Hopp til innhald

Studieplan - Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium

Hausten 2020

Sentrale sosiologiske tema blir formidla gjennom studiar av institusjonar som er viktige for ungdom, og kulturelle trekk ved ungdomsfasen. Ein nyttar faglitteratur som gir eit teoretisk og empirisk grunnlag for ungdomssosiologiske studiar. Studiet presenterer sentrale sosiologiske perspektiv frå klassiske teoritradisjonar til nyare sosiologisk teori og gir innsikt i det vitskaplege grunnlaget for faget.

Dei sosiologiske perspektiva blir utdjupa gjennom døme på konkrete studiar av ungdom. Ein kan forstå ungdomstida som ein livsfase der kvalifisering til vaksenroller er den sentrale livsoppgåva. Denne oppgåva må løysast i samspel med omgjevnader som er prega av auka kompleksitet og raske endringar i dei unge sine sosiale, kulturelle, økonomiske og materielle livsvilkår. Studiar av endringsprosessar som modernisering og globalisering har derfor ein sentral plass.

Spesiell merksemd blir retta mot marginaliseringsprosessar som oppstår gjennom eit auka normpress, hardare konkurranse og endringar i måten samfunnet forstår og handterer utanforskap.

Målgruppa er studentar med interesse for samfunnet generelt og for ungdomskultur og sosiale problem knytt til ungdom som livsfase spesielt. Utdanninga gjev ei klarare yrkesretting enn eit tradisjonelt sosiologifagleg bachelorprogram. Utdanninga gir grunnlag til å gå vidare på masterutdanning i sosiologi. 

Studiet er relevant for arbeid i både offentleg og privat sektor. Delar av studiet er også relevant vidareutdanning for sosialarbeidarar, lærarar og andre yrkesgrupper.

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Har kandidaten brei kunnskap om sosiologiske omgrep om sosiale mønster, relasjonar og prosessar
  • Har kandidaten kunnskap om kva rolle "ungdom" som omgrep og gruppe har hatt i analysar av samfunnsendring
  • Har kandidaten brei kunnskap om metodar i sosiologisk forsking
  • Kjenner kandidaten til grunngjevingar for at faget nyttar ulike metodar, og kva grunnlag metodane legg for kunnskapsdanninga
  • Har kandidaten kunnskap om kva for plass sosiologifaget har hatt i samfunnet, korleis det utviklar seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi faget har i dag

 

Ferdigheiter  

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske og ungdomssosiologiske studiar i akademiske arbeid
  • Kan kandidaten nytte enklare variantar av forskingsmetodar i sosiologisk analyse
  • Kan kandidaten gi døme på korleis sosiologien har tematisert og omgrepsfesta samfunnsendring i historia og samtida
  • Kan kandidaten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologifagleg ståstad
  • Kan kandidaten samanfatte og utføre grunnleggjande vurderingar av samfunnsvitskaplege forskingsresultat
  • Kan kandidaten nytte kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet i fagleg relevant yrkespraksis

 

Generell kompetanse

  • Har kandidaten innsikt i etiske verknader av sosiologisk forsking og kunnskapsspreiing
  • Kan kandidaten planleggje og gjennomføre sjølvstendige faglege bidrag i samarbeid med andre i arbeidsliv eller vidare studium
  • Har kandidaten innsikt i korleis gjevne tids- og kostnadsrammer verkar inn på arbeidsprosessar
  • Kan kandidaten formidle sentralt fagstoff gjennom å skrive sakleg og etterretteleg 

Innhald

Studiet har åtte emne i sosiologi, som til saman utgjer 100 studiepoeng. Seks av emna (til saman 70 poeng) er disiplinemne i sosiologi; dei to andre (til saman 30 poeng) er Sosiologisk forskingsmetode og Arbeidslivsretta sosiologi. Første året tek studenten dessutan Ex phil (10 studiepoeng) og Ex fac (10 studiepoeng). Første og tredje året har studentane eit fast løp med dei nemnde emna. Andre året vel studentane dei tilrådde emna eller andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Studentar som tek delar av andre studieåret ved andre institusjonar bør be om førehandsgodkjenning frå HVL.

Praksis

Studiet inneber inntil sju veker obligatorisk praksis i emnet Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp).

I praksisperioden får studenten høve til å bruke og utvikle den faglege kunnskapen sin på ein relevant arbeidsplass. Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Praksisen kan også nyttast som grunnlag og idéutvikling for sosiologiske problemstillingar knytt til arbeidslivet, og som studenten kan følgje vidare opp i seinare studiar eller arbeid.

Arbeidsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg presentasjon, skriftlege arbeid, arbeidslivspraksis og sjølvstudium. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i alle undervisningsformer.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing, heimeeksamen og munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Om ikkje anna er oppgitt blir det gitt bokstavkarakter på emnet.

Internasjonalisering

Studentar som følgjer det ordinære bachelorløpet i sosiologi kan ta eitt eller begge semester andre året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.