Hopp til innhald

Studieplan - Vurderingspraksis og læreplanforståelse

Hausten 2025

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på formativ vurdering i undervegsvurdering, utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.

Tilbodet er forankra i Opplæringslova og forskrifter, læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) , og strategien Yrkesfaglærarløftet.

Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar på campus og ein nettbasert samling pr. semester.