Jente i arbeidsklær og vernebriller med verktøy med mennesker i bakgrunnen

Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper | Yrkesfaglærerløftet

Vidareutdanning på bachelornivå

Jobbar du med yrkesopplæring i vidaregåande skule og ynskjer å vidareutvikle din kompetanse for å møte mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper? Dette studiet vektlegg kunnskap om korleis fremja læring og elevmedverknad, med særskilt fokus på tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærerutdanning. Søkere må være ansatt i og ha undervisningspraksis i videregående opplæring knyttet til yrkesfaglig utdanningsprogram.

    Studietypenummer: 8705

    Hvordan søke:

    • Logg inn i Søknadsweb
    • Velg opptak "Lærer, barnehage og tolking"
    • Så velger du "Yrkesfaglærerløftet høst 2025"
    • Velg studiet du vil søke på fra listen (se studietypenummer over).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
    • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Meir om søknadsprosessen

    Rangering:

    Søkere som har fått innvilget frikjøpsordning fra Udir, prioriteres i opptaket

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterer, og det blir gitt tilleggspoeng for høyere utdanning utover det som inngår i opptakskravet. 

    Informasjon om utregning av poeng

    Kvifor studere tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper?

    Norsk skule har som mål å være ein inkluderande skule med tilpassa opplæring for alle. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle. 

    Ved å studere dette emnet vil du vidareutvikle din kompetanse i å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper. Vi vil ha fokus på å leggje til rette for meiningsskaping, inkludering og lærelyst.

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du:

    • lære om varierte metodar, arbeidsmåtar og digitale ressursar som fremjar læring i fleirspråklege elevgrupper på yrkesfaglege program. 
    • auke ditt medvit om korleis tilpasse undervisninga på yrkesfagfaglege program til elevar med ulik bakgrunn og ulike ferdigheiter i norsk
    • kritisk granske eigen relasjonskompetanse og di evne til anerkjenning og forståing av sårbarheit i sosial utvikling og læring i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper
    • inspirere til kunnskapsdeling, nytenking og bevisstgjering i profesjonsfellesskapet på din skule

    Målgruppe

    Dette emnet er for deg som er yrkesfaglærar og jobbar med yrkesopplæring i vidaregåande skule.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er delvis nettbasert med tre to-dagars samlingar, ei digital og to på campus Bergen. Det er lagt opp til studentaktive arbeids- og læringsformer. Innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og ressursar for fleirspråklege elevgrupper.  

    Studiet har to emner på 15 studiepoeng, ett hvert semester:
    Les emnebeskrivelsene for YFL814/Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 1) og YFL815 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 2)

    Samlingar

    Haust 2025
    Samlingane vil vere frå kl 09.15-15 kvar samlingsdato.
    • 17. - 18. september (campus Bergen)
    • 22. - 23. oktober (campus Bergen)
    • 19. – 20. november (digital)
    Eksamen: 3. - 4. desember (campus Bergen)
     
    Vår 2026
    • 14. – 15. januar (på campus Bergen)
    • 4. – 5. mars (digital)
    • 8. – 9. april (på campus Bergen)
    Eksamen: 29. – 30. april (campus Bergen)
     
     
     

    Tilrådde forkunnskapar

    Det er inga tilrådde forkunnskapar, men innhald og arbeidsmåtar tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis

    Pensum

    Grunnlitteratur

    Bergersen, A. (2016) Kultursensitive læringsformer – økt bevissthet gjennom tverrkulturell kompetanse? I: Solbue, Vibeke & Bakken, Yvonne: Mangfold i skolen. Fagbokforlaget. (20 sider)

    Bergersen, A. (2017). Global forståelse.  Barnehagelæreren som kulturell brobygger. Fagbokforlaget. Kapittel 1, 2, 6 og 7.

    Hofslundsengen, Hilde (2011). Minoritetsspråklige elever i skolen. Spesialpedagogikk. 2011:4

    Monsen, M. & Randen, G. T. (2022). Andrespråksdidaktikk – en innføring (2. utg.). Cappelen Damm
    Akademisk.

    Røthing, Å. (2017). Mangfoldskompetanse. Perspektiver på undervisning i yrkesfag. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

     

    Fullstendig pensumliste blir publisert ved studiestart

     

     

    Eksamensform

    Munnleg eksamen i gruppe, organisert som eksamenskonferanse.

     

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) sin satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søkje må du avklare med din rektor om du kan delta. Du søkjer vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs