knowledge, som inkluderer praksis i Zambia, i staden for emnet praksis og praksisrefleksjon. Studentane som tek Global knowledge må ha praksis i sosialfagleg arbeid i femte semester i staden for tverrprofesjonell praksis.