Yrkesretting av programfag og fellesfag

På studiet vil du lære om korleis du kan styrke elevane sin motivasjon og gjere yrkesopplæringa på Vg1 og breie Vg2 meir praksisnær, gjennom å yrkesrette program- og fellesfaga. Du vil òg arbeide med ulike tilnærmingar til korleis yrkesfag- og fellesfaglærarar kan etablera gode samarbeidsarenaer, for å sikra elevane relevant yrkesopplæring.

Studiet handlar også om korleis yrkesfag- og fellesfaglærarar kan etablera gode samarbeidsarenaer, for å sikra elevane relevant yrkesopplæring. Du får innføring i prinsipp og metodar for yrkesretting av programfag og fellesfag i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og undervisningspraksis og vere praksisnært. Samstundes er det eit mål at studentane gjennom erfaring frå mellomliggande arbeid og kunnskapsdeling kan bidra til nytenking og innovasjon på eigen arbeidsplass /eigen skule.

Sentrale tema er læreplanforståing i eit yrkesfokus, motivasjon, elevmedverknad og samhandling mellom lærarar på tvers av skulefag. Det blir lagt vekt på utprøving av metodar for yrkesretting mellom samlingane. Fagfornyinga og Overordna del av læreplanverket vil liggje til grunn for arbeidet i studiet.

Gjennom studiet får du:

  • analysere og reflektere kritisk over eigen praksis i fag- og yrkesopplæringa
  • prøva ut yrkesretting for å involvera og motivera elevar på yrkesfaglege Vg1 og Vg2
  • leggje til rette for eit interessedifferensiert opplæring i ei mangfaldig elevgruppe
  • vere nytenkande og innovativ i læringsarbeidet for å styrka elevane sin motivasjon
  • samhandle med kollegaer på tvers av fag
  • prøve ut relevante rettleiingsmetodar for å fremja lærings- og meistringskompetanse i eiga elevgruppe
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og kritisk reflektera rundt eiga undervisning og metodar for yrkesretting og elevmedverknad
  • arbeid med yrkesretting av djupnelæring og tverrfaglege tema
  • lære om etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Studiet er ein del av Utdanningsdirektoratet si satsing Yrkesfaglærarløftet.

Undervisningsmåtar

Vidareutdanninga er delvis nettbasert med to samlingar på campus Sogndal og ei nettbasert samling.

Vi har førelesingar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar med utgangspunkt i erfaringar frå mellomliggande arbeid; utprøving i eigen klasse mellom samlingane. Fagfornyinga blir integrert i studiet gjennom fokusområdet djupnelæring i yrkesfag med utgangspunkt i yrkesretting, elevmedverknad og samhandling mellom programfag- og fellesfaglærarar.

Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer som studentane kan bruke med sine elevar, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Tidspunkt for munnleg eksamen blir fastsett i samråd med skuleleiinga og studentane.

Samlingar

Samlingar for deg som tek kurset våren 2022: Måndag og tysdag i veke 1, 6 og 12.