
Sosiologi | ungdomssosiologi
Bachelor
Vil du lære mer om oppvekstvilkåra til dagens ungdom? I bachelor i sosiologi får du innsikt i tema som omhandlar overgangsfasen frå barn til vaksen, og utfordringane ungdommar møter kulturelt, sosialt og materielt.
Kvifor studere sosiologi?
Sosiologi er utdanninga for deg som er interessert i samfunnet og korleis vi forheld oss til kvarandre. Ein utdanning innan samfunnsvitskap gir deg ei brei forståing av korleis samfunnet heng saman, som gjer at du kan jobbe nesten kvar som helst! I vår utdanning er det også praksis, slik at du får god erfaring frå arbeidlivet mens du studerer.
I ungsomssosiologi legg vi særleg vekt på utfordringane som møter ungdom i dag. Både det norske og det internasjonale samfunnet blir brukt som ramme for å studere oppvekstvilkår, overgangsfasar, makt og meiningsskaping.
Du kan også ta eit årsstudium i ungdomssosiologi. Viss du trivst kan du fortsette på 2. året på bacheloren.
Du kan studere ungdomssosiologi ved campus Sogndal.
Kva lærer du om?
- sosiologiske omgrep, teoriar og analysar
- sosiale relasjonar og meistring av overgangen frå barn til vaksen
- korleis familien, skulen, vennegjengen, nærmiljøet og internasjonale impulsar kan forklare ulike val og ulik meistring
- korleis endringar i samfunnet skapar nye bilde av enkeltmenneske, familie og vennskap
- korleis sosiologien kan brukast i arbeids- og organisasjonsliv
- forskingsmetode, vitskapsteori og filosofihistorie
Kva kan du jobbe med?
- Gjennom studiet blir du god til å samanfatte informasjon frå mange kjelder, og å analysere denne sosiologisk. Denne kompetansen er etterspurt, og har stor verdi både i offentleg og privat arbeidsliv.
- Mange sosiologar jobbar innan undervisning, i fagorganisasjonar, i media og i administrative stillingar der det trengst utgreiingar og saksbehandling.
- I stillingar med ansvar for planlegging og tilrettelegging av ulike tiltak for ungdom, vil du har gode kvalifikasjonar med denne utdanninga.
Lønn: Kva tener ein sosiolog?
I gjennomsnitt tener rådgivere og forskare innan samfunnsvitskap 707 500 i året. Les meir om lønn på utdanning.no
Praksis i sosiologiutdanninga
I 3. året har du praksis på ein relevant arbeidsplass, der du arbeider med aktuelle sosiologifaglege oppgåver. Dette gir deg ei meir yrkesretta utdanning.
Innhald i studiet
Vi har forelesingar, gruppediskusjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Undervisninga baserer seg på at du er glad i å lese faglitteratur på eiga hand eller i samarbeid med medstudentar.
I 2. året har du tre valfrie emne og tre obligatoriske. Viss du skal ta emne ved andre høgskular eller universitet bør du søke førehandsgodkjenning. Du kan også reise på utveksling. Sjå meir informasjon lengre ned.
I 3. året skriv du bacheloroppgåve om eit sosiologisk emne du interesserer deg særleg for.
Med fullført årsstudium i ungdomssosiologi, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorutdanninga. Du søker gjennom vår Søknadsweb.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.
Kor kan du reise?
Australia | University of the Sunshine Coast (USC)
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Danmark | University College Lillebælt
Nederland | Saxion University of Applied Sciences
USA | Augsburg University
USA | Augustana University