Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i Sosiologi - nettstudium

Hausten 2024

Sosiologi handlar om å forstå samspelet mellom individ og samfunn og danning av relasjonar og handlingsmønster innanfor ulike samfunnsområde. Det er og opptatt av endringar i relasjonar og mønster, slik ein kan observere det i samfunnets oppgåvefordeling og praksisar. Det er ein brei og mangesidig samfunnsvitskap med ei lang historie som delvis er felles med andre samfunnsvitskapar.

I bachelorutdanninga ved HVL er vi opptatt av å gi studentane dei viktigaste faglege reiskapane for å praktisere sosiologi. Det tyder ei teoretisk, metodisk og analytisk grunnopplæring gjennom å lese faglitteratur, å gjere individuelle og kollektive øvingar, og å formidle faget på varierte måtar. Studentane får innsikt i korleis samfunnsvitskapen har undersøkt sosiale klassar, ulikskap, samhandling, kjønn, maktforhold, sosialisering, kultur og dei sentrale samfunnsinstitusjonane.

Faget har som premiss at ein må forstå individ ut frå samanhengen dei er del av. Omgjevnadane for individ skiftar med ulik livssituasjon, stadar og kultur, og historia byr dessutan på eksempel som syner dramatiske forskjellar i levekår for menneske i ulike tidsperiodar. Slike historiske skifte kan gå svært fort: Digital teknologi, bioteknologi og energiproduksjon har på kort tid omskapt omgjevnadane våre og gitt opphav til både framtidstru og kriseopplevingar. Klima- og miljøproblem er høgt på den politiske dagsorden, men står i direkte konflikt med andre sentrale samfunnsbehov. Med framveksten av fleire stormakter, og spenningane dette gjev opphav til, ser verda og farlegare ut enn for berre 10 – 20 år sidan.

I bachelorstudiet blir det faglege grunnlaget i sosiologien prøvd opp mot og eksemplifisert ved slike observerbare endringar. Vi rettar og merksemda mot korleis ulike historiske erfaringar pregar ulike generasjonar av menneske, særskild i ungdomstida, og korleis det kan medverke til nyskaping i arbeids- og samfunnsliv, men og uro, konflikt og uklare normer.

Studiet er samansett av allmenn sosiologisk teori og metode, men har innslag av tematiske fordjupingsemne som gir studentane faglege perspektiv på dagsaktuelle samfunnsforhold. Sosiologiutdanninga vår er og open for kunnskap frå andre samfunnsvitskaplege fagdisiplinar (t.d. antropologi og statsvitskap).

Målgruppa er studentar med ei brei samfunnsinteresse, som vil ha ei djupare forståing av sosialt liv i dagens grenseflater mellom kultur og natur, økonomi og samfunn, og mennesket og materielle vilkår. I tredje studieår blir det høve til å praktisere sosiologi i arbeidslivet gjennom eit lengre opphald på ein arbeidsplass. Både privat og offentleg sektor er gode alternativ for studentar som ønskjer ein slik arbeidspraksis.

Utdanninga gjev grunnlag for å gå vidare på master i sosiologi og andre samfunnsvitskapleg orienterte, eller tverrfaglege, masterutdanningar.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium:

Kunnskapar

Har kandidaten brei kunnskap om sosiologiske omgrep om sosiale mønster, relasjonar og prosessar

Har kandidaten kunnskap om korleis generasjonar og generasjonsspesifikke erfaringar kan bidra til samfunnsendring

Har kandidaten brei kunnskap om metodar i sosiologisk forsking

Kjenner kandidaten til grunngjevingar for at faget nyttar ulike metodar, og kva grunnlag metodane legg for kunnskapsdanninga

Har kandidaten kunnskap om kva for plass sosiologifaget har hatt i samfunnet, korleis det utviklar seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi faget har i dag

Ferdigheiter

Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske studiar i akademiske arbeid

Kan kandidaten nytte enklare variantar av forskingsmetodar i sosiologisk analyse

Kan kandidaten gi døme på korleis sosiologien har tematisert og omgrepsfesta samfunnsendring i historia og samtida

Kan kandidaten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologifagleg ståstad

Kan kandidaten samanfatte og utføre grunnleggjande vurderingar av samfunnsvitskaplege forskingsresultat

Kan kandidaten nytte kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet i ein fagleg relevant yrkespraksis

Generell kompetanse

Har kandidaten innsikt i etiske verknader av sosiologisk forsking og kunnskapsspreiing

Kan kandidaten planleggje og gjennomføre sjølvstendige faglege bidrag i samarbeid med andre i arbeidsliv eller vidare studium

Kan kandidaten formidle sentralt fagstoff gjennom å skrive sakleg og etterretteleg

Innhald

Studiet er ei nettbasert bachelorutdanning i sosiologi. Undervisninga vil gå føre seg digitalt. Studiet går over tre år. Det første året tek studenten emnet Danning og akademisk handverk, fire disiplinemne i sosiologi (Ungdomssosiologi, Klassiske sosiologiske perspektiv, Nyare sosiologiske perspektiv, Frå ung til vaksen), samt Sosiologisk forskingsmetode. Det andre året tek studenten tre emne (Den sosiale kroppen, Kultur, identitet og globale prosessar og Barndommens og ungdommens historie) på hausten og tre emne (Komparativ politikk, Internasjonal politikk og Kapitalisme og makt) på våren. Emna andre året er tilrådde, men ikkje obligatoriske. Det inneber at dei kan velje andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Tredje året tek studenten tre obligatoriske emne (Arbeidssosiologi med metode, Ungdom og ulikskap og Bacheloroppgåve). I tillegg må studentar anten ta emnet Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp) eller to alternative emne (Miljøsosiologi og Globalhistorie). Studentar som tek delar av det andre året ved andre institusjonar må be om førehandsgodkjenning frå HVL. Ver merksam på at nettstudiet i sosiologi er under revidering slik at det vil verte endringar i emne og namn på emne.

Praksis

I tredje studieår kan du velje inntil sju veker obligatorisk praksis i emnet Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp).

I praksisperioden får studenten høve til å bruke og utvikle den faglege kunnskapen sin på ein relevant arbeidsplass. Gjennom praktiske oppgåver, samarbeid og rettleiing skal studenten erfare korleis det er å arbeide i ein aktuell jobb for utdanninga, og bli meir medviten om eiga framtidige yrkesrolle. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Her vil føremålet vere trening i relevant yrkesutøving. Opphaldet skal og nyttast som grunnlag og inspirasjon for å utvikle sosiologiske problemstillingar knytt til arbeidslivet, og som studenten kan følgje opp i seinare studiar eller arbeid.

Arbeidsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg presentasjon, podcast, skriftlege arbeid, arbeidslivspraksis og sjølvstudium. Det blir forventa at studentane deltek aktivt i alle undervisningsformer.

Vurderingsformer

Digital skriftleg heimeeksamen, semesteroppgåve, individuell oppgåve med rettleiing, digital munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Om ikkje anna er oppgjeve blir det gitt bokstavkarakter på emnet; A - F, der F er ikkje greidd.

Internasjonalisering

Studentar som følgjer det ordinære bachelorløpet i sosiologi kan ta eitt eller begge semester andre året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.

Organisering

Vi tek atterhald om endringar i samansetjinga av emna på andre og tredje året (semester 3-6).

Studentane vil få god informasjon om dette i løpet av det første semesteret.

1. semester (obligatoriske emne)

SOS110 Danning og akademisk handverk – sosiologi (10 stp)

SOS120 Ungdomssosiologi (10 stp)

SOS130 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 stp)

2. semester (obligatoriske emne)

SOS140 Nyare sosiologiske perspektiv (10 stp)

SOS150 Frå ung til vaksen (10 stp)

SOS160 Sosiologisk forskingsmetode (10 stp)

3. semester (valfrie emne)

SOS210 Den sosiale kroppen (10 stp)

SOS220 Kultur, identitet og globale prosesser (10 stp)

SA572 Barndommens og ungdommens historie (10 stp)

4.semester (valfrie emne)

SA589 Komparativ politikk (10 stp)

SA590 Internasjonal politikk (10 stp)

SOS260 Kapitalisme og makt (10 stp)

5.semester (obligatoriske emne)

SOS310 Arbeidssosiologi med metode (10 stp)

Siste del av semesteret kan studentane velge mellom to alternativ:

A: SOS320 Arbeidslivsretta sosiologi (20 stp)

B: SOS230 Miljøsosiologi (10 stp) og SA612 Globalhistorie (10 stp)

6.semester (obligatoriske emne)

SOS340 Ungdom og ulikskap (15 stp)

SOS350 Bacheloroppgåve (15 stp)