Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i sjukepleie, Stord

Hausten 2017

Vil du utgjera ein skilnad for andre menneske?

Du kan velje om du vil arbeide med sjuke og/eller friske menneske i ulike aldre og livssituasjonar. Sjukepleiarutdanninga gir deg mange og varierte moglegheiter for jobb i Noreg og internasjonalt.

Målet vårt er å utdanne dyktige sjukepleiarar, som utøver faglig skjønn basert på erfarings- og forskningsbasert kunnskap.

Studiet er delt i teoretiske og praktiske emne. Praksis utgjer halvparten av utdanninga, og skjer ved ulike helseinstitusjonar i Hordaland og Rogaland. Her vil du få god oppfølging og rettleiing. Vi har òg vår eigen øvingsavdeling der du øver saman med andre studentar.

Læringsutbytte

Kandidaten sitt læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar
Kandidaten

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar innan sjukepleievitskaplege emne
  • har relevant kunnskap innan medisinske og naturvitskaplege- og samfunnsvitskaplege emne
  • har kunnskap om sjukepleiefaget si historie, tradisjonar og eigenart
  • kjenner til forsking og utviklingsarbeid relevant for sjukepleie
  • har kunnskap om velferdsstaten, rammer for tenesteutøvinga og sjukepleietenesta sitt bidrag til helse- og velferdstenesta

 

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan utøve sjukepleie basert på forsking, erfaring og fagleg skjønn
  • kan ivareta pasienten sitt grunnleggande behov ved å observere, vurdere, planlegge, sette i verk, evaluere og dokumentere sjukepleie
  • kan identifisere risikofaktorar av individuell og miljømessig karakter, planlegge og utføre helsefremmande og førebyggande tiltak
  • kan informere, undervise og rettleie pasientar og pårørande
  • kan fremme læringsprosessar som bidrar til pasientsikkerheit, kvalitet og tillit i helsetenesta
  • kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar, prosedyrar og kommunikasjonsformer
  • er ein endringsdyktig leiar av eige fag 
  • kan samhandle tverrprofesjonelt for å skape eit koordinert, heilskapleg og samanhengande tenestetilbod

 

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan utøve fagleg forsvarleg sjukepleie, basert på etisk medvit og kritisk refleksjon
  • kan møte pasientar og pårørande med omsorg, innleving og moralsk ansvarskjensle
  • kan ivareta pasientens rett til medverknad
  • kan bidra til nytenking og innovasjon
  • kan vise evne og vilje til livslang læring, arbeide kunnskapsbasert og bidra til å utvikle kvalitet i sjukepleiefaget og helsetenesta
  • kan nytte og formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan bidra til at faglege og etiske normer vert synleggjort i den offentlege debatt om helsepolitiske spørsmål

Innhald

I følgje Rammeplan for sjukepleiarutdanning (2008): 

"Føremålet med sjukepleiarutdanninga er å utdanne yrkesutøvarar som er kvalifiserte for sjukepleiefagleg arbeid i alle ledd av helsetenesta. Pleie, omsorg og behandling utgjer hjørnesteinane i sjukepleiaren sin kompetanse. Sjukepleiaren forholde seg til pleie og kontinuerleg omsorg for den sjuke ut frå korleis ein erfarer det å vere sjuk, og ut frå kunnskap om årsaka til dei einskilde sjukdomar, diagnostikk og prognose..."

"Sjukepleiarane skal også ha kompetanse i forhold til helsefremjande og førebyggjande arbeid, undervising og vegleiing, forsking og fagutvikling, kvalitetssikring, organisering og leiing. Dei skal ha kunnskap om helsepolitiske prioriteringar og juridiske rammer for yrkesutøvinga..."

"Utdanninga skal fremje ei yrkesetisk haldning og ei fleirkulturell forståing av helse og sjukdom." (s 4 og 5)

Vidare seier den at norske sjukepleiarutdanningar skal utdanna:

"...reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggja, organisera og gjennomføra tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar...", "...sjølvstendige og ansvarsbevisste endrings- og pasientorienterte yrkesutøvarar som viser evne og vilje til ei bevisst og reflektert haldning ved utøving av sjukepleie." (s 1 og 5)

Kandidaten skal etter avslutta utdanning ha både handlingskompetanse og handlingsberedskap. Den nyutdanna sjukepleiar skal ha:

- Handlingskompetanse til å utføre oppgåver som er sentrale i yrkesfunksjonen. Kompetansen er retta mot pasientar og pårørande. Den skal ivareta grunnleggjande sjukepleiefunksjonar, inkludert kvalitetsutvikling av tenesta.

- Handlingsberedskap til å ivareta meir avanserte funksjonar som administrasjon, arbeidsstaden sin særeigne og spesialiserte undervisings- og rettleiingsoppgåver. Dette er område der ein kan venta seg at kandidaten har kunnskap om feltet, men manglar naudsynt erfaring.

Frå og med Kull 2008 blir det følgd Rammeplan for sjukepleiarutdanning, fastsett 25. januar 2008 av Utdannings- og forskingsdepartementet. 

Løpande skikketheitsvurdering:

I følgje "Forskrift om skikkethetsvurdering" 2006, skal løpande skikketheitsvurdering av alle studentar foregå gjennom heile studiet og det skal inngå i ein heilskapeleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne fungere som lærar eller som helse- eller sosialpersonell. Ein student som utgjer ein mogleg fare for barnehageborn og elevar eller pasientar, klientar og brukarar sine liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket.

Dersom det er grunngjeve tvil om ein student er skikka, skal det setjast i verk ein særskilt tryggleiksvurdering. Sjå Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. 

 

Sjukepleiarutdanninga byggjer på eit humanistisk og holistisk menneskesyn kor sjukepleie blir basert på medynk, omsorg og respekt for grunnleggjande menneskerettar.

International Council of Nurses´s (ICN) etiske kodeks for sjukepleie uttrykkjer det slik:
"Nurses have four fundamental responsibilities: to promote health, to prevent illness, to restore health and to alleviate suffering. The need for nursing is universal. Inherent in nursing is respect for human rights, including cultural rights, the right to life and choice, to dignity and to be treated with respect. Nursing care is respectful of and unrestricted by considerations of age, color, creed, culture, disability or illness, gender, sexual orientation, nationality, politics, race or social status. Nurses render health services to the individual, the family and the community and co-ordinate their services with those of related groups." (The ICN Code of Ethics for Nurses, 2005). 

Syn på sjukepleie

Sjukepleie er ei teneste som rettar seg mot ulike målgrupper og blir utført i alle ledd av helsetenesta. Sjukepleie omfattar funksjoner av ulik karakter og sjukepleiaren har eit sjølvstendig ansvar for at sjukepleiarutdanninga ved HVL studiestad Stord og Haugesund byggjer på ICN sin definisjon av sjukepleie:

"Nursing encompasses autonomous and collaborative care of individuals of all ages, families, groups and communities, sick or well and in all settings. Nursing includes the promotion of health, prevention of illness, and the care of ill, disabled and dying people. Advocacy, promotion of a safe environment, research, participation in shaping health policy and in patient and health systems management, and education are also key nursing roles." (The ICN Definition 2005). 

Kunnskapsgrunnlag

Sjukepleie er ein vitskapleg, sjølvstendig fagdisiplin. Sjukepleievitskapen har utvikla fleire sjukepleieteoriar. Felles for dei er at dei beskriver sjukepleiefunksjonen og grunnlagsomgrep som menneskesyn, helse, sjukepleie og omgivnader. Sjukepleieteoriar kan delast inn i følgjande hovudgrupper: utviklings-, interaksjons-, system-, behovs- og omsorgsteoriar. Ved HVL studiestad Stord og Haugesund blir ulike sjukepleieteoriar anvendt avhengig av kva fenomen som er i fokus og som skal klargjerast. Sjukepleie hentar også kunnskap frå andre fagdisiplinar som naturvitskap, humaniora og samfunnsvitskap.

Den profesjonelle sjukepleiar nyttar kunnskap og innsikt frå ulike kunnskapsformer:

  • teoretisk vitskapleg kunnskap
  • dugleikskunnskap (erfaringsbasert kunnskap, handverkskunnskap og kunst)
  • fortrulegheitskunnskap (praktisk fagleg skjønn, riktig dømmekraft, klokskap)

I sjukepleiaren sin profesjonelle yrkesutøving er desse kunnskapsforma sidestilte og komplementære. 

Profilering:

Avdeling Helsefag sitt faglege satsingsområde er: Omsorgsvitskap med fokus på folkehelsearbeid, samhandling og personsentrert omsorg til pasientar i langtidsforløp.

Fokuset avspeglar at eldre pasientar, kronisk sjuke og langtidspasientar er dei mest sentrale pasientgruppene for både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i vår region. Kommunane får i stadig større grad ansvar for pasientgrupper med svært komplekse sjukdomstilstander og samansette behov som treng oppfølging over lengre tid. For å imøtekome kompetansebehov knytt til nye krav i samhandlingsreformen har vi vald å ha fokus på folkehelsearbeid, samhandling og personsentrert omsorg (brukarperspektiv).

Utdanninga har ein klar pedagogisk profil forankra i strategisk plan for HVL studiestad Stord og Haugesund og kvalitetsreforma. Strategien blir kjenneteikna av studentaktiv læring, tett studentoppfølging, bruk av digitale verkty, studentmedverknad og utprøving av nye lærings- og vurderingsformer.

Praksis

Praksis:

Føremålet med praksisstudiane er at studenten skal integrere dei ulike kunnskapsformene og tileigne seg handlingskompetanse og handlingsberedskap. Den nyutdanna sjukepleiar skal kunne argumentere fagleg for konkrete sjukepleietiltak i kliniske pasientsituasjonar, samt gjennomføre og evaluere tiltaka. Kandidaten skal kunne analysere sjukepleiefaglege utfordringar, reflektere over moglege samanhang og konsekvensar knytt til ulike løysingsalternativ. Ho/han skal kunne bidra til å forbetre sjukepleiepraksis. Sjukepleiar skal reflektere over sjukepleiar si rolle og funksjon i ein samfunnsmessig samanheng. For å oppnå denne kompetansen, må praksisstudiane ha innhald, rammer og målsettingar som legg til rette for dette.  

Studenten blir vurdert i forhold til forventa læringsutbytte for kvart enkelt praksisområde; sjukeheim med fokus på grunnleggjande behov, heimesjukepleie, medisin, kirurgi, psykisk helsearbeid/helsevern og sjukeheim med fokus på langtidssjuke. For vurdering av sjukepleiefagleg utvikling blir det brukt eit forskingsbasert skjema (AssCE), saman med nivåbeskrivingar (1-3) for praksis 1-6. Læringsutbytteskildringar for kvar praksistype finst på dei 6 forskjellige emneplanane for praksis. 

Alle dei 6 praksisane er obligatoriske og har eigne eksamenskoder. Det er eigne reglar for frammøte og nærvær i praksis (sjå læreplan for praktiske studier). Studenten må vere førebudd på å gjennomføre praksis i distriktet (praksisplassar HVL har avtaler med), og følgje kontaktsjukepleiar sin turnus - både dag, kveld og natt. Studenten skal i snitt ha 30 t praksis pr. veke, jamt fordelt over talet på praksisveker. Det blir forventa i tillegg minst 10 timer arbeid med teori og obligatoriske arbeider.

Arbeidsformer

Studiet omfattar 180 studiepoeng (stp), og tilsvarer eit 3-årig fulltidsstudium. Studiet er i tråd med "Rammeplan for sjukepleiarutdanning" av 2008. Studiepoenga er fordelt mellom 90 stp teoretiske studiar (60 veker) og 90 stp praktiske studiar (60 veker). Praksisstudiane består av 10 veker praksisretta studiar på høgskolen og 50 veker praksis i helsetenesta i nær kontakt med pasientar og pårørande. Praksisretta studiar omfattar dugleikstrening i øvingsavdeling, praksisførebuing og refleksjon over praksis. Praksis i helsetenesta er fordelt mellom 48 veker vegleia praksis og 2 veker observasjonspraksis eller ekskursjonar.

Ved HVL blir det forventa at ein fulltidsstudent bruker 40 t effektiv arbeidstid pr veke i snitt på studiane. Nokon studentar vil ha behov for å bruke meir tid.

Utdanninga leiar til ein bachelorgrad i sjukepleie som gir grunnlag for å søkje autorisasjon som sjukepleiar i samhøve med lov om helsepersonell

 

Teoretiske studiar på høgskolen

Studiet er organisert i fleire emne. Eit emne varer eit semester eller eit avgrensa tal med veker. Kvart emne er samansett av fleire fag og fagområde. Ekskursjonar, observasjonspraksis og praksisretta studiar (dugleikstrening på høgskolen og praksisførebuing/refleksjon) er integrert i emna.

Utgangspunktet for organiseringa i emne er at sjukepleiefaget er kjernefaget, og at forskingsbasert kunnskap frå sjukepleievitskap, medisinske og naturvitskaplege fag, humaniora og samfunnsvitskaplege fag skal integrerast til sjukepleiefagleg kompetanse. Integreringa skal bidra til at studenten forstår, bruker og ser behovet for alle typar kunnskap for å utøve profesjonell sjukepleie. Samstundes skal progresjon ivaretakast ved å auke kompleksiteten i studieoppgåvene i løpet av utdanninga.

 

Praksisstudiar i helsetenesta

I 1.studieår inngår obligatoriske dagar med introduksjon til praksis og 8 veker rettleia praksis i sjukeheim, med fokus på grunnleggjande sjukepleie (praksis 1). I 3. semester vert det gjennomført ei veke praksis innan helsefremjande/forebyggande arbeid. I 2.og 3. studieår har utdanninga fem periodar rettleia praksis á 8 veker (praksis 2-6). Studentane blir delt inn i fem grupper og fordelt på følgjande praksisfelt: medisin, kirurgi, psykiatri, heimesjukepleie og sjukeheim med fokus på langtidssjuke.

Studentane må vere innstilt på å rette seg etter gjeldande retningsliner for bruk av arbeidsdrakt på dei respektive praksisplassar. Dette inkluderer bruk av smykke, ringer, piercing med meir.

 

Faginnhald

Rammeplanen skil mellom fire hovudområde for faginnhald i sjukepleiarutdanninga:

  1. Sjukepleiefaget sitt faglege og vitskaplege grunnlag (33 studiepoeng)
  2. Sjukepleiefaget og yrkesgrunnlaget (72 studiepoeng)
  3. Medisinske og naturvitskaplege fag (45 studiepoeng)
  4. Samfunnsvitskaplege fag (30 studiepoeng) 

Utdanninga har vald å fordele studiepoeng for fagområda i rammeplanen likt mellom teoretiske og praktiske studiar. Det gir 90 stp til teoretiske og 90 stp til praktiske studiar. Fordi 10 veker (15 stp) praksisretta studiar (dugleikstrening, praksisførebuing og praksisrefleksjon) og 2 veker (3 stp) observasjons/-praksis integrerast med 60 veker (90 stp) teoretiske studiar, utgjer dei teoretiske emna totalt 108 studiepoeng. Av same grunn utgjer dei 6 periodane med vegleia praksis totalt 72 studiepoeng (48 veker). Sjå eige dokument med studiemodell

I tråd med strategisk plan vektlegg utdanninga arbeidsformer kjenneteikna av dialog, forpliktande samarbeid og studentaktivitet. Læringsutbyttebeskrivingane for kvart emne er retningsgivande for val av metodar og aktivitetar. Eit viktig prinsipp er at læringsaktivitetane blir organisert og gjennomført på ein slik måte at studenten får oversikt over og laupande tilbakemelding på studiesituasjonen sin. 

Integrering

Studentane arbeider fortrinnsvis med oppgåver som krev fagintegrering, men det blir også gitt oppgåver og testar for å sikre at studenten utviklar tilstrekkeleg fagkunnskap og dugleik innan definerte områder. Det blir lagt til rette for at studentane skal ha progresjon i læring. Utdanninga startar med grunnleggjande sjukepleiekunnskap og praktisk dugleik. Utover i studiet blir det stilt aukande krav til å nytte ulike fagperspektiv for å vurdere og handle adekvat i komplekse situasjonar. Hensikta er å hjelpa studenten til å sjå at sjukepleie har til føresetnad ulike typar kunnskap og evne til å kombinere desse. 

Forskingsbasert undervisning

Det er eit mål at studentane skal utvikle analytisk og kritisk reflekterande tenking samt evne til sjølvstendige vurderingar. For å nå målet legg utdanninga opp til forskingsbasert undervising. Det inneber at undervisinga skal avspeile ein forskingsmessig måte å nærme seg problemstillingar og faglege tema på. Fagtilsette som driv forsking skal formidle kunnskapen sin til studentane, det gjeld både forskingstema, bruk av teori og forskingsmetode. Dei skal også rettleia studentar som arbeider med bacheloroppgåver. All undervising skal, om mogleg, byggje på ny forsking og studenten skal sjølv lære å søkje ny relevant forskingslitteratur og bruke forskingsbasert kunnskap i arbeida sine.

Studentane skal lære vitskapleg metode og nytta denne både i oppgåver og i bacheloroppgåva. Dei skal reflektere, vurdere og argumentere for val på basis av forskingslitteratur og/eller systematiserte erfaringar. Studenten skal også gjere greie for etiske betraktningar og fråsegn i oppgåver/prosjekter. For å få erfaring greie korleis sjukepleiepraksis kan forbetrast, skal vegleiinga i studentgrupper fokusere på forbetringsmoglegheiter i praksisfeltet. I tillegg skal studentane lære å søkje og nytta forsking for å kasta lys over praktiske problemstillingar og bidra til forbetring av praksis. Ein aktuell metode er at studenten deltar i utviklingsprosjekt i definerte praksisperiodar. 

For å nå forventa læringsutbytte, vektlegg utdanninga arbeidsformer kor studentane må:

  • Stille spørsmål og finne svar ved å søkje og vurdere forskingsbasert litteratur.
  • Nytta regler for akademisk skriving i den faglege argumenteringa si.
  • Reflektere over eigen kunnskap, eigne haldningar og handlingar og grunngi desse.
  • Samarbeide i grupper kor dialog og konflikthandtering blir utfordra.
  • Delta på obligatoriske seminar kor fagtilsette legg fram si eigen forsking for å gi studenten innsikt i metodisk arbeid, analyse, vurdering og argumentasjon.
  • Nytta IKT og andre tekniske hjelpemiddel. 

 

Arbeidskrav

Studentane må arbeide med arbeidskrav gjennom heile studiet. Arbeidskrav er obligatorisk arbeid studentane utfører individuelt eller i gruppe. Det kan vere skriftlege oppgåver, praktiske øvingar, munnlege framlegg, prosjekt, klinikkar, ekskursjonar, rapportar, obligatorisk frammøte mm. I tillegg blir det gitt ulike typar testar. Målet er ein balanse mellom oppgåver som krev at studentane søkjer og tileignar seg kunnskap, oppgåver kor det skal brukast resultat frå forsking og utviklingsarbeid, oppgåver med fokus på erfaringsnær oppleving og refleksjon, og oppgåver som krev praktisk dugleik. Fleire emne har arbeidskrav som må vere godkjente før ein får gå opp til eksamen eller gå ut i praksis. Jmfr. oversikt i skjemaformat herhttp://ans.hsh.no/AHF/vilkar/Forkunnskapskrav_SYKB_Stord-og-Haugesund.pdf

Studentar kan framstille seg til den obligatoriske medikamentrekningstesten 3 ganger. Om studenten ikkje får godkjend arbeidskravet etter tre forsøk, får studenten ikkje gå ut i praksis 2, og vil bli forsinka i studieløpet sitt. Studenten vil då miste høvet til å reise ut i internasjonal praksis. Studenten får høve til å avleggje ny(e) test(ar) (maks 3), når dei andre i kullet går ut i praksis 2. Om studenten ikkje får godkjend medikamentrekningstesten i løpet av dei neste tre forsøkene, vil vedkommende mista studieretten på bachelorstudiet i sjukepleie. Ikkje møtt til test utan gyldig legeerklæring levert innan gjeldande frist, tel som brukt forsøk.

 

Rettleiing og refleksjon

Det blir gitt rettleiing i læringsprosessen. Føremålet er å stimulere til refleksjon og analytisk tenking både i teoretiske og praktiske studiar, for å gi hjelp til utvikling av fagleg forståing, integrering av ulike kunnskapsformer og utvikling av fagleg skjønn i pasientnære praktiske handlingar. Refleksjon blir brukt som reiskap i læringsprosessen. Målet er ikkje refleksjon i seg sjølv, men klokskap i den konkrete situasjonen. Materialet man reflekterer over kan variere i forhold til hovudfokus i oppgåva. Fokus kan vere relasjonsaspekt, verdimessige og etiske spørsmål, det psykomotoriske aspekt, det affektive aspekt og det kognitive aspekt - som også famnar fagleg teori. 

Gruppeprosess og studentoppfølging

Gruppesamarbeid er sentralt for å utnytta det potensialet for læring som ligg i dialogen i den sosiale prosessen. Deltaking i gruppesamarbeid er obligatorisk heile 1.studieår og i deler av 2. og 3. studieår. Studentoppfølging blir sikra ved at alle studentar til ei kvar tid har grupperettleiar, praksisrettleiar og/eller ein oppnemnd kontaktlærar.  

Obligatorisk deltaking og sjølvstudiar

Studiet har ein rekke arbeidsformer som er obligatoriske:

  • Rettleiing i teoretiske studiar
  • Rettleia praksis
  • Observasjonspraksis
  • Demonstrasjonar
  • Skriftleg arbeid og digitale innleveringar
  • Munnleg framstilling
  • Prosjektarbeid
  • Medstudentrespons, både skriftleg, munnleg og digitalt
  • Klinikkar
  • Dugleikstrening
  • Gruppearbeid
  • Refleksjonsnotat
  • Sjølvevaluering
  • Seminar 

Ved demonstrasjonar, dugleikstrening, klinisk rettleia praksis og annan obligatorisk undervisning blir det kravd 90% nærvær. 

Dersom studenten ikkje møter fram frå dei delane av studiet som er obligatoriske, vil det få konsekvensar. Der det er mogleg, vil studenten få supplerande studieoppgåver. Der det ikkje er mogleg vil studenten bli trekt frå den føreståande eksamen. Da blir konsekvensen at studenten må gjennomføre den aktuelle delen av programmet med neste kull. Det kan gi seinkingar i studiet. 

I tillegg blir det forventa oppmøte på førelesingar og sjølvstudiar slik at studieinnsatsen blir minst 40 timar pr veke. Det blir forventa at studentane har PC og lærer seg å bruke digitale verkty. Det gjeld t.d. HVL sin læringsplattform, IKT-verkty for sjukepleiedokumentasjon, praktiske prosedyreverkty (VAR) og bibliotekdatabasar, digitale eksamensprogram m.m. 

På biblioteket sine sider finst pensumlitteratur..Alle studentar får tilbod om opplæring i å søkje litteratur i databasen for å bruke kjelder.

Det vert forventa at studentane brukar HVL sine nettsider aktivt, og set seg inn i lovar, forskrifter og retningslinjer som gjeld studiet.

 Medisinsk testing

Alle nye førsteårs bachelorstudentar på sjukepleie- og lærarutdanning levere kopi av vaksinasjonsattest til studieadministrasjonen. Den skal syne at BCG-vaksinen er tatt. Dette må foreligge så snart som mogleg, og før studentar går ut i praksisstudier.

Studenter må og fylle ut egenerklæringsskjema for tuberkulose og MRSA før praksis. Sjå meir informasjon her: Infoskriv om BCG og MRSA

 FoU-basering:

Det er eit mål at studentene skal utvikle analytisk og kritisk reflekterande tenkning samt evne til sjølvstendige vurderingar. For å nå målet legg utdanninga opp til forskningsbasert undervisning. Det innebærer at undervisningen skal avspeile ein forskningsmessig måte å nærme seg problemstillingar og faglige temaer på. Fagtilsette som driv forskning og utviklingsarbeid (FoU) skal formidle si kunnskap til studentene, det gjeld både forskningstema, bruk av teori og forskningsmetode. De skal også rettleia studentar som arbeidar med bacheloroppgåver. All undervisning skal, om mulig, byggje på ny forskning og studenten skal sjølv lære å søkje ny relevant forskningslitteratur og bruke forskningsbasert kunnskap i sine arbeider.

 

Studentene skal lære vitenskaplig metode og anvende denne både i oppgåver gjennom studiet og i bacheloroppgåva. Dei skal reflektere, vurdere og argumentere for valg på basis av forskningslitteratur og/eller systematiserte erfaringar. Studenten skal og gjera rede for etiske betraktningar og betenkningar i oppgåver/prosjekter. For å få erfaring med korleis sjukepleiepraksis kan forbetras, skal rettleiing i studentgrupper fokusere på forbedringsmuligheter i praksisfeltet. I tillegg skal studentene lære å søkje og anvende forskning for å belyse praktiske problemstillingar og bidra til forbetring av praksis. Ei aktuell metode er at studenten deltek i utviklingsprosjekt i definerte praksisperiodar.

Vurderingsformer

Vurderingsformene har to føremål. Dei skal gi studentane tilbakemelding på kor dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring, samstundes som dei skal fortelje noko om studentane sitt læringsresultat.

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i dei enkelte emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vere i form av skriftleg skoleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen eller mappevurdering. Eit emne kan også ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer blir kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappevurdering. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver som ikkje tel på karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. 

Resultatet av eksamen blir ført på vitnemålet som godkjent/ikkje godkjent eller med bokstavkarakterar, frå A til F, der F er stryk (sjå eksamensforskrift og UHRs karakterbeskrivelse). I teoretiske studiar får studenten fortløpande vurdering i form av tilbakemelding på arbeidskrav og resultat av passeringstestar. Vurdering av rettleia praksis blir gjennomført i trekantsamtaler (eller inntil fire der det er studentansvarleg sjukepleiar) mellom studenten, høgskolen sin fagtilsette og sjukepleiar med rettleiingsansvar. Vurderingsresultatet blir dokumentert i eigne skjema for midtvurdering og sluttvurdering. Praksis blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Meir informasjon om praksisvurdering finst i læreplan for praktiske studier. Informasjon om vurderingsordningane går fram av emneplanane og blir gjennomgått av emneansvarleg/årskoordinator ved semesterstart. Sjå elles Høgskolens eksamensforskrift for nærare detaljer. Det er progresjonskrav gjennom sjukepleiarstudiet. Det vil sei at eit emne eller studiekrav i eit semester må vere godkjent eller bestått for å kunne fortsetje i studiet. Oversikt over vilkår for å bli vurdert og gå vidare i bachelorstudiet i sjukepleie ved HVL avd Stord og Haugesund kan lastast ned i skjemaformat her.

Internasjonalisering

Sjukepleiarutdanninga prøver å stimulere studentane til interesse for globale helseproblem. Studentar som ynskjer det får derfor høve til å studere deler av sjukepleiarstudiet i utlandet. Det er viktig at studentane får de nødvendige kunnskaper og ferdigheter dei treng for å møte pasientar frå ulike kulturar. Vår studieplan inneheld derfor tema innan global helse.

I forkant av utreiser arrangeres seminar for å førebu studentane på kva dei kan møte. Studieplanen fyller krav til EØS-direktiver for sjukepleiarutdanninga, slik at studenten har mulighet for å bli godkjent i eit europeisk arbeidsmarked etter endt utdanning.

I sjukepleiarutdanninga er det aktuelt med internasjonalisering i praksisstudiet i heile eller deler av 5. semester. Me har samarbeidsavtalar i mange land. Praksisen i utlandet blir godkjent som del av studiet ved HVL studiested Stord og Haugesund. Føresetnaden for å kunne reise ut i internasjonal praksis er at studenten har fulgt normert studieprogresjon og bestått alle eksamenar til og med praksis 2, på våren i 4. semester. I tillegg legg me til rette for at utanlandske studentar kan ta deler av utdanninga si ved HVL. Du kan lese meir om HVL studiestad Stord og Haugesunds utvekslingstilbud her

Det tilbys forelesninger med gjesteforelesarar fra samarbeidande institusjonar, og fra personal som driv med internasjonalt samarbeid.