FD47 Studentdriven undervisning og tilbakemelding | Haust 26

Fagdidaktiske moduler | valfri modul

Modulen er retta mot vitskapleg tilsette som ønskjer å implementere studentdriven undervisning og tilbakemelding som læringsform i eige emne.

Digitalt

Hopp til

    Dette er ein valfri modul i studieprogrammet universitetspedagogikk. Modulen har plass til maksimalt 8 deltakarar.

    Modulen gjev innføring i collective peer teaching, der grupper av studentar vekslar på å undervise heile kullet sitt, og peer review, som her dreier seg om at ei anna gruppe studentar vurderer den studentdrivne undervisninga og gjer tilbakemelding til dei som har undervist. Både undervisarrolla og tilbakemeldarrolla kan fremje motivasjon, vurderingsevne, kritisk tenking og samarbeidslæring hos studentar i høgare utdanning.

    Modulen vektlegg deltakaraktive læringsformer, og dialog både om eigne erfaringar og funna frå forsking som vert presentert. I løpet av modulen skal deltakarane utvikle og leggja fram ei plan for korleis dei vil implementere og evaluere studentdriven undervisning og studentdriven tilbakemelding i sine eigne emne.

    Organisering av modulen

    Det er tre digitale samlingar. 

    • Digital samling 1: [dato] kl. 10.15-15.00
    • Digital samling 2: [dato] kl. 10.15-15.00
    • Digital samling 3: [dato] kl. 10.15-15.00

    Læringsutbyttebeskriving

    Kunnskaper

    • Har kunnskap om korleis studentdriven undervisning og studentdriven tilbakemelding kan fremje læring for studentane
    • Har kunnskap om faktorar som kan hjelpe studentane å handtere dei sosio-emosjonelle aspekta i begge roller

    Ferdigheiter

    • Kan planlegge og gjennomføre studentdriven undervisning og tilbakemelding i eigne emne og/eller eigen undervisningspraksis

    Generell kompetanse

    • Kan bidra til å gjere studentdriven undervisning og tilbakemelding kjent i eige fagmiljø
    • Kan utvikle og tilpasse studentdriven undervisning og tilbakemelding til eigen profesjonsutdanning samen med studentar og kollegaer 

    Arbeidskrav

    På samling 3 skal kvar deltakar gjennomføre en 15 minutters presentasjon av korleis dei kan implementere og evaluere studentdriven undervisning og studentdriven tilbakemelding i sine eigne emne. 

    Presentasjonen må byggje på minst ein relevant empirisk studie i tillegg til oppsatt pensum, fylgje standard henvisningspraksis ut frå APA7, og leverast inn slik at den kan delast med dei andre deltakarane.

    Krav til forkunnskapar

    Ingen

    Tilrådde forkunnskapar

    Innføringsemnet i høgskulepedagogikk

    Undervisnings- og læringsformer

    Studentaktive læringsformer som diskusjon etter forelesing, individuelt og eventuelt gruppearbeid med eget undervisningsopplegg, samt sjølvstudium.

    Obligatorisk læringsaktivitet

    Deltaking på minst 80 % av oppsatt tid på samlingsdag 1, 2 og 3.