Studieplan - Sjukepleie - kliniske spesialitetar
Hausten 2024
Vidareutdanninga skal møte behovet helsetenesta har for spesialistkompetanse innan:
1. Gastrosjukepleie
2. Infeksjonssjukepleie og smittevern
3. Lungesjukepleie
4. Nevrosjukepleie
5. Stomi- og kontinenssjukepleie
6. Uroterapi
7. Rettsmedisin i sjukepleien
Utdanningstilbodet skal tilføre helsetenesta kompetente spesialsjukepleiarar som kan initiere og aktivt delta i fagleg utviklingsarbeid slik helsetenesta etterspør. Gjennom studiet tileignar sjukepleiarar seg spesialkompetanse primært til direkte klinisk arbeid, men òg til helseleiing, pasientsikkerheitsarbeid, kvalitetsforbetring, helsetenesteutvikling, undervising og fagutvikling. Studiet har som mål å vidareutvikle handlingskompetanse innan dei ulike spesialiseringane. Utdanningstilbodet kvalifiserer til vidare påbygging til Master i sjukepleie-kliniske spesialitetar.
Kandidatane blir spesielt godt kvalifiserte for stillingar som omfattar både klinisk arbeid og praksisnært fagutviklingsarbeid. Utdanninga kvalifiserer til å arbeide som spesialsjukepleiarar og/eller rådgjevarar i sjukehus, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod.
Studiet har krav til 150 timar kliniske studiar innan spesialiteten. Spesialiteten sitt litteraturgrunnlag, refleksjon og erfaringsutveksling knytt til praksisutøvinga vil bidra til å utvikle fagutøving og fagforståing, og å gje tilpassa informasjon, støtte og rettleiing til pasientar og pårørande, for å kunne førebyggje sjukdom og komplikasjonar, og for å kunne fremje helse, meistring og livskvalitet.
Utdanninga kvalifiserer til å arbeide som spesialsjukepleiarar og/eller rådgjevarar i spesialisthelsetenesta, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod.
Spesialisering gastrosjukepleie
Studiet kvalifiserer til å utøve spesialsjukepleie til pasientar med sjukdomar i fordøyingssystemet. Spesialkompetansen er eit viktig bidrag til betre meistring og livskvalitet for denne pasientgruppa. Gastrosjukepleiarar arbeider i eit breitt fagfelt som har mange spesialfelt. Stadige nye behandlingsmetodar og teknologiske nyvinningar krev spesialisering på ulike nivå i helsetenesta.
Spesialisering infeksjonssjukepleie og smittevern
Studiet legg til rette for å utvikle kompetanse innan smittevern på systemnivå og innan klinisk sjukepleie til infeksjonspasientar på individnivå. Kompetansen er eit viktig bidrag for å kunne delta aktivt i behandlinga av infeksjonspasientar og å rettleie pasientar, pårørande og medarbeidarar om infeksjonssjukdommar med eller utan risiko for smittespreiing. Pasientar som blir behandla i sjukehus og sjukeheimar har alltid ein risiko for å få ein helsetenesteassosiert infeksjon og/eller bli kolonisert med resistente bakteriar under opphaldet. I eit samfunnsperspektiv vil alvorlege utbrot av smitteførande agens eller utbrot av resistente bakteriar i helsetenesta understøtte behovet for god beredskap innan smittevern.
Spesialisering lungesjukepleie
Studiet kvalifiserer til å utøve spesialsjukepleie til pasientar med lungesjukdomar og respiratoriske problem forårsaka av andre sjukdomar eller skader. Stadige nye behandlingsmetodar og teknologiske nyvinningar krev spesialisering på ulike nivå i helsetenesta. Dette fører med seg store utfordringar og krev kunnskap, samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjengelegheit i helsetenestene. God fagutøving krev evne til å integrere tilgjengeleg kunnskap frå forsking med erfaringsbasert kunnskap, kombinert med brukarkunnskap.
Spesialisering nevrosjukepleie
Nye behandlingsmoglegheiter og avanserte undersøkingar fører med seg store utfordringar innan nevrosjukepleie, og krev samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjenge i helsetenestene. Pasientar og brukarar med behov for sjukepleie relatert til nevrologiske sjukdomar eller skadar i hjerne- og nervesystemet finn vi både i og utanfor sjukehus. Nokon har akutte sjukdomar eller skadar, medan andre har medfødde eller erverva kronisk sjukdom. Innafor fagområdet nevrosjukepleie tilbyr ein behandling til pasientar og brukarar i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn. Den spesialkompetansen ein nevrosjukepleiar har er eit viktig bidrag til betre meistring og livskvalitet for denne pasientgruppa.
Spesialisering stomi- og kontinenssjukepleie
Stomi- og kontinenssjukepleie er ei spesialisering der ein har fokus på sjukepleie til menneske som blir ramma av sjukdom eller tilstandar i gastrointestinaltraktus, urinvegar, genitalia eller nervesystemet, og på grunn av dette må leve med stomi, reservoar, fistlar/dren, avføringsinkontinens/obstipasjon/bekkensmerter eller perkutan ernæringssonde. Dette vil krevje stor grad av tilpassing og ofte permanente endringar i livet, og vil nødvendiggjere spesialkunnskap hjå sjukepleiarar som skal ivareta desse pasientane. Studentane tileignar seg spesialkunnskap om dei nemnde pasientgruppene, slik at dei skal kunne førebu, pleie, behandle, støtte og rettleie dei i høve til fysiske, psykiske, sosiale, seksuelle og kulturelle utfordringar.
Spesialisering uroterapi
Sjukdomar og funksjonsforstyrringar i urinvegane kan ramma kvinner og menn, og frå dei nyfødde til dei skrøpelegaste eldste. Mange må forhalde seg til ein endra livssituasjon i lang tid. Medfødde tilstandar, medisinske tilstandar eller operative inngrep kan vere årsak til sjukdomen eller funksjonsforstyrringa. Pasientane treng forståing for psykologiske aspekt ved å leve med kronisk og/eller alvorleg sjukdom. Uroterapeuten må kunne rettleie, undervise og gje råd i samband med akutt og kronisk sjukdom og funksjonsforstyrring, i bruk av utstyr og medikament, samt å sikre at eliminasjonsbehovet blir ivaretatt. Uroterapeuten skal kjenna til teknikkar for å redusere fysisk og psykisk smerte og ubehag knytt til eliminasjonsprosessen og bidra til at pasient og pårørande best mogleg kan fungere i det sosiale livet.
Spesialisering rettsmedisin i sjukepleien
Rettsmedisin i sjukepleia bidreg til at helsetenestene kan tilby eit heilskapleg hjelpetilbod til personar som er utsett for ulike typar vald og seksuelle overgrep. Utdanninga vil bidra til å auka rettstryggleiken for dei fornærma ved at kriminelle handlingar som vald og overgrep blir dokumenterte og spor sikra, slik at det er mogleg å nå fram i rettsapparatet med slike saker. Studiet er tett knytt til brot på menneskerettar og norsk lov. Utdanninga skal utdanne til spesialistkompetanse som kan gje trygg og verknadsfull hjelp til alle valds- og overgrepsutsette og same kvalitet på den hjelpa som blir tilbydd uavhengig av kor ein er i landet. Studenten skal ha avansert innsikt og ferdigheiter knytt til tverrfagleg samarbeid for å sikre dei utsette best mogleg hjelp og framtidig tryggleik.
Sikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kommer i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.
Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten …
- har avansert kunnskap om sjukepleie til pasientgrupper innan sin spesialitet
- har inngåande kunnskap om patologi, patofysiologi og farmakologi som grunnlag for sjukepleie innan sin spesialitet
- har inngåande kunnskap om helsepedagogiske teoriar og digitale verktøy for bruk i pasientopplæring og i kartlegging av pasientar sin helsestatus
- har inngåande kunnskap om teoriar om pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring og om trinna i kunnskapsbasert praksis
- har kunnskap om faglege problemstillingar innan sin kliniske spesialitet
Ferdigheiter:
Kandidaten …
- kan sjølvstendig utøve avansert klinisk sjukepleie til pasientar som er akutt sjuke, kronisk sjuke, kreftpasientar eller pasientar som har funksjonsforstyrringar i den kliniske spesialiteten
- kan sjølvstendig prioritere og handle forsvarleg ved å ivareta kvalitet og pasientsikkerheit i utøvinga av sjukepleien
- kan identifisere, vurdere og analysere teikn og symptom på ulike sjukdomstilstandar for å kunne iverksette førebygging, utredning og behandlingstiltak, inkludert livsstilsintervensjonar innan sin spesialitet
- kan gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og ta avgjerder om sjukepleietiltak som kan fremje helse, meistring og livskvalitet
- kan nytte relevante helsepedagogiske tilnærmingsmåtar for å støtte pasienten sin medverknad
- kan utøve sjukepleie basert på kritisk vurdering av forskingskunnskap, erfaringskunnskap og pasienten/brukaren sine preferansar og behov
Generell kompetanse:
Kandidaten …
- kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av sjukepleie i helsetenesta
- kan anvende sin kompetanse i tverrfagleg samarbeid slik at pasienten/brukaren sitt oppfølgings- og behandlingstilbod blir samanhengande på tvers av tenestenivåa
- kan rettleie pasientar, deira pårørande og andre yrkesgrupper
- kan nytte faglege kunnskapar kritisk og reflektere over eiga klinisk praksis
Innhald
Studiet kvalifiserer til spesialkompetanse primært til direkte klinisk arbeid, men også til helseleiing, pasientsikkerheitsarbeid, kvalitetsforbetring, helsetenesteutvikling, undervisning og fagutvikling. Kandidatane vil vere særleg godt kvalifiserte for stillingar som omfattar både klinisk arbeid og praksisnært utviklingsarbeid.
Studiet er samlingsbasert, med 2 samlingar kvart semester, med unntak av 2. semester der det er tre samlingar. Arbeidsomfanget tilsvarar 27 timar pr. studiepoeng.
Ved at studiet er organisert som deltidsstudium vil studenten få høve til å bidra med praksisnær erfaring i utdanninga og integrere ny kunnskap i eiga arbeidspraksis.
Studiet inneheld fire emne over fire semester:
- Helsepedagogikk, helsetenesteutvikling og innovasjon (15 sp)
- Klinisk spesialitet, generell del (15 sp)
- Pasientsikkerheit, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis (15 sp)
- Klinisk fagleiing og fordjuping i klinisk spesialitet (15 sp)
Praksis
I løpet av studiet skal studenten avvikle 150 timar kliniske studier for å fordjupe seg innan sin spesialitet. Dei kliniske studia er ikkje rettleia, som vil seie at dei ikkje er underlagde vurdering. Kliniske studier bør fortrinnsvis avviklast på ein annan stad enn eigen arbeidstad. Praksisstadar vert valde i samråd med den emneansvarlege. Studenten tar sjølv kontakt med praksisstadar der studenten ynskjer å avvikle kliniske studier. Dette gjeld ikkje for stomi- og kontinenssjukepleie og uroterapi, der emneansvarleg vil organisere kliniske studier.
For studieretninga rettsmedisin i sjukepleien gjeld følgjande: Den kliniske praksisen skal fortrinnsvis gjennomførast ved ein legevakt, akuttmottak eller overgrepsmottak fortrinnsvis ein annan stad enn der studenten har sitt faste virke.
I den kliniske praksisen i rettsmedisin i sjukepleien, inngår deltaking på rettssak knytt til vald og/eller overgrep, minimum 15 timar. I tillegg besøk hjå samarbeidspartnarar - Krisesenter – Kompetansesenter mot seksuelle overgrep (Nok.), Barnehuset, Alternativ til vald (ATV), Senter for krisepsykologi, Regionale senter mot vald (RVTS), politi, bistandsadvokat osv. 15 timar.
Kliniske studium er ein obligatorisk læringsaktivitet som vert godkjent av den emneansvarlege innanfor den einskilde spesialiteten. 90 % av dei kliniske studia skal vere knyte til pasientrelaterte situasjonar. Kliniske studium er obligatorisk, og fråvêr utover 10 % må takast att etter avtale for at dei kliniske studia skal kunne bli godkjende.
Arbeidsformer
Arbeidsformene i studiet gjenspeglar læringsutbyttebeskrivingane og kva vurderingsformer som vert nytta i dei einskilde emna.
Undervisinga er lagt opp med varierte studentaktive undervisings- og læringsformer. Arbeidsformer som vert nytta, er førelesingar, ferdigheitstrening, simulering, seminar, framlegg og opposisjon, gruppearbeid, kliniske studier, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium. Studiet har både obligatorisk og sjølvvald litteratur.
Det vert forventa at studentane tek medansvar både for eigen og medstudentar si faglege utvikling og læring for å oppnå læringsutbytta. I undervisinga blir diskusjonar, argumentasjon og munnlege framlegg vektlagde. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving vert lagt vekt på, og det vert forventa at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå eigen arbeidsplass og frå dei kliniske studia. Studiet er lagt opp slik at studentane skal arbeide både individuelt og i gruppe.
Det krevst 80 % oppmøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervising. Canvas vert brukt som studiestøttesystem.
Obligatoriske læringsaktivitetar
Obligatoriske læringsaktivitetar er alle former for obligatoriske arbeid og aktivitetar som vert sett som vilkår for å framstille seg til eksamen i dette studiet. Dette inkluderer:
- Skriftlege oppgåver
- Munnleg framlegg og opposisjon
- Kliniske studier
- Presentasjon av eige arbeid i plenum
- Deltaking i nettbaserte læringsformer og testar
- Deltaking i ferdigheitstrening og simulering
- Deltaking i løysing av pasientkasuistikk/case
- Obligatorisk rettleiing på oppgåver
- Deltaking på oppgåveseminar
- Medstudentrespons
Studenten får skriftleg og/eller munnleg tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudent på skriftlege oppgåver på form og innhald.
Vurderingsformer
Studenten vil møte ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene ivaretar ein kontinuerleg prosess med eit tosidig føremål: Å fremje læring og dokumentere at studenten har oppnådd læringsutbyttet.
Studentane vert vurderte ut frå emnet sitt læringsutbytte. Vurderinga skjer i samsvar med Høgskulen si forskrift om studier og eksamen ved HVL.
Vurderingsformer som vert nytta i studiet er:
- Heimeeksamen – individuell og i gruppe (avgrensing i tid)
- Skuleeksamen
- Praktisk teoretisk eksamen (rettsmedisinsk sjukepleie)
- Oppgåver
Vurderingsuttrykket er anten gradert karakter A-E for bestått og F for ikkje bestått, eller bestått/ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
De første to semestra må vere bestått for å starte i 4. semester.