Hopp til innhald

Studieplan - Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og flerspråklege elevgrupper

Hausten 2023

Består av emnene YFL814 og YFL815

Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å vidareutvikla yrkesfaglærarar sin kompetanse i interkulturell og normkritisk pedagogikk og yrkesdidaktikk i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper.

Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisningspraksis og fagområde gjennom utprøving av og refleksjon kring metodar og arbeidsmåtar som fremjar læring og oppleving av samanheng i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og bevisstgjering i profesjonsfellesskapet på skulen til deltakarane.

Læringsutbytte

Se emneplan

Innhald

YFL814:

Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å bevisstgjere og styrke yrkesfaglærarar sin kompetanse i pedagogikk og yrkesdidaktikk med særskilt fokus på tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper.

Studiet vektlegge kunnskap om korleis fremje læring og språkleg identitet gjennom kommunikasjon, relasjonskompetanse og elevmedverknad. Studiet tematiserer korleis varierte arbeidsmåtar, bruk av ulike ressursar, særleg digitale ressursar, og ulike læringsarenaer kan fremje motivasjon, meistring og engasjement for fleirspråklege elevar.

Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisningspraksis og fagområde gjennom utprøving av og refleksjon kring metodar og arbeidsmåtar som fremjar læring og oppleving av samanheng i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og bevisstgjering i profesjonsfellesskapet på skulen til deltakarane.

YFL815:

Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å vidareutvikla yrkesfaglærarar sin kompetanse i interkulturell og normkritisk pedagogikk og yrkesdidaktikk i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper.

Mangfald i vid betydning, og som ressurs for læring og utvikling, vil liggje til grunn for refleksjonar kring pedagogiske og yrkesdidaktiske utfordringar for å fremje lærelyst og oppleving av samanheng i mangfaldige elevgrupper. Det blir lagt vekt på tolking av dei tverrfagliga temaa i LK20, samarbeidslæring og praksisrelevant mangfaldskompetanse. Gjennom studiet er det ei målsetjing at studentane skal utvikle kritisk refleksjon og økt innsikt i eigne forståingsmåtar og emosjonelle komfortsonar for å skape en tryggare grunn for læringsarbeid i mangfaldige elevgrupper. Målet er å fange opp etablerte maktkritiske perspektiv og få økt medvit om elevane sine ulike utdanningserfaringar i møte med den norske fag- og yrkesopplæringa, for å kunne skape gode meistringsarenaer som fremjar oppleving av samanheng, yrkesidentitet og yrkesprofesjonalitet i deira framtida arbeidssituasjon.

Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisningspraksis og fagområde gjennom utprøving av og refleksjon kring metodar og arbeidsmåtar som fremjar læring og tilhøyrsle i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper på yrkesfaglege program og på ulike læringsarenaer i fag- og yrkesopplæringa.

Undervisninga er vel integrert i læreplanen sitt verdigrunnlag, prinsipp for læring, grunnleggjande ferdigheiter, utvikling og danning og dei tverrfaglege tema. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og normkritisk bevisstgjering på skulen til deltakarane.

Praksis

Nei

Arbeidsformer

  1. Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling ein og to.
  2. Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.

Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbyte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsformer

YFL814:

Munnleg eksamen i gruppe.

Dette gjennomførast med utgangspunkt i teori og nye erfaringa frå utprøvingar av metodar og verktøy i sin undervisningspraksis.

Karakter: Bestått/ikkje bestått

Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

YFL815:

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i teori og nye erfaringa frå utprøvingar av metodar og verktøy i sin undervisningspraksis. Karakter: Bestått/ikkje bestått

Vert organisert som eksamenskonferanse. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet. Eksamen er open for kollegium og skuleleiing, samarbeidspartnarar frå næringslivet, representantar frå skuleeigar og PPU-studentar.

Internasjonalisering

Nei